(tilbakeblikk) 6. juli 1821 kom professor Hansteen frå Maurset og ned til Vøringsfoss. Han hadde lagt ut på ei reis frå Christiania 20. juni, og på Maurset overnatta han. Det var her han opna døra klokka fire om morgonen og skvatt til då han såg to nakne menneske i senga. Det var Per J. Maurset og Herborg K. Garen. Etter å ha sove litt, vakna professoren opp til ein strålande dag i Sysendalen. No fekk han snakka med Maurset-folket, og han presenterte seg som “han som laga almanakken” då dei ville vita kven han var. Seinare gjekk han berre under namnet “almanakkmannen”.
Per J. Maurset fylgde Hansteen nedover dalen, og dei såg fleire fine småfossar. Då ville Maurset-karen visa han ein langt større foss, og dermed kom dei til Vøringfossen. Ein reknar difor gjerne at det var professor Hansteen som “oppdaga” Vøringfossen. Men denne dagen skal fossen ha vore særs liten, for det hadde vore tørke i lang tid. Så gjekk christianiamannen ned trappane i Berget, og då han kom ned til Eidfjord, var det eit tørkeramma Eidfjord han fekk sjå. Han vart rodd over Eidfjordvatnet i ein liten båt som lak som ein sil, og seint på natt kom han fram til Heggjagarden. Han måtte banka på ei rekkje gonger før ei sped stemme endeleg svarte: “Hvem banker så sildig?” Det var berre ein ung gut som var heime, men Christopher Hansteen fekk seg ei seng for natta.
Les meir i “Eidfjord – Historiske Glimt” (side 113)