Ho bar sin hatt som ho sjølv ville

Målaktivisten og nynorskforleggjaren ‘Annetta Garathun

Eg har diverre aldri møtt Annetta Garathun, for ho døydde lenge før eg vart fødd. Truleg har difor både eg og andre gått glipp av mykje, for systera til oldemor i Eidfjord var nok ei spesiell dame og ein personlegdom som sette preg på samtida si – ja, både i kvardagslivet og i det offentlege.

Det var målsaka og kjærleiken til nynorsk litteratur som skulle koma til å stå i sentrum i det lange og spanande livet hennar, men Eidfjord og Hardanger hadde òg ein stor plass i hjarta til Annetta; eit hjarta som inneheldt mykje varme og kjærleik og som slo til ho vart nær 94 år. Men lat meg fyrst fortelja litt om dei fyrste åra hennar.

Annetta Garathun vart fødd i 1856 på den vesle garden Skorge i Grytten i Romsdal, men eg tek meg likevel den retten å kalla henne eidfjording, for det var i stor grad heimbygda til foreldra, Eidfjord, ho kjende seg nær.  Mora og faren, Marta og Ola og Garathun, hadde flytta frå Øvre Eidfjord til Romsdal kring 1849, og dei var nok inspirerte av at mange hardingar på denne tida hadde vore på Nord-Vestlandet på sumarfiske, og dermed gjorde garatunane romsdalingar av seg – for ei stund. Kring 1859/-60 kjøpte familien ein større gard på Vågstranda på sørsida av Romsdalsfjorden og budde på Kjølset-garden fram til 1875.

Marta og Ola  fekk seks jenter, og i Eidfjord vart dei stundom kalla »dei vakre Garathun-systrene» (Kjølset-systrene). Berre den eldste av dei, Marit, vart fødd i Eidfjord medan dei fem yngste, Anna, Olina, Annetta, Maria og Helena, kom til verda i den nye tida i Romsdal. To av dei busette seg seinare i Eidfjord, der Anna gifte seg med Ola Lægreid og Maria med Ola Garen, og desse har mange etterkomarar. Marit flytte til Kristiania, Olina vart gift til Bakke-garden i Uvdal medan yngstejenta, Helena, døydde berre fem år gamal.

Då foreldra i 1875 vende heim til Hardanger, var den sjølvstendige Annetta Garathun 19 år og drog difor til Danmark for å gå på den vidgjetne Askov Højskole.  Nettopp denne tida på folkehøgskulen sette nok sterkt preg på den unge, forvitne dama, for her fekk ho læra mykje, treffa interessante menneske og her la ho nok grunnlaget for yrkeskarrieren sin.

Etter tida i Danmark var ho frå 1877 på Torp-skulen på Elverum, som var ein form for friskule utanfor det vanlege skulemønsteret. Venteleg var det her ho fekk lærarutdanninga si, og sidan underviste ho ved skulen òg. Knut L. Måge skreiv i 1972 i tidsskriftet «Hardanger» at det truleg var her i det radikale skulemiljøet «ho fekk bokormen i seg».

Annetta Garathun forlét Elverum i 1883,  var deretter ei tid i Eidfjord, og eitt år var ho lærar i Stangvik på Nordmøre. Truleg busette ho seg i Kristiania på slutten av 1880-talet og arbeidde kring 1891 ei tid som lærar, før ho tok til å arbeida i forlaget til Søren Mittet, ein mann ho nok kjende frå tida i Veøy i Romsdal. Annetta hadde fått interesse for boksal og forlagsverksemd, og no fekk ho læretida si.

