(ikkje så alvarsamt) Det ser unektleg dramatisk ut dette biletet der to karar ser ut til å vera i ein gamaldags slåsskamp i ei fjern fortid. Det er to rufsete karar, kan hende fjellfolk inne på Vidda, og kniven er komen opp …… Men nei, biletet lyv. For dette er den kjende pressefotografen frå Uvdal, Johan Brun, og hans kollega, Leif, i Dagbladet. Dei to var sers gode venar og kollegaer gjennom mange tiår.
Johan Brun (f. 1922) gjeng følgeleg i sitt 91. år, men er sers oppegåande. Nyleg var han festivalkunstnar under markeringa av Middelalderuka i Numedal/Uvdal då han opna ein utstilling med eigne foto. Nyleg ga han og Gunnar Glesne ut boka «Smådøl» om livet og historia til sæterdalen. Det finnes også ein fotobok om Bruns flotte bilete, som utkom for nokre år sida.