(Tilbakeblikk) I år er det stort jubileum for Bjoreidalshytta, for det var i 1912 ho vart bygd av Sylfest Sæbø. Faren, Lars, hadde sett opp Sæbø Hotel (Eidfjord Gjestgiveri), og Sylfest var eldst av heile tolv born. Han gifte seg med Johanna L. Høel, og saman fekk dei sonen Lars (1920–65).
Sylfest var førar på Vidda for Turistforeningen, og i 1905 blei han også styrar på det gamle Sandhaug. Men det var få gjester den fyrste tida, for det var lange dagsmarsjar til dei næraste hyttene. For å gjera noko med dette problemet, bygde Sylfest då sitt eige vesle fjellhotell, Bjoreidalshytta.
Sylfest døydde på fjellhotellet sitt i 1918 og var då berre 46 år gamal. Så gifte Johanna seg med Hans Myklatun, som då vart ny styrar. Son til Johanna, Lars Sæbø, tok over i 1928. Han og kona, Inga, dreiv hytta i mange år. I seinare år var det sonen Sylfest, som saman med kona, Marit, dreiv turisthytta nokre år. Les meir om Bjoreidalshytta i “Eidfjord – Historiske glimt”.
Kjelde: “Eidfjord – Historiske glimt, fiksjon og fakta” (2006)