Årsrapport 2014 for Kulturkomitéen

Årsrapport for Kulturkomiéen – 2014

Kulturkomitéen (KK) (Eldrekulturkomitéen) vart starta i 2007 av Gunnvor Hopen Veka og Lars Hoel. Intensjonen i arbeidet har vore å bidra til kulturell og sosial aktivitet for vaksne og eldre i bygda. Spesielt viktig er arbeidet med å bidra til små og store arrangement på Bygdaheimen. Vårt mål er at våre eldste skal få oppleva flest mogeleg av dei aktivitetane og arrangementa som me andre tek som sjølvsagt.

Eitt av tiltaka som KK organiserer, er Herreklubben (HK); ein uhøgtideleg treffstad for seniorar. Me samlast éin gong kvar månad. Alle som deltek, får eige invitasjonsbrev i posten før kvart einaste møte. Ein har treff i “Herrestovo” i Servicebustadene, men også andre plassar og på dagsturar.  På treffa samlast ein rundt kaffien og praten, medan det ofte vert eit underhaldningsinnslag den siste halvtimen.

HK vart starta av Lars Hoel i januar 2012. Klubben vert no leia av Hans Hellevang og Lars Hoel i fellesskap. I desember møtest karane til det 36. treffet sidan starten. Opp mot 13-14 karar samlast.

I 2014 har KK hatt kring 15 arrangement for våre eldste. Dette inkluderer programinnslag med til dømes Arne Mørch frå Hønefoss, Tor Henning Olsen frå Mjøndalen og Den Gode Melodi frå Nesodden (to gonger). Det har elles vore vist bilete og film.

I vinter arrangerte KK “Gamalfilmfestival” for andre gong i kinosalen, med Frede Olaussen som teknisk ansvarleg. Gamle filmsnuttar og bilete. Full sal.

I vår prøvde me i samarbeid med Eidfjord Hotel å arrangera ein månedleg treffdag for pensjonistar; PensjonistKaféen. Det vart lagt opp til seks kafédagar. Dette var tildels vellukka i starten, men KK har valt å ikkje fylgja opp dette i framtida.

27. september vart det arrangert gamaldansfest på grendahuset på Bu med betasuppe/rjomegraut/kaffi/eplekake/dans. Reidar Eidnes og Egil Johannessen spelte opp til dans. Tanken var å laga til ein laurdagsfest for dei som ikkje hadde opplevd det på nokre år. 

Jola 2013 arrangerte me romjulsunderhaldning på Bygdaheimen for fjerde jola på rad. Kvar dag klokka 16, åtte dagar i strekk, med start 1. joldag.  Alle underhaldarane stilte opp gratis og utan noka form for godtgjering. Stor takk til dei alle! Budsjett: 0.

I 2014 har det vore arbeidt med søknaden om å få arrangera kunstutstelling i Galleri N. Bergslien med dei to lokale kunstnarane Elsa Garatun og Ragnhild Kleivkås. Det har vore ein lang prosess for oss, men me er takksame for at eit samstemmig kommunestyre vedtok å opna for at også såkalla amatørar no kan få sleppa til vinterstid.

Difor vert det utstelling frå 26. februar til 1. mars 2015. Utstellinga “Glade amatørar” har offisiell opning torsdag 26. februar.

Styret i KK er Gunnvor Hopen Veka, Hans Hellevang og leiar Lars Hoel. I sjølve komitéen er også Ingebjørg Olsen og Johanna Håbrekke med.

KK er ei sjølvstendig gruppe som ikkje er registrert som eit lag. KK har difor ikkje eigen økonomi/konto. 

Ved sal av Lars Hoels fotobok om Eidfjord i 2007 kom det inn ein del penger via Lions, og seinare har også eit par andre arrangement gjeve overskot. Desse pengane står no på den såkalla fotobok-kontoen som er registrert hjå kommunen. Denne kontoen vert disponert av KK i samråd med Bygdaheimen. 

Denne ordninga har gjeve KK høve til å engasjera profesjonelle, omreisande bygdaheimsunderhaldarar. Dette er folk som lever av å underhalda på bygdaheimar og liknande, som me  lyt betala honorar. Når det gjeld alle andre; amatørar frå Eidfjord og tilfeldige profesjonelle artistar, så vil me alltid spørja om – og rekna med  – at dei opptrer gratis for våre eldste.

Kulturkomitéen har eiga Facebook-side (Kulturkomitéen), som me vonar du vil oppsøkja. Ein nyttar også bloggen “eidfjordbloggen” (www.eidfjordbloggen.isay.no) til å informera.

Medlemane i KK får ikkje løn eller anna utgiftsgodtgjering.

KK opplever at det er liten respons kring arbeidet vårt frå høgare hald, men me held fram for å bidra til å gje våre eldste ein god kvardag.

Årsrapporten vert send ut til Bygdaheimen, kommuneadmistrasjonen, politikarar og andre. I 2012 fekk me ikkje nokon tilbakemeldingar då årsrapporten vart send ut. I 2013 var me glade for at to politkarar responderte.

Eidfjord, november 2014

Lars Hoel

Leiar i Kulturkomitéen

Publisert av Admin.

Gjertrudvennene er en forening under opparbeiding. Det skjer i Norge at en avdød ikke har verken pårørende eller venner ved livets ende, og da blir det kommunal gravferd.. Det er en meget trist situasjon når kapellet står tomt under seremonien. Vi - Gjertrudvennene - vil forsøke å være til stede i slike begravelser/bisettelser. Vi vil være medmennesker og venner. Vi trenger støttespillere over hele landet. Se vår nettside for nærmere informasjon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *