(tilbakeblikk) Annetta Garathun var ei hyggeleg, flott og særeiga dame. Ho levde fra 1856 til 1950 og vart såleis heile 94 år gamal. Annetta var dotter av Ola O. Garatun og Marta O. Vik , som var frå Eidfjord, men budde i Romsdal frå 1849 til 1875, der Annetta blei fødd. Ho hadde fem systrer, mellom andre Oline som gifta seg til Bakke gard i Uvdal. Ei anna syster var Anna som vart buande i Tråa på Lægreid med sin ektemann, Ola. Ei tredje syster var Maria som gifta seg med Fossli-byggjaren Ola Garen. Alle tre systrene fekk mange etterkomarar, men Annetta sjølv var barnlaus. Då dei vendte heim til Eidfjord, sette Annetta kursen for Kristiania.
Ho var ei særs interssant dame og utvikla stor interesse for målsaka og forlagsverksemd. Dels åleine og dels saman med ulvikingen og stortingsstenografen Magnus Hydle dreiv ho små bokforlag og satsa sterkt på nynorsk litteratur. Den fyrste boka som vart utgjeven, skal ha vore “Nye Vossastubba” av Per Sivle. Seinare kom fleire Sivle-bøker og andre utgjevingar.
Annetta skal ha vore særleg sjølvstendig i meiningar og hadde stor hug til ein debatt, gjekk det fram av ein artikkel i «Hardanger» i 1972. Ho levde sitt vaksne liv i Kristiania, men kvar sumar kom ho heim til Eidfjord og vekte nok ei viss merksemd blant eit kritisk bygdefolk med sin ukonvensjonelle stil. Annetta Garathun var særs glad i heimbygda og bygdefolket og er ei dame som vert hugsa.
Les meir om Annetta i bøkene “Eidfjord – Historiske glimt” (2006) (s. 65) og “Ola Garen. Fjellmannen fra Sysendalen som bygde Fossli Hotel” (2005) (s. 207).