Om EidfjordBloggen

 

Gode lesar

EidfjordBloggen er her. Eg vonar han kan vera interessant for kulturinteresserte i Eidfjord og dessutan bygdevener som bur andre plassar. Det vert mange tilbakeblikk på kommunens spanande kulturhistorie, men eg vil også freista å nemna dagsaktuelle kulturarrangement og visa fram aktuelle stemningsbilete frå den vakre og spektakulære bygda vår.

  • Tilbakeblikk   –  Kulturhistoriske blikk på fortida
  • Stemningar  –  Dagsaktuelle stemningsbilete
  • Kar hen?  –  Quiz. Kvar helst er biletet teke?
  • Kven er dette?  –  Bilete med ukjende personar
  • Ka skjer?  –  Om dagsaktuelle kulturarrangement
  • Ikkje so alvorsamt – Ein spøkefull kommentar
  • Mi hjartans meining – Eit alvorsord

 

Om dei fem sidene i menyen, som du finn øvst på EidfjordBloggen:

På menyen øvst på sida kan du sjå at EidfjordBloggen har fem sider. Ein har sjølve nyhendesida, som du no les på (Heim), og ei side som fortel om oppbygginga av bloggen (Om Bloggen). Dessutan finn du ei side der eg fortel noko om tilhøvet mellom Eidfjord-kulturen og meg sjølv. Den fjerde sida (Eidfjord Amfi?) gjeld eit forslag eg har, om at kommunen greier ut om det vil vera mogeleg å laga til eit uteamfi. Dette brevet vert sendt kommunen i mai 2012. Eg trur eit uteamfi ville verta til stor glede for bygdefolket. Du kan lesa meir om forslaget i brevet, som altså ligg på ei eiga side. Den femte sida heiter “Mi hjartans meining”.

Det er høve til å kommentera innlegga og bileta.

Foto ovanfor: Fotografen er ukjend.

Lars

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *