Gamaldansfesten på Bu grendahus laurdag 27. september

(ka skjer?)  No er det berre å gle seg, for siste laurdag i september  vert det god, gamaldags fest for godt vaksne eidfjordingar. Me har valt å ha bygdafesten i herlege, nostalgiske omgjevnader på Bu grendahus. Her vert det mat og mykje triveleg sosial omgang, og ikkje minst kjem den legendariske suksessgruppa “Laurdagsgutane” med dei …

Kulturkomitéens brev til politikarane om gallerirommet

(ka skjer?)  Kulturkomitéen har 18. mars 2014 sendt dette brevet til kommunens politikarar. Ein vender seg til partigruppene for å høyra korleis desse ser på bruken av gallerirommet på Galleri N. Bergslien.   Til partigruppene/politikarane i Eidfjord Vedkomande bruken av gallerirommet på Galleri N. Bergslien Galleri N. Bergslien vart opna hausten 2001. Det mindre gallerirommet …

Gamalfilmfestivalen – Del 2 Laurdag 25. januar kl. 14.00-18.00

(ka skjer?)    Dørene opnast klokka 13.45, sal av kaffe, te, kaker Avdeling 1 – film/bilete som ikkje vart vist i februar 2013 14.05         Åpning 14.10         Vigsling av den nye kyrkja (15 min.) (1980) 14.27         Kråtekaker og bakstepiker (30 min.) (1967) 14.59         Brudlaup i Tråa i 1961 15.15         Kortpause (5 min.) 15.20         Eidfjordanleggene (35 min.) …

Programmet på Gamalfilmfestivalen – 2

                Velkomen Velkomen til ein hyggjeleg laurdag 25. januar 2014. Kulturkomiteen ynskjar deg velkomen til ein  spanande og lang dag i Kinosalen. Men tida kjem til å fyka så fort som berre det. For her kjem det trivelege folk, det vert kaffi og kake, og ikkje minst ein …

Gamalfilmfestivalen laurdag 25. januar i Kinosalen klokka 14

(ka skjer?)  Så vert det ny framsyning av gamle filmopptak frå Eidfjord. Kulturkomitéen arrangerte fyrste del i februar i fjor, men no slår ein til med eit utvida program. Det vert ein lang ettermiddag, men tida flyr i godt lag, som ein veit, og ikkje minst med slikt spanande program. Me har delt inn programmet …

Eg minnest Eidfjord i ei gòmòl tid

Eg minnest Eidfjord i ei gòmòl tid  (Tekst:  Lars Hoel) I januar 2013 gjekk premieren på Austavind-revyen for utseldt hus i Eidfjord. Då song Aud Jorunn Skjerven denne songen – om ei gamal kvinne som tenkjar attende på eit enkelt og strevsamt liv på ein liten gard. 1) Eg er trøytt og gamal – her …

Jolaprogrammet på Bygdaheimen 2013

Underhaldningsprogrammet for Jola 2013 Kvar dag klokka 16.15 i spisesalen Onsdag 25. desember (1. dag): Songstund med Linda Vestli Torsdag 26. desember (2. dag): Underhaldning med Jenny og Vibeke Johnsen Fredag 27. desember (3. dag): Revysongar og diktlesing med Eidfjord Teaterlag og Jon Kjerland Laurdag 28. desember (4. dag): Toradarspel med Amailie Kinsarvik Tvilde Sundag …

Den gamle Tinnhølbua 100 år i år

(ka skjer?)  Det var for akkurat 100 år sidan i år at dei to gode venane og brørne, Nils L. Høel (1875-1958) og Lars L. Høel (1877-1935) satte opp bua inne ved Tinnhølen. Sidan arva sonane deira, Leif N. Høel (gardbrukaren på Høel) og Leif L. Høel (1922-97) (pressefotografen Drammens-Leif), kvar sin halvpart. Nils og Lars …

Dikta i Jacob Sande-førestellinga 19. oktober

(ka skjer?)  Når hauststormen ular og temperaturen nærmar seg 0, ja då sit du lunt og triveleg inne på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel for å få deg ein kulturell heilaften med torettars middag og ein flott opptreden. Ein startar klokka 18 med bakt potet med vilttilbehør og tricolor-dessert. Klokka 19 gjeng Kjetil Kversøy og …

Billettsalet til Jakob Sande-førestellinga er i gong 1. juli

(ka skjer?)  Kulturkomiteen i Eidfjord arrangerer i samarbeid med Eidfjord Fjell & Fjord Hotel og Kulturkontoret i kommunen ein haustleg heilaftans kulturkveld laurdag 19. oktober. Kven dei kring 80 heldige personane er som får plass i salen, medan austavinden herjar utanfor denne haustlege kvelden, er ukjent. Men me kan ikkje tru anna enn at det …

Ketil Kversøy kjem til Eidfjord med Jakob Sande-førestelling

Stor Jakob Sande-førestelling i Eidfjord (ka skjer?)  Laurdag 19. oktober vert ein spesiell dag for mange eidfjordingar. Då vert det nemleg framført ei særs spanande Jakob Sande-førestelling. Sande har eit stort namn blant mange bygdefolk, for diktaren har vore ein del av vestlandskulturen for mange vaksne gjennom mange år. Dikta hans er vidgjetne for så …

Jakob Sande-kveld laurdag 19. oktober

(ka skjer?)  Jakob Sande (1906-1967) har ei sers høg stjerna i Eidfjord og Hardanger. No har Kulturkomiteen (tidlegare Eidfjord Kulturkomite) tatt avgjerda om å skipa til ein kulturkveld med Jakob Sande i hovudrolla. Det er Ketil Kversøy saman med to andre musikare som vil prsentere førestellinga «Frå Sunnfjord til Rio». Enno er ikkje alt avklart, …

Hoffnarren i Eidfjord

(Ka skjer?)  Ja det kan jo vera mange meinanger om kven ein slik narr kunne vera, men i denne samanheng er det no berre ein einaste  narr, Hoffnarr-skulpturen, laga av Frode Mikal Lilli. Und. Det er kome på plass fleire flotte skulpturar i regi av Kulturkontoret utanfor kommunehuset denne våren. Den som tek seg tid, vil …

Herreklubbens Arne Ramsdal er 80 år ung i dag!

(ka skjer?)  Herreklubben vart starta for halvanna års tid sidan, og Arne Ramsdal har vært ein entusiastisk deltakar frå oppstarten. Tenk at mannen er 80 år ung. Kven skulle tru det? Arne er sprek og vital, og det er alltid ei glede å treffa på han i bygda, for han er alltid i godt humør med …

Program for gamalfilm-festivalen (del 1) – laurdag 23. februar 2013

  (ka skjer?)  Gå ikkje glipp av filmfestivalen i kinosalen på laurdag! Me har sers mykje materiale på lager, slik at det er godt høve til å arrangera ein del 2 med gamle filmar og ljosbilete. Sei i frå om du tykkjer det er en god idé. Gje oss eit tips om du har film eller …

Eidfjiord Filmfestival laurdag 23. februar

Gamalafilmkveld i Kultursalen Eio (ka skjer?)  Det bryggjar no opp til at det vert gamalfilmkveld laurdag 23. februar. I fjor hadde me noko tilsvarande på Bygdaheimen, og me erfarte då at det var stor interesse for desse filmane. Dermed lova me å freista å få til ei ny visning ein plass i sentrum, og denne gongen …

Eldrekulturkomitéens romjulsprogram på Bygdaheimen – Jula 2012

Tysdag 25. 12. – 1. juledag: Songstund med familien Vestli Onsdag 26.12. – 2. juledag: Gamle, kjære julesongar m/ sangtrioen Torsdag 27.12. – 3. juledag: Arr. i regi av Eldreråd/Bygdaheimen Benedicte Maurseth Fredag 28.12. – 4. juledag: Lysbilete om fjordhesten m/Jenny Laurdag 29.12. – 5. juledag: Gamal film med Eidfjord-tema m/ Lars Sundag 30.12. – …

Eldrekulturekomitéens årsrapport for 2012

(ka skjer?)  Eit nytt år er gått, og her kan du lesa komitéens årsrapport og sjå kva som har gått føre seg i 2012. Årsrapport for Eldrekulturkomiteen (EEKK) 2012 Eldrekulturkomitéen arbeider for å skapa kulturell underhaldning for dei eldste i bygda, spesielt på Bygdaheimen. I 2012 har EEKK arrangert kring 17 arrangement på Bygdaheimen fram …

Romjulsunderhaldninga på Bygdaheimen

Kven kunne tenkja seg å bidra med litt underhaldning i jula? (ka skjer?)  Eldrekulturkomitéen vil for fjerde år på rad arrangera romjulsunderhaldning på Bygdaheimen. Me startar opp 1. juldag og avsluttar 1. nyttårsdag. Me ynskjer kontakt med nokon som vil ofra ein halvtime éin av melsdagane. Underhaldninga lyt starta klokka 16.00. Du kan sjølv velja …

Vêrmeldinga: AUSTAVINDen vert hard i november ….