Annetta Garathun og Magnus Hydle frå Ulvik

I 1894 gjekk ho i kompaniskap med Magnus Hydle, som ho kjende frå Ulvik, i nynorskforlaget Hydle & Co, men allereie året etter stod Annetta åleine med forlaget. Ho etablerte då firmaet under nytt namn, A. Garathuns Forlagsbokhandel, i Grubbegata 2, i bygget der ein frå 1903 også finn Stortorgets Gjæstgiveri, og dreiv sjølv forlaget fram til 1899. Mellom anna hadde ho då ekspedisjonen av «Syn og Segn» for Det Norske Samlaget.  Alt tilseier at lokalet i Grubbegata tente som både bokhandel og forlagsverksemd, og staden skal ha vore ein samlingsplass for mange hardingar i hovudstaden. Her skal ho ha hatt hjelp av mellom andre stortingsstenografen Jon Måkestad frå Nå og Guro Meland, meinte Knut L. Måge.

Annetta Garathun ivra for målsaka, og det var difor nynorskbøker ho ville gje ut. På denne tida var ho  forleggjaren til Per Sivle, som òg hadde gått på Askov Højskole, og gav ut fleire av bøkene hans. Den aller fyrste skal ha vore «Nye Vossa-Stubbar» (1894), og seinare kom «Bersøglis- og andre Viser» (1895). I åra frå 1894 til 1896 gav Annetta ut heile åtte landsmålsbøker. Blant desse var også Kari Liti (1895) av Brita Bjørgum, som skal ha vore den fyrste lengre forteljinga som ei kvinne skreiv på landsmål. Desse bøkene kom ut kring 1894/-95,  medan «Vaar viseskat – Nordens humoristiske viser og digte i udvalg» og «Praktisk formularbog – en haandbog for hver mand» vart utgjevne i 1896.

I 1899 gjekk ho saman med musikaren og stortingsstenografen Michael Flagstad frå Kongsberg i eit nytt forlag, Flagstad & Garathun, som dei truleg dreiv – meir eller mindre – fram til 1902. Annetta vart nær ven med Flagstad-familien, og dottera deira var den kjende operasongarinna Kirsten Flagstad.  Ein lyt nemna at nettopp 1899 var eit svært vanskeleg år økonomisk i hovudstaden, for då skjedde det såkalla Kristiania-krakket, som skapte uvanleg vanskelege økonomiske tilhøve, men Annetta Garathun var neppe den som gav opp så lett.

Då forlaget i 1902 vart selt til L. E. Tvedte og seinare til C. Sarheim, dreiv Annetta i mange år arbeidet der, truleg til kring 1912. Deretter arbeidde ho i alle fall frå 1913 som annonsesjef i vekemagasinet Vor Tid, før ho avslutta den aktive yrkeskarrieren i bladet URD, som var eit av dei fyrste kulturbaserte og delvis politiske blada for kvinner.

Annetta skulle få eit langt liv i hovudstaden, som på den tida hadde namnet Kristiania, og ho budde mellom anna i Munchs gate 9 (kring 1890), i Ullevålsveien 61 (kring 1900), i Calmeyers gate 9 (1894) og i Sorgenfrigata 37 (kring 1910), før ho dei siste åra i livet budde i Jarveien 16 i Bærum saman med systerdottera. Men trass i mange år i hovudstaden, var det plassen ho heldt som heimbygda, Eidfjord, som lokka kvar einaste ferie. Når sumaren kom, reiste ho «heim»; over fjellet til hardangerbygda, og vitja slektningar og vener i Eidfjord, og ho kjende nok at det var her ho hadde røtene sine. For sjølv om ho vaks opp i Grytten og Veøy, hadde ho i romsdalstida i alle år jamleg vore med familien heim til Hardanger, og dermed fekk ho allereie i barneåra  verta kjend med både den  vakre bygda og slekta i Eidfjord.

Annetta Garathun vart ikkje gift, og kanskje er det treffande når Ågot Miriam Alnes Orvik i ein artikkel om henne skriv: «kanskje var ho for sterk og sjølvstendig til det både i ord og gjerning». Sjølv om Annetta ikkje vart gift eller fekk barn, vitnar alt om at ho hadde ein stor omgangskrins av slekt og vener, som ho heldt nær kontakt med. Eg har fått høyra ein del om Annetta frå den kjære faster mi, Maria (Majen) Øveraas (1919–2017),  for Majen var dotterdotter til Annettas syster, Maria Garen, og faster og Annetta hadde mykje kontakt. Majen, som vaks opp i Drammen, fortalde om ei festleg og interessant dame som var eit oppkome av humor, historier og kunnskap. Når Annetta Garathun kom på vitjing frå hovudstaden, hadde ho interesse for store og små i slekta, og det fylgde mykje moro med henne, fortalde faster. Annetta kunne så mykje, hadde vore ein del ute og reist, og var i det heile ei kunnskapsrik kvinne.

