Eineståