Kven kunne tenkja seg å bidra med litt underhaldning i jula?
(ka skjer?) Eldrekulturkomitéen vil for fjerde år på rad arrangera romjulsunderhaldning på Bygdaheimen. Me startar opp 1. juldag og avsluttar 1. nyttårsdag. Me ynskjer kontakt med nokon som vil ofra ein halvtime éin av melsdagane. Underhaldninga lyt starta klokka 16.00. Du kan sjølv velja ein dag det passar deg. Song, musikk, teater, opplesing, biletkåseri og mykje anna ville høva godt. Noko som alle kan gjera – om ein har lyst -, er å visa bilete frå ein fjelltur, ein ferietur eller om eit tema ein har interesse av. Ta kontakt med Eldrekulturkomitéeen v/ Gunnvor Hopen Veka eller Lars Hoel om du har tips til oss. Takk for at du vil hjelpa. Det vert diverre ikkje gitt betaling for underhaldninga.