Herreklubben på tur til Sivlegarden på Stalheim
(ka skjer?) Tysdag 19. juni dreg seniorane av garde på sumaravslutningstur til garden ved Stalheim som no vert kalla Sivlegarden. Denne turen er open for alle karar som er rundt dei 70 – eller meir – eller mindre. Har du lyst på ein tur, der du får nærkontakt med Per Sivles dramatiske liv og hans vakre, strålande tekstar, ja, då kan du nok snika deg med på turen uansett alder. Avreise vert 09.30, og ein reknar med å vera tilbake i Eidfjord kring 16.30. På Sivlegarden vert det kulturoppleving og lunch hjå vertinna, Randi Engelsen Eide. Interesserte lyt melda seg på hjå sekretæren , Lars Hoel. T. 410 82 845.