(ka skjer?) Etter mange år utan aktivitet vart laget drege i gang att i 2008, i forkant av spelet, av Kari Vambheim og Lars Hoel. Rika-Ragna-prosjektet var då under oppsegling, og det galdt då å leggja grunnlaget for at ein hadde skodespelarar. Då kom teaterringreven Aud Jorunn Skjerven tilbake i manesjen. Ho hadde mellom anna vore med på revystorsuksessen på 80-talet. Seinare gjorde òg Elisabet Joleik og andre sin entré, og laget har vist seg svært levedyktig. Etter spelet i 2009 har ein kunna presentera heile tre oppsetjingar, alle av det humoristiske slaget. Det starta med revyen “Le med oss” hausten 2009, og deretter kom to farsar; ein i 2010 og ein i 2011.
I desse dagar sonderer laget terrenget for å sjå om det vil vera mogeleg med eit samarbeid med Toneskredo om ein Prøysen-cabaret, som kan få premiere våren 2013. Men førebels er ingenting avgjort. Det som derimot er klårt, er at ein på årsmøtet avgjorde at ein skal skipa til ei form for revy til hausten. Ein sette då ned ei superhurtigarbeidande revygruppe med tre personar som skal freista å få Eidfjord til å le, Mary Herland, Svein Hop og Lars Hoel. Revygjengen, som skal arbeida i heile sumar, er allereie godt i gang med idear og tekstar. Så no er det høve for deg som har lyst, til å vera med på revy. Frå dei aller inste og hemmelege sirklar i revygruppa kjem det no rykte om at mellom anna “Tulle- og tøysenytt” kan henda vender tilbake, og at ein prøver å skriva eigne, lokale sketsjar. Så her skal nok ingen føla seg for trygg …
Teaterlaget er ein uhøgtideleg samlingsplass, og det seiest, frå særs påliteleg hald, at det meir enn noko er humør og mykje moro som pregar øvingar og møte. Lyst til å vera med? Ta kontakt med ein av medlemene.
På årsmøtet på Vik pensjonat no i mai gjekk leiaren, Elisabet Joleik, av, og Line Dyrstad tok over. Lat oss nytta høvet til å takka Elisabet for leiarvervet gjennom fleire år. Ho kan definitivt sola seg i glansen av tre svært suksessfulle førestellingar. I styret sit no av Line Dyrstad, Aud Jorunn Skjerven, Johanna Håbrekke, Elisabet Joleik og Svein Hop.
Du kan lesa meir om revyplanane på facebooksida til Eldrekulturkomitéen. (Eidfjord Eldrekulturkomité)
http://www.facebook.com/#!/pages/Eidfjord-Eldrekulturkomit%C3%A9/294242463929300