Ordførarsongen

(tilbakeblikk)  Tor Bu og Margrethe Weum skapte store latterbølger i sketsjen «Eg heiter Anved Johan» i Austavind-revyen i januar 2013. Til alt hell har me ein ordførar som tok tøysinga med ordførarrollen særs sporty. Og her har du teksten på ordførarsongen som Bu framførde desse to januarkveldane på Samfunnshuset.   Eg heiter Anved Johan  (Tekst: …

Vøringfossen Turisthytte – Kar hen?

Vøringfossen Turisthytte eller Fossastovo Det er nok ikkje mange i Eidfjord som kan hugsa at det stod eit hus inne på “Turistvegen”, stien som fører inn til Vøringfossen. Ja det måtte i så fall vera Knut Lægreid. Det var nemleg slik at det i 1872 vart bygd ferdig ein turiststi inn til fossefallet, og Turistvegen …

Då prinsen var i Eidfjord for 140 år sidan – 22. juli 1872

(tilbakeblikk)  Prins Oscar (1829-1907), som seinare vart kong Oscar II, var i Eidfjord denne sumardagen for nøyaktig 140 år sidan. Også statsminister Fredrik Stang var med på turen, som kunne ha vorte hans siste. For det heldt nemleg på å gå heilt gale i Måbødalen då dei skulle inn til Vøringfossen. Turistforeininga var på denne …

“Eidfjord – Historiske Glimt I, fiksjon og fakta”

 (tilbakeblikk)  Dette er ei av eidfjordbøkene som det ofte er sitert frå her på sida. Denne boka kom ut i 2006 og inneheld heile 58 artiklar om ulike historiske tilhøve. Såleis vil ein finna både faktastoff og rein fiksjon i denne boka. Her finn ein stoff frå Hardangervidda, Sysendalen, Måbødalen, Øvre Eidfjord og det gamle …

Lat oss presentera nokre eidfjordbøker

(tilbakeblikk)  Her på bloggen skal me presentera nokre eidfjordbøker som er nemnde her på sida. Tilbakeblikk-oppslaga her på sida har ofte sitt opphav frå tidlegare utgitte eidfjordbøker. Difor skal me visa deg nokre av desse bøkene her på EidfjordBloggen. Dei er også lista opp på sida “Om meg”, som du finn øvst i menyen.

Dei to nakne på Maurset og professor Christopher Hansteen

(tilbakeblikk)  6. juli 1821 kom professor Hansteen frå Maurset og ned til Vøringsfoss. Han hadde lagt ut på ei reis frå Christiania 20. juni, og på Maurset overnatta han. Det var her han opna døra klokka fire om morgonen og skvatt til då han såg to nakne menneske i senga. Det var Per J. Maurset …

190 år sidan målaren Johannes Flintoe overnatta i Myklatun og åt kveldsmat på Tveit

(tilbakeblikk)  Flintoe kom saman med botanikaren Blytt, geografen Munthe og arkitekten Linstow (som teikna Slottet). På denne ferda teikna Johannes Flintoe dei mange kjende bileta frå Vidda. Dei kom til Øvre Eidfjord, og i Myklatun stimla folk saman for å sjå framandkarane. Seinare skildra han folka han møtte, med fylgjande ord: “En naiv uskyldighet, likefremhet …

Raset i Storegjel 2. mai 1903

(tilbakeblikk)  Onsdag er det 109 år sidan den fryktlege hendinga i Storegjel. Marita (Marta) Garen (1883–1976) og vennina, Else Huse, streva seg fram oppover den bratte Tymberløypet-stien i Måbødalen. Dei hadde vore på ei tilstelning, og praten gjekk kan henda muntert mellom jentene medan dei baksa seg oppover. So kom raset. Det skal ha vore …

Halne Fjellstova feirer 80-års jubileum i år

(tilbakeblikk)  Det var Lars Liseth (1901–86) som bygde Halne Fjellstova i 1932, og dermed feirar me eit ganske stort jubileum no i 2012. Han hadde gifta seg i 1929 med Birgit Sekse frå Børve og hadde teke over Liset-garden i 1930 etter foreldra, Endre og Dordei. Lars var også turistsjåfør på 1920-talet, og ein gong …

160 år sidan George M. W. Atkinson laga sine Eidfjord-skisser

  (tilbakeblikk)  Det var i 1852 irske Atkinson (1806-84) kom til Vik med ein yacht, og her laga han skisser til fleire eidfjordteikningar.  Nokre er attgjevne i boka “Ættegarden i Sysendalen”. Kan henda har du også teke deg tid til å sjå nærare på dei som heng på veggen på Gamleskulen. Éi av dei fire …

Ole Bulls meksikanske sal

(tilbakeblikk) (ka skjer?) Det nærmar seg Ole Bull-førestellinga på Bygdaheimen 26. mars. Visste du at den berømde fiolinspelaren har vore her i Eidfjord? Jau då, det har han, men årstalet er usikkert. Det me veit, er at Bull ved eit høve budde på Heggjagarden. Så er det fortalt at han reid inn Turistvegen, stien som …