Då den aktive yrkeskarrieren var avslutta, flytte Annetta til systerdottera si, Mette Lereim, på Jar i Bærum. Då faster skulle ta utdanning i Oslo i 1938, budde ho hjå slektningane på Jar, ja, ho fekk jamvel bu på same rom som Annetta, og dei to fekk då serleg god kontakt. På denne tida var Annetta 82 år, men kom svært godt overeins med den då 18 år gamle faster mi. Mellom anna fortalde Majen at Annetta då batt inn bøker heime på rommet i Jarvegen 16, så forleggjaren var verksam opp i høg alder.

Faster har også fortalt at Annetta gjerne starta dagen med ein liten genever-knert, og klokka ni på sundagane kom hushalderska inn på rommet deira med eit brett kaffi og vørterkake med geitost. Så brukte ho å fortelja om minna frå oppveksten på Kjølset-garden i Romsdal og «heimbygda» i Hardanger. Då sa ho ofte på det sjarmerande viset sitt; «Ja Kjølset-jentene var no vakre, då, veit du, ja unntaka meg, då. Men, eg har no klart meg godt, då.»

Annettas vitjing i Eidfjord var nok ei oppleving – og kanskje gagnleg for bygdefolket òg –, for det var ei særeigen og stram dame som kom til vestlandsbygda med hatt og slips, og som nok gjorde stort inntrykk på dei fastbuande med dei særmerkte bykleda og framferda si.  Enno finst det folk som minnest at ho kom til bygda, så Annetta Garathun var ei kvinne som vart lagt merke til. Ja, lat det ikkje vera tvil om at «ho bar sin hatt som ho ville.», som Knut L. Måge omtala Annetta  i det nemnde «Hardanger» frå 1972. Han skreiv også: «Annetta Garathun var ei dyktig kvinne. Ho hadde mange interesser, mykje kunnskapar og dertil styringsevne. Sjølvstendig var ho i meiningar og hadde svært gjerne hug på ein debatt.»

I boka om norske forleggjarar gjennom 100 år er Annetta nemnd fleire gonger. Det står mellom anna  « … opptrådte for første gang en ugift kvinne som forlegger. Annetta Garathun fra Hardanger våget å utgi skjønnlitteratur på landsmål med Kristiania som base.» Det går òg fram at mange forlag braut saman etter det nemnte Kristiania-krakket, mellom andre også forlagsbokhandelen til Annetta Garathun, men om dette er heilt riktig, veit eg ikkje. Noko må i alle høve ha vore att av verdi sidan ho kunne selja føretaket i 1902.

Serleg blant målfolk og andre spesielt interesserte har Annetta Garathun i dag eit namn – og burde kanskje hatt eit mykje større namn  – som ein av dei fyrste som arbeidde ihuga for målsaka, nynorsklitteraturen og kvinnesaka. Så lyt me også hugsa på at ho kom seg fram i ei tid då kvinner enno ikkje hadde allmenn stemmerett (det fekk dei fullt ut fyrst i 1913), og få kvinner tok del i det offentlege livet. Ifylgje boka til Ottar Grepstad, Viljen til språk, var Annetta Garathun Noregs fyrste kvinnelege forleggjar av nynorsk litteratur, kvinnesaksforkjempar, lærar og «målkvinne». Det vert i våre dagar støtt snakka om at både den eine og den andre er ei «sterk kvinne», men i høvet Annetta Garathun, trur eg verkeleg det er dei rette orda.

