(ka skjer?) Teaterlaget, under leiing av Line Dyrstad, arbeider no med to store undehaldningsprosjekt. Fyrst ute er revyen, som kan henda får premiere i november. Ei revygruppe der Mary Herland, Svein Hop og Lars Hoel er med, har jobba i heile sumar med tekstar, og sundag 5. august samla dei fleire lagsmedlemer til eit hytteseminar i fjellheimen. Her var det innleiande leseprøver og mykje moro. Så då er det er vel berre å gle seg til haustens førestelling i Samfunnshuset. Då er tida inne til å melda seg, for no er det ikkje mange dagane før revyøvingane tek til. Tysdag 21. august klokka 19.00 går nemleg teatergjengen i gang med å øva på tekstane som i november skal verta til revy. Einkvar amatør er hjarteleg velkomen med, fortel leiaren, Line Dyrstad. Ein treng ikkje ha erfaring. Det viktigaste er at ein har lyst, seier ho.
Foto: LH, Revyplanlegging i fjellheimen