Trim, hygge og mykje å læra på Seniordansen
(ka skjer?) Har du høyrt om Seniordansen? Dette er altså ei gruppe eidfjordingar av det særs trivelege slaget som treffast kvar måndag klokka 16 til 18 på Samfunnhuset for å dansa og hyggja seg. Akkurat no har laget teke sumarferie, men 10. september startar dei opp att, og då er nettopp du velkomen med. Kan du ikkje dansa, seier du? Ingen fare. Dansane er ikkje vanskelege, men desto meir moro å halda på med. For dette er ikkje klassisk dans, men meir ulike ringdansar som gjeng føre seg i eit roleg tempo. Men det er uansett god trim for deltakarane som er frå 50 til 90 år. Så vil du halda deg ung og i vigør, så kan me trygt anbefala å bli med i dansegjengen, som verte leia av Mary Herland og Leif Hereid.
Sjølvsagt er det både lærrikt og triveleg å vera med måndagene på Samfunnhuset, men dansegleda kjem også andre til glede. Det fekk ein sjå 12. mars då dei glade dansrane opptrådte på Bygdaheimen for eit takknemmelig og begeistra publikum. Også i desember 2010 var for øvrig Seniordansen på Bygdaheimen.
Det heile starta i september 2010 då Mary Herland og Leif Hereid reiste på instruktørkurs til Odda, der dei fekk verdifulle impulsar og lærde dei ulike dansane. Så kom dei heim til Eidfjord med mykje kunnskap og motivasjon i kofferten, og 23. september 2010 kunne dei invitera til den første samlinga på Samfunnshuset. Og respons fekk dei med det sama, for heile tolv danseinteresserte møtte opp.
Men korleis artar så ein dansedag seg? Jo, alle stiller opp i ein ring med raude og blåe band. Dette er fordi ein er flest damer, og difor lyt nokre damer ha roller som menn. For å markera dette har “mennene” blå band og damene raude. Så vert det instruksjon og ein prøver seg fram. Undervegs vert det mykje moro og latter, og sjølvsagt tek me ofte drikkepauser (ja, vatn altså). Stundom kosar ein seg òg med kaffe og nokå attåt.
Nokre av deltakarane var dessutan hausten 2011 på dansekurs på Storefjell Hotel. Det var danselaget i Kvam som hadde invitert, og på dette stemnet fekk eidfjordingane treffe heile 110 andre danseglade . Her vart det fine dagar med danseøkter, god mat og fine turar.
Det lyt også nemnast at Seniordansen har hatt besøk av gjestedansare frå Granvin, og det var både inspirerande og hyggjeleg.
Nyleg var Leif Hereid og to andre medlemmer til Odda for å lære nokre nye danser, som laget begynte å trene inn då dei møttes til avslutningsdansen no i vår. Dansane vart nok ikkje helt ferdig innlærte, men resulterte hvert fall i mykje moro. Samstundes fekk seniordansarane utdelt medlemsbladet “Gladringen” og alle vart inviterte til det komande dansekurset på Storefjell til hausten.
Laget har i dag fjorten medlemmer, men det er plass til fleire uansett kva alder ein har. Spesielt triveleg hadde det vore om nokre menn ville ta seg ein tur opp på Lægreid ein måndag, slik at ein kan byte ut nokre av dei blåe banda med ekte karar når ein startar opp att i september.
På biletet frå oppvisninga på Bygdaheimen i mars er fylgjande med: Kjellfrid Myklatun, Sigrid Kvale, Marit Herland, Aslaug Riber, Johanna Maria Nesheim, Karen Lægreid, Leif Hereid, Brita Hereid, Oddrun Sæbø, Brita Tveit og Mary Herland. Tre medlemmer var ikkje til stades: Ragnhild Herstad, Willy Pettersen og Anna Marie Graff.
Foto: Lars Hoel
Frå opptreden på Bygdaheimen 12. mars 2012