(ka skjer?) Når hauststormen ular og temperaturen nærmar seg 0, ja då sit du lunt og triveleg inne på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel for å få deg ein kulturell heilaften med torettars middag og ein flott opptreden. Ein startar klokka 18 med bakt potet med vilttilbehør og tricolor-dessert. Klokka 19 gjeng Kjetil Kversøy og hans musikare i gang. Førestellinga er basert på Sandes diktsamling «Frå Sunnfjord til Rio», som omhandlar året han var til sjøs med «Villanger» i 1932. Det vert altså ikkje ein kavalkade over dei mest kjende Sande-dikta.
Her finn du oversikten over dikta me får høyra. Kversøy har sjølv satt musikk til fleire av dei. 1. Vesle Daniel, 2. Du er min Los, 3. Ord over grind (Haldis Moren Vesaas), 4. Deikjen, 5 Sundagsmorgon i hamn, 6. Bendik Båssmann, 7. Song under Sudkrossen, 8. Senorita, 9. Oxdragarsong (Evert Taube), 10 Copacabana (Kversøy), 11. Når du vert gamald, 12. Skymningslandet, 13. Då Gud heldt fest i Fjaler