Eli Bjørhusdal skreiv i 2006 ein svært interessant artikkel på sprogradet.no, «Kvinner i det sentrale målmiljøet før 1906», og ho gjev Annetta Garathun ei sentral rolle. Mellom anna går det fram at 137 målfolk i 1906 var samla i Turnhallen i Oslo for å skipa Norigs Maallag. Berre seks av dei var kvinner, og éi av dei var Annetta Garathun. Bjørhusdal skreiv: «Mindre kjent er det at denne målkvinneeliten òg drog i gang ein norskdomssalong i 1900, Oslo Gilde, som vart ein viktig møteplass for sentrale delar av den norske venstreeliten kring unionsoppløysinga. Oslo Gilde var langt på veg organisert og styrd av kvinner i og kring målrørsla.»

Annetta Garathun var òg ein del av miljøet kring målavisa Den 17de Mai og tok del i fleire store tiltak, som Bjørhusdal òg skreiv om: «Nokre år før skipinga av Oslo Gilde sette Den 17de Mai-miljøet i gang eit tiltak som skulle vise seg å bli avgjerande i oppbygginga av den organiserte målrørsla. Den norske marknaden (målmarknaden) i 1898 vart den fyrste store mønstringa av norsk folkekultur i hovudstaden. Føremålet var å samle inn pengar til landsmålsfondet Målkassa. Eit år i førevegen vart målfolk over heile landet sett i sving med å samle inn pengar, og då det endeleg braka laus på Tivoli-området i september 1898, fekk hovudstadspublikummet oppleve ridande opptog, felespel, bunadframsyning og amatørteater, kafear med norsk bondekost, dans, tombola og lutspel av alle slag. Nasjonale profilar som Arne Garborg, Fridtjof Nansen og Jørgen Løvland tala, og Hulda Garborg stod for teateroppsetjingane.»

 

I Arbeidsnemnda for «Den norske marknaden» sat altså Annetta Garathun. Namnet hennar er òg nemnt fyrst i rekkja i ein annonse i Dagbladet i august 1898, der det mellom anna står: «Formaalet er at vække interessen for vår nationale kultur».

 

Dei store inntektene frå Målmarknaden skapte stor aktivitet, mange lokale mållag og ungdomslag såg dagsens ljos rundt i landet, og mellom anna vart Bondeungdomslaget (BUL) i Kristiania starta i 1899. Pengane var viktig for å finansiera målreisinga frå starten av 1900-talet og leggja grunnsteinen for nynorsk skriftkultur, fortalte Bjørhusdal. I avisa Den 17de Mai for 8. mai 1920 går det fram at Annetta òg var skrivar for Hardinglaget i Kristiania, og ein må tru ho var med her i ei årrekkje, truleg frå starten i 1914.

Informasjonene som Bjørhusdal gjev, er viktige for å sjå at Annetta Garathun var ein viktig medspelar  når det galdt både målsaka, nynorsklitteraturen og kvinnesaka. Ja, ho sette gode spor etter seg, Annetta Garathun – og ikkje minst – ho bar sin hatt som ho sjølv ville.

15. mai 1950 døydde Annetta, nær 94 år gamal, og laurdag 20. mai kl. 12 tok ein avskil med henne i Det Gamle Krematorium. I annonsen i Aftenposten stod det fylgjande: «Vår kjære gamle tante Annetta Garathun døde stille i dag. Jar 15. mai. På familiens vegne Mette Lereim.»

Etter bisetjinga vart ho gravlagd på Vår Frelses gravlund i Oslo, der gravsteinen hennar er verna.

Publisert av Admin.

Gjertrudvennene er en forening under opparbeiding. Det skjer i Norge at en avdød ikke har verken pårørende eller venner ved livets ende, og da blir det kommunal gravferd.. Det er en meget trist situasjon når kapellet står tomt under seremonien. Vi - Gjertrudvennene - vil forsøke å være til stede i slike begravelser/bisettelser. Vi vil være medmennesker og venner. Vi trenger støttespillere over hele landet. Se vår nettside for nærmere informasjon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *