Vøringfossen Turisthytte eller Fossastovo
Det er nok ikkje mange i Eidfjord som kan hugsa at det stod eit hus inne på “Turistvegen”, stien som fører inn til Vøringfossen. Ja det måtte i så fall vera Knut Lægreid. Det var nemleg slik at det i 1872 vart bygd ferdig ein turiststi inn til fossefallet, og Turistvegen var då ferdig akkurat til vitjinga til prins Oscar og statsminister Fredrik Stang.
Fyrst var det sett opp eit enkelt plankeskur, men seinare sette Eilev L. Garatun (f. Sæ) opp ei stove som skal ha hatt namnet “Vøringfossen Turisthytte”. Her hadde ein til og med skjenkeløyve, og i andre høgda kunne ein leiga seg ei seng for natta. Ein kjelde nemnde difor stova som verdens minste hotell.
Ein kan sjå at det er søkt om skjenkeløyve mellom anna i 1885. Då heitte det at Garatun søkte om sal av øl frå sitt hotell ved Vøringfossen. Truleg var serveringsstaden i drift kring 40 år.
Huset skal ha blitt teke ned i 1917 og vart frakta til Øvre Eidfjord. Det seiest at det då vart sett opp att til forretning eller bustadshus for Hans T. Varberg.
I våre dagar kan ein enno sjå kjellarrestane av verdens minste hotell.
Les meir om Fossastovo i “Eidfjord – Historiske glimt, fiksjon og fakta” (s. 21)
Biletet er teke av Wilse i 1912.