(tilbakeblikk) Det var i 1852 irske Atkinson (1806-84) kom til Vik med ein yacht, og her laga han skisser til fleire eidfjordteikningar. Nokre er attgjevne i boka “Ættegarden i Sysendalen”. Kan henda har du også teke deg tid til å sjå nærare på dei som heng på veggen på Gamleskulen. Éi av dei fire skissene, “Saeter near the Vöring Foss”, som viser Høel gard, kan ein sjå her på sida. I tillegg laga han éin tekning av fossen, éin frå Måbødalen og éin frå Vik. Vel heime i England gav han året etter ut eit utruleg fint plansjeverk, “Sketches in Norway taken during a Yachting Cruise the Summer of 1852”, som innheldt 22 plansjer. Det å sjå plansjeverket i originalversjon på Nasjonalgalleriet, er eit imponerande syn.
Kjelde: “Ættegarden i Sysendalen” (2000)