(Ikkje så alvorsamt) Me skal heva ei kritisk røyst i dag, langa ut ein harmdirrande knyttneve og verkeleg gripa tak i noko alvorsamt. Jau, då. Det gjeld altså Eidfjord fjell & fjord Hotel, som jo har “sutalaust & kjekt” som slagord. Som austlending er eg jo ikkje så godt kjend og ville ta turen ut for å finna dette sutalause hotellet (sjå biletet over) Eg venta meg sjølvsagt mykje, men eg skal seia eg vart vonbroten og overraska då eg omsider fann hotellet ute ved Erdal. Eg trudde eigentleg det låg inne i sentrum, men nei då. Her fann eg dei kjekke og sutalause lokalitetane klemt mellom køyrebanen og fjorden. Fyrst og fremst var no hotellet særs lite og stusseleg, men det store blå skiltet tala sitt tydelege språk; Eidfjord fjell og fjord Hotel – sutalaust & kjekt.
Mi ærlege meining er at hotellet var eit tarveleg syn. Kan ein eigentleg kalla slikt eit hotell. I andre høgda var det eit vindauga utan glas, og huset verka svært luftig og lite vedlikehalde. Døra var dessutan noko øydelagt, og ikkje var det folk å sjå på plassen. Nei, noko slikt kan no ikke vertskapet vedkjenna seg. Lenge trudde eg at det måtte vera feil plass eg var komen til, men skiltet heng no der og avfeiar all tvil.
Veit ikke om fleire bygdefolk har stussa over dette, men hermed vil eg få seia frå om at eg personleg ikkje var særleg nøgd med det eg såg av hotellet. Inn kom eg ikkje, for døra var låst.
Sutalaust og kjekt? Vil no ikkje seia det, nei!
Foto: Lars
(Sutalaust og kjekt – tillegg. Ja, som den observante, tenksame lesar vil ha skjønt, så var teksten ovanfor eit lite forsøk på å vera litt “morosam” og skreve som om hotellet verkelg låg i det gamle skuret ved riksvegen ute ved Erdal. Men slik er det jo ikkje. Eidfjord fjell & fjord Hotel ligg sjølvsagt på Lægreid og er eit frammifrå hyggeleg hotell med den strålande husfrua, Borghild, som alltid venleg og gjestfritt tek i mot. Me kan vel kort og godt beskrive det heile med tre ord: “sutalaust og kjekt”.)