(tilbakeblikk) Dette er ei av eidfjordbøkene som det ofte er sitert frå her på sida. Denne boka kom ut i 2006 og inneheld heile 58 artiklar om ulike historiske tilhøve. Såleis vil ein finna både faktastoff og rein fiksjon i denne boka. Her finn ein stoff frå Hardangervidda, Sysendalen, Måbødalen, Øvre Eidfjord og det gamle Vik. Eidfjord-boka er lettlesen, høver for folk i alle aldrar og også for folk som ikkje er så altfor interesserte i kulturhistoria vår. Boka er rikt illustrert og er på 170 sider. Ho er no til sals på Texaco-stasjonen, Eidfjord Fjell og Fjord Hotel, Vik pensjonat og på Turistkontoret.
Fine ord til ett aktiv menneske Lars!