(tilbakeblikk) Flintoe kom saman med botanikaren Blytt, geografen Munthe og arkitekten Linstow (som teikna Slottet). På denne ferda teikna Johannes Flintoe dei mange kjende bileta frå Vidda. Dei kom til Øvre Eidfjord, og i Myklatun stimla folk saman for å sjå framandkarane. Seinare skildra han folka han møtte, med fylgjande ord: “En naiv uskyldighet, likefremhet og nysgjerrighet”. I Vik fann dei husrom på Vigegrund (Heggjagarden), før karane neste dag tok turen til Simadal. Her trefte dei ein gamal mann, Jakob Hanssen Tveit (f. 1769), som tok dei med til Skykkjefossen. Christiania-mennene fekk no også høyra segna om Rika-Ragna. Så vart dei trakterte med hardingøl i store skåler, og det vart kveldsmat med lefse, smør, ost og ‘’bergfisk’’ i heimen til Jakob Tveit, som Blytt seinare skildra som vakker og gjestmild. Det går også fram av Blytts nedteikningar at det på denne tida budde 120 menneske i Simadal, og at han er oppglødd for folka i dalen. Han tykkjer også at Simadal var vel så interessant som Måbødalen.
Du kan lesa meir om reisa i “Eidfjord – Historiske Glimt I” (s. 23) (2006). Her finn du fleire detaljar om vitjinga i Myklatun og på Tveit.
Teikningen av Flintoe som et kveldsmat på Tveit er laga av Jon Hjelmevoll frå Ulvik og finst i den nemnde boka.