(ka skjer) Dette var eit flott “nyhende”. Laget kunne presentera seg i EidfjordNytt no i vår, men vart likevel stifta alt i fjor. Eit sus av fortida på eit vis, men samtidig eit fint tiltak som kan verta viktig for utviklinga og samhaldet i Øvre Eidfjord. Dei gode, gamle ungdomslaga har jo i stor grad måtta gi tapt for alt det nye og moderne i bygdesamfunnet, og med det har ein mista mykje. Driftige eldsjeler heldt lenge Ungdomslaget i Eidfjord levande, men måtte kasta inn handkledet for nokre år sidan. Folk var for opptekne med eigne aktivitetar, og laget måtte leggjast ned. I Sverige har ein svært mange stader framleis sine “hembygdsföreninger”, som har ein allsidig og spanande aktivitet. Eg misunner svenskane deira “hembygdsföreininger”, der ein har ein eigen hembygdsgard som folkeleg samlingsstad.
Men no er grendalaget i Øvre Eidfjord ein realitet, og me ynskjer all mogeleg lukke til med arbeidet, ungdomshuset og framtida.
Og på torsdag vert det triveleg 17. mai-frukost i regi av Grendalaget.
Engelske Charles William Rothery teikna Sæbø då han vitja bygda i 1845. Les meir om vitjinga i Øvre Eidfjord i boka”Ættegarden i Sysendalen” (side 19)