Kjære eidfjordingar og godtfolk i nabobygder
Laurdag 28. oktober vert det:
Stor jubileumsfest med lunsjbuffet og gamaldans! Vert det betre, då?
I høve av at Eidfjord Kulturkomité i haust feirar 10-årsjubileum, har me den store gleda av å invitera deg og dine til ein uformell festføremiddag på Quality Hotel Vøringfoss. Kulturkomitéen er fire privatpersonar, og i desse ti åra har me hatt som oppgåve å arrangera kulturell underhaldning for vaksne og ekstra godt vaksne. Så no lyt me feira!
Me innbyr deg difor til lunsjbuffet og underhaldning frå klokka 12 til 15 den 28. oktober, ja akkurat i denne tida på året då det vert mørkare dagar og ein treng å hyggja seg litt ekstra.
Klokka 12 står lunsjbordet klart i restauranten på hotellet, og ein times tid seinare trekk me inn i Kultursalen Eio, der det vert underhaldning og dans til tonane frå Kvinnherad Folkemusikklag. Denne herlege musikkgjengen tek turen til oss for å dra opp stemninga her inst i fjorden, så her kan ein velja om ein vil lena seg attende med eit glas vin eller mineralvatn og sjå på dansen og lytte til livlege taktar, eller om ein vil svinga seg på dansegolvet. Så dette vert verkeleg ein fin føremiddagsfest for alle som vil koma i godt humør denne oktoberlaurdagen.
Billettsalet har starta. Billetten kostar 250 kroner, og dette meiner me må vera ein flott pris for båe lunsjbord og underhaldning. Men merk deg altså at det er førehandssal av billettar på hotellet, så gå innom og skaff deg ein av dei berre 90 billettane. Du kan ikkje regna med at det er billettar attende når vi kjem til den store dagen i oktober, så ver rask.
Billettprisen er uansett den sama for «pakka» med lunsj+underhaldning , eller om ein eller annan grunn berre skal ha lunsj eller berre ta del i underhaldninga. (Ta godt vare på billetten din, for den lyt visast båe ved lunsjbordet klokka 12 og i døra til Kultursalen når Kvinnherad-folket spelar opp litt etter klokka 13.) Drikke kjøper ein i tillegg.
Så snakk med vener, naboar og kjende allereie i dag, og løp til billettutsalet. Førehandssal på Quality Hotel Vøringfoss (ved frammøte).
Telefon 53 67 41 00, q.voringfoss@choice.no (viss det gjeld billettsal og mat)
Vær hjarteleg velkomne!
Med helsing frå
Arrangøren Eidfjord Kulturkomité: kulturkomiteen@outlook.com viss det gjeld noko anna enn billettsal og mat
Fylg gjerne Kulturkomitéen på Facebook og på Twitter for informasjon.
Eidfjordbloggen: http://eidfjordbloggen.isay.no