I samarbeid med Kulturkontoret og Eidfjord Fjell & Fjord Hotel arrangerer Kulturkomiteen stor Jakob Sande-kveld laurdag 19. oktober. Ein inviterer til ein real heilaftan med middag klokka 18 og førestelling klokka 19. (390 kr.)
Det er musikaren Espen Kversøy og to andre musikarare som kjem til Eidfjord med førestellinga «Frå Sunnfjord til Rio». Eidfjord-kunstnaren Ragnhild Kleivkaas har laga denne strålande akvarellen på tinging frå Kulturkomiteen. Her kan du sjå hennar tolkning av ferda til Jakob Sande i 1932 – frå heimen i Sunnfjord til Rio de Janeiro i Brasil.
Billettane er i føresal på Eidfjord Hotel.