(ka skjer?)  Revygjengen i Teaterlaget førebur seg på AUSTAVINDen i haust, dvs. laurdag 3. november.  Har du tenkt å ta turen på premieren? Då er det lurt å vera rask med å kjøpa seg billett på Destinasjon Eidfjord.  Her er det ope fra 08.30 til 15.30 frå mandag til fredag. Austavind er en skikkeleg lokalrevy, …

Eldredagen vart vellukka

(ka skjer?)  Strålande Eldredag-feiring i Eidfjord Av ulike årsaker vart Eldredagen feira fyrst sundag 7. oktober i Eidfjord i år. Og dagen kom seint, men godt, for det vart eit flott arrangement i Samfunnshuset på Lægreid. I opningstalen sin fortalde ordførar Anved Johan Tveit at ein kom i gang med Eldredagen internasjonalt i 1992. Han …

No kjem AUSTAVINDen

“Ramp i kast no herjar fram, virvlar opp kvart minste gram, kostar inn i kvar ei krå, sparer ingen – kom og sjå!” (ka skjer?)  Desse visdomsorda er å sjå på revyplakaten for Austavind.  For austavinden er rampete. Han kastar seg ned, tørr og kald, virvlar opp, herjar med oss og sparer ingen. «Eidføren» kjenner …

Storfest på Samfunnshuset 7. oktober for å heidra våre eldste

Den store Eldredagen-feiringa sundag 7. oktober Snart arrangerer Eldrekulturkomitéen den store feiringa av Eldredagen på Samfunnshuset på Lægreid. Det heile startar klokka 15 og sluttar 17.45.  Me reknar med at dette skal verta ein flott dag for våre eldste, men sjølvsagt er det hyggeleg om heile familiar kjem. Kan henda er denne dagen eit fint …

Sjømannen frå Lægreid fyller 102 år tysdag 28. august

(ka skjer?)  Heile 102 år vert Knut tysdag 28. august. Dermed er han sjølvsagt Eidfjords eldste innbyggjar. Oftast er det jo damene som stikk av med desse rekordane, men på våre kantar er det ein humoristisk og triveleg mann som stadig har glimt i auga; Knut Lægreid. “Still going strong”, svarar Knut når eg spør …

Historielaget i Eidfjord

(ka skjer?)  Historielaget er ein trufast slitar innan kulturlivet i Eidfjord. Laget vart stifta etter initiativ av Lars Hoel hausten 2000 og har altså halde det gåande på solid vis i nærare tolv år. Flaggskipet til historielaget er Bergasylja-heftet, som vert utgjeve kvart år i november. Leiar i dag er Ragnhild Myklatun, og med seg …

Herborg fekk vitjing av 40 franskmenn på 92-årsdagen sin

Eineståande koroppleving  på Bygdaheimen då 92-års bursdagsbarnet, Herborg, fekk 40 franske gutar på vtjing (ka skjer?)  Laurdag 18. august heldt eit fransk gutekor konsert i Eidfjord kyrkje. Men sanneleg tok dei seg ikkje tid til også å vitja Bygdaheimen rett før konserten i kyrkja. Og dermed fekk bebuarane ein feiande flott minikonsert med gutane frå …

Store planar i Teaterlaget – No kjem revyen!

(ka skjer?)  Teaterlaget, under leiing av Line Dyrstad, arbeider no med to store undehaldningsprosjekt. Fyrst ute er revyen, som kan henda får premiere i november. Ei revygruppe der Mary Herland, Svein Hop og Lars Hoel er med, har jobba i heile sumar med tekstar, og sundag 5. august samla dei fleire lagsmedlemer til eit hytteseminar …

Eidfjordkarar til Sivlegarden på Stalheim. Vert du med?

Herreklubben på tur til Sivlegarden på Stalheim (ka skjer?)  Tysdag 19. juni dreg seniorane av garde på sumaravslutningstur til garden ved Stalheim som no vert kalla Sivlegarden. Denne turen er open for alle karar som er rundt dei 70 – eller meir – eller mindre. Har du lyst på ein tur, der du får nærkontakt …

Dansen gjekk på Bygdaheimen

  Trim, hygge og mykje å læra på Seniordansen (ka skjer?)  Har du høyrt om Seniordansen?  Dette er altså ei gruppe eidfjordingar av det særs trivelege slaget som treffast kvar måndag klokka 16 til 18 på Samfunnhuset for å dansa og hyggja seg. Akkurat no har laget teke sumarferie, men 10. september startar dei opp …

Teaterlaget – ein viktig kulturaktør i Eidfjord

(ka skjer?)  Etter mange år utan aktivitet vart laget drege i gang att i 2008, i forkant av spelet, av Kari Vambheim og Lars Hoel. Rika-Ragna-prosjektet var då under oppsegling, og det galdt då å leggja grunnlaget for at ein hadde skodespelarar. Då kom teaterringreven Aud Jorunn Skjerven tilbake i manesjen. Ho hadde mellom anna …

Herreklubben og Fidel Castros Cuba

(ka skjer?)  Herreklubben vart etablert i januar 2012 og er ein treffstad for seniorkarar. Nyleg samla herrane seg for fjerde gong i stova i omsorgsbustadene. Heile ni karar kom då saman. Kaffi og kaffimat høyrer sjølvsagt til, medan ein som avslutning plar ha eit kulturinnslag. Til no har underhaldninga mest dreia seg om lokalhistoriske filmopptak, …

Vil du dela eit innlegg med dei 7647 venane dine?

