Eidfjord Amfi?

Eidfjord, 5. mai 2012

Ope brev til:

Kultursjef Kari Vambheim, Eidfjord kommunestyre, rådmann Aud Lygre, ordførar Anved Johan Tveit, Høgres partigruppe, Arbeidarpartiets partigruppe, Senterpartiets partigruppe, Venstres partigruppe, Bygdelistas gruppe, Eidfjord Utvikling og Destinasjon Eidfjord.

 

Forslag om “Eidfjord Amfi”

Eg vil leggja fram forslag om at kommunen set ned ei arbeidsgruppe som kan greia ut om det vil vera mogeleg å få til eit uteamfi i bygda. Det finst fleire slike rundt i landet, som vert nytta til små og store førestellingar. Eg meiner at bygda manglar ein stad for slike arrangement. Me har jo fleire gode alternativ  innandørs, men ikkje ute.

Utearrangement er noko heilt spesielt, noko vêravhengig riktignok, men på den andre sida skaper det å vera ute ein særleg atmosfære. Sjølv har eg mi største kulturoppleving frå ei nattleg operaforestelling i eit amfi i Verona, Italia. No gjekk dette føre seg i eit gamalt, romersk amfi, noko me i Eidfjord kan henda ikkje skal prøva å kopiera …  Men også når me tenkjer i mindre skala, trur eg mange har kjent på den fabelaktige stemninga som oppstår når ein er med på eit godt kulturarrangement ute, og då aller helst i eit amfi, der alle ser godt og kjem tett på scena.

Eit amfi kan lagast svært flott med benkar og framifrå scene og kan då kosta nokre kroner. Men me kan også sjå for oss ei mykje enklare og rimelegare løysning, der ein baserer seg på at folk sit på sjølve bakken, og at ein lagar ei noko enklare scene. Den lyt nok helst ha overbygg, men kan elles vera snikra saman nokså open og dermed tilpassa omgjevnadene. Det finst sjølvsagt mange løysingar.

Nokon vil kan henda tenkja på spelet om Rika-Ragna i denne samanheng, men eg tenkjer at spelet må haldast utanfor ein eventuell amfiplan. Ein veit ikkje om spelet kan visa seg levedyktig, og det er dessutan så stort at eg tykkjer det må leva sitt eige liv med eigne, store tribunar osv. Eg meiner difor ein skal tenkja seg eit ikkje altfor gigantisk amfi, men eit amfi som kan høva ved flest mogeleg mindre arrangement (som det er flest av), alt frå skulearrangement, artistbesøk og arrangement i regi av Kulturkontoret og andre.

Det finst ei rekkje potensielle spanande amfilokalitetar i Eidfjord kommune. Det er vel eigentleg få stader ein finn fleire nærast “ferdige” anlegg (bakkar/amfi frå naturens side) enn her i bygda, mellom anna eit nesten fiks ferdig amfi heilt på toppen ved ventilkammeret på Kjeåsen. Sjølvsagt lyt ein gå nokre rundar med grunneigarar her og der, men mykje skulle alt liggja til rette. Eit amfi vil gje kulturen i bygda nye moglegheiter. Har me eit slikt anlegg ståande, vil det verta smidig å skipa til små og store arrangement i Guds frie natur. Eg meiner å ha lese vakre ord i valprogramma i fjor om at alle parti i Eidfjord ville satsa på kulturarbeidet i kommunen, så difor vert det spanande å sjå kva dei ulike partigruppene vil meina om forslaget og kva svar dei gjev meg på brevet.

Venleg helsing frå ein kulturinteressert

Lars Hoel

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *