Sputnik med show på Samfunnshuset
(ka skjer?) Så er det offisielt. Sjølvaste Sputnik kjem til bygda. Det var etter forslag frå godt vaksne bygdefolk at det heile er kome i stand, akkurat som det var då Jon Eikemo vitja bygda i fjor. Og Herreklubben tok utfordringa på strak arm og inviterte lastebilsjåføren Knut Storbukås til Eidfjord. Visste du forresten at han har vore her tidlegare? Jau, på åttitalet heldt han show på det gamle Vøringfoss Hotell, og det var svært vellukka. Sputnik har halde det gåande i nærare 30 år, og er stadig svært etterspurd. Nokre har freista å hevda at Sputnik ikkje er finkulturell nok, men dei aller fleste er begeistra for hans folkelege songar og stil. For dette er verkeleg musikk til å verta glad av. Her kan ein nyta stemninga, syngja med eller svinga seg til taktane av “Nå skal vi skilles, Johanne”, eller dei andre slagarane.
Samfunnshuset, sundag 3. juni klokka 18.00
Informasjon om førehandssal av billettar kjem seinare. Følg med.