(ka skjer?)  Takk for at du les EidfjordBloggen. Eg gjer merksam på at det per 17. mai er kome på plass “delefunksjon” for kvart innlegg. Det betyr at du kan dela eit innlegg med dei næraste 853 eller kjæraste 46563 venene dine på Facebook eller på andre sosiale media. Sjølvsagt er det stas om du …

Ny «flodbølgje» frå Simadal – her kjem resultata frå sykkelskyttarmeisterskapet

Har dei starta ei ny flodbølgje i Simadal? (ka skjer)  I august 1937 var det storflaum i Simadal, og no spørs det om sykkelskyttarane i Eidfjord Cider og Sykleclub har starta ei ny «flodbølgje». For det kan sjå ut som at skarpskyttarane no har truffe blink på meir enn ein måte. Her blandast jo moro …

Grendalag og 17. mai-frukost i Øvre Eidfjord

Grendalaget i Øvre Eidfjord (ka skjer)  Dette var eit flott “nyhende”. Laget kunne presentera seg i EidfjordNytt no i vår, men vart likevel stifta alt i fjor. Eit sus av fortida på eit vis, men samtidig eit fint tiltak som kan verta viktig for utviklinga og samhaldet i Øvre Eidfjord. Dei gode, gamle ungdomslaga har …

Eidfjord Cider & Sykle Clubs meisterskap laurdag 12. mai

. Årets sykkelskyttermeisterskap går av stabelen laurdag 12. mai kl. 13.00 (ka skjer?)  Eidfjord Cider & Sykle Club står bak dette noko uortodokse meisterskapet, om me kan tillata oss ei slik formulering. Og om du ikkje er heilt kjend med denne cidersykkelsporten, så er du no ikkje helt åleine om det. Men no har president …

Ei folkeleg legende kjem til Eidfjord sundag 3. juni

  Sputnik med show på Samfunnshuset (ka skjer?)  Så er det offisielt. Sjølvaste Sputnik kjem til bygda. Det var etter forslag frå godt vaksne bygdefolk at det heile er kome i stand, akkurat som det var då Jon Eikemo vitja bygda i fjor. Og Herreklubben tok utfordringa på strak arm og inviterte lastebilsjåføren Knut Storbukås …

Unike filmopptak frå jakt på Vidda

(ka skjer?)  Laurdag 5. mai vert dette unike filmopptaket vist på Bygdaheimen i regi av Eldrekulturkomitéen. Filmen er nett funnen og er aldri før   vist nokon plass. Dette vert den einaste offentlege framsyninga, og ein vil tru at dette er svært interessant for jaktkarar som har levd ei stund og andre jakt-/viddeinteresserte. Me trur opptaka …

To rustne eidfjordvenar kjem på vitjing 21. april

(ka skjer?)  To Rustne Trubadurer heiter bergensgruppa som har vorte gode vener av Eidfjord. Og no kjem dei igjen – til stor glede for mange. Karl Henrik Svensson og Helge Laastad har vore musikare i ein del år – kan henda det er opphavet til bruken av ordet “rustne”.  Men navnet høver særleg dårleg, for …

Bjoreidalshytta er 100 år – Gratulerer!

  (Tilbakeblikk)  I år er det stort jubileum for Bjoreidalshytta, for det var i 1912 ho vart bygd av Sylfest Sæbø. Faren, Lars, hadde sett opp Sæbø Hotel (Eidfjord Gjestgiveri), og Sylfest var eldst av heile tolv born. Han gifte seg med Johanna L. Høel, og saman fekk dei sonen Lars (1920­–65). Sylfest var førar …

Vøtrafestivalen

(Ka skjer?) Laurdag og sundag vert det Vøtrafestivalen på Feet i Sysendalen. Fredag er det start klokka 16. Her vert det utstilling og aktivitetar på festivalplassen medan det vert føredrag om Amundsen-ekspedisjonen kl. 18.30. Laurdag er det start klokka 11, og det vert ei rekkje aktivitetar; barneskirenn klokka 13, veteransnjokøyretøyløp klokka 14, Harmoni-konsert klokka 15, …