Ho bar sin hatt som ho sjølv ville

Målaktivisten og nynorskforleggjaren ‘Annetta Garathun Eg har diverre aldri møtt Annetta Garathun, for ho døydde lenge før eg vart fødd. Truleg har difor både eg og andre gått glipp av mykje, for systera til oldemor i Eidfjord var nok ei spesiell dame og ein personlegdom som sette preg på samtida si – ja, både i …

Informasjon om Nordavind-revyen på Samfunnshuset i Eidfjord:

      Fekk du med deg Austavind-revyen i 2013? Me trur han var ei triveleg oppleving for dei som var der, og no, heile fem år etter, er Eidfjord Teaterlag attende med ei ny førestilling. Faktisk er det også Teaterlagets 10-årsjubileum på våren i 2018, så me gratulerer oss sjølve! Kva ein har funne …

Romjulens underhaldning i 2017 på Bygdaheimen

26.12. Tysdag (2. dag)   Songstund med Linda Vestli 27.12. Onsdag (3. dag)    Gruppe frå Toneskredo 28.12. Torsdag (4. dag)   Seniordansen 29.12. Fredag (5. dag)   Torader og song Einar Nesheim, Johanna Nesheim og Johanna Håbrekke 31.12. Sundag (Nyttårsaftan) Trekkspelfest med «Laurdagsgutane»: Egil Johannessen og Reidar Eidnes   Kvar dag klokka 16.30 Velkomen til ei koseleg romjul …

Jubileum og gamaldansfest

Kjære eidfjordingar og godtfolk i nabobygder Laurdag 28. oktober vert det: Stor jubileumsfest med lunsjbuffet og gamaldans! Vert det betre, då? I høve av at Eidfjord Kulturkomité i haust feirar 10-årsjubileum, har me den store gleda av å invitera deg og dine til ein uformell festføremiddag på Quality Hotel Vøringfoss. Kulturkomitéen er fire privatpersonar, og …

Biletføredrag og film om pionerfotografen Knud Knudsen

Laurdag 21. januar kl. 12.00 i Kinosalen v/Quality Hotel Vøringfoss No i Kulturkomitéens tiårsjubileumsår har me gleda av å invitera deg til ein heilt spesiell kulturhistorisk kveld, der me får møta forfattaren og filmskaparen Lisbeth Dreyer. Ho vil fyrst fortelja oss om fotografen Knud Knudsen (1832-1915), og visa bilete på storskjerm, og deretter får me …

Kunstutstellinga “Glade Amatørar” i februar på Galleri N. Bergslien

Kunstutstellinga “Glade Amatørar” i februar på Galleri N. Bergslien Kulturkomitéen arrangerte i februar ei biletutstelling med to av bygdas lokale kunstnarar, Ragnhild Kleivkaas og Elsa Garatun. Offisiell opning av “Glade Amatørar” var torsdag 26. februar 2015 kl. 18.00, og utstellinga var open fram til sundag 1. mars. Elsa Garatun vaks opp i Øvre Eidfjord. Som …

Årsrapport 2014 for Kulturkomitéen

Årsrapport for Kulturkomiéen – 2014 Kulturkomitéen (KK) (Eldrekulturkomitéen) vart starta i 2007 av Gunnvor Hopen Veka og Lars Hoel. Intensjonen i arbeidet har vore å bidra til kulturell og sosial aktivitet for vaksne og eldre i bygda. Spesielt viktig er arbeidet med å bidra til små og store arrangement på Bygdaheimen. Vårt mål er at …

Kommunens avslag på Kulturkomiteens utstellingssøknad

Kulturkomitéen v/ Lars Hoel   Dykkar ref. Arkivsakid-doknr: 14/58-2 Saksh: Lisbeth Bygstad Celik Arkivkode Dato: Journalpostid: 14/924 Telefon: 53673543 K1-614, K2-C00 28.02.2014   Søknad om lån av N.B. Galleri 2014 Me visar til søknad frå Kulturkomiteen om lån av Galleri N.B til utstilling av maleri av Ragnhild Kleivkås og Elsa Garatun hausten 2014. Galleri N.B …

Søknaden til Eidfjord kommune om kunstutstelling

Eidfjord kommune v/ kultursjef Lisbeth Bygstad Celik Søknad om lån av gallerirommet på Galleri N. Bergslien hausten 2014 Eidfjord Kulturkomité vart starta i 2007 og arbeidar for å skapa kulturell- og sosial aktivitet og underhaldning i bygda. Komitéen er no i gong med å planleggja ei utstelling med to av kommunens biletekunstnare; Ragnhild Kleivkås og …

Invitasjon til PensjonistKafeen

“PensjonistKaféen” ONSDAG 29. JANUAR OG 26. FEBRUAR KLOKKA 12.00 Du er herved invitert av Kulturkomiteen i Eidfjord og Eidfjord Fjell & Fjord Hotel til “PensjonistKafeèn” – ein uformell treffstad med moglegheit for sosialt samkvem, lunsj og kaffe. Ein samlast klokka 12:00 i spisesalen og forsyner seg så mykje ein berre vil frå lunchbuffeten. Kring klokka …

Tankar kring gravferd og høvisk framferd

Eg var i gravferd i Indre Hardanger her ein dag. Ein som eg kjende godt, var død, og eg ville sjølvsagt vera med han på denne siste dagen. Han hadde levd eit langt og godt liv, men likevel var det vemodig at han no var borte. Ein gong vaks han opp i bygda, hadde spanande …

Strålande kulturoppleving i vente i Eidfjord

I samarbeid med Kulturkontoret og Eidfjord Fjell & Fjord Hotel arrangerer Kulturkomiteen stor Jakob Sande-kveld laurdag 19. oktober. Ein inviterer til ein real heilaftan med middag klokka 18 og førestelling klokka 19. (390 kr.) Det er musikaren Espen Kversøy og to andre musikarare som kjem til Eidfjord med førestellinga «Frå Sunnfjord til Rio». Eidfjord-kunstnaren Ragnhild …

No kjem AUSTAVINDen

“Ramp i kast no herjar fram, virvlar opp kvart minste gram, kostar inn i kvar ei krå, sparer ingen – kom og sjå!” (ka skjer?)  Desse visdomsorda er å sjå på revyplakaten for Austavind.  For austavinden er rampete. Han kastar seg ned, tørr og kald, virvlar opp, herjar med oss og sparer ingen. «Eidføren» kjenner …

Storfest på Samfunnshuset 7. oktober for å heidra våre eldste

Den store Eldredagen-feiringa sundag 7. oktober Snart arrangerer Eldrekulturkomitéen den store feiringa av Eldredagen på Samfunnshuset på Lægreid. Det heile startar klokka 15 og sluttar 17.45.  Me reknar med at dette skal verta ein flott dag for våre eldste, men sjølvsagt er det hyggeleg om heile familiar kjem. Kan henda er denne dagen eit fint …

Presentasjon av ulike Eidfjord-bøker

Ola Garen – Fjellmannen frå Sysendalen som bygde Fossli Hotel Boka vart utgjeven i 2005 og tek utgangspunkt i Ola Garen (1857-1915). Denne mannen gjorde vågestykket å setja opp eit hotell i øydemarka, altså mange år før det vart bygd veg opp Måbødalen. Boka fortel om Ola Garen og hotellets historie, men her finst også …

Velkomen

(velkomst) Denne bloggen kunne hatt fleire namn. LaurdagsBloggen kan henda? For ein vil  freista å koma med eit innlegg  kvar veke, og då gjerne på laurdagar.  Namnet skjemmer ingen, og vonleg vert bloggen, som er laga av Lars Hoel, til glede. Vel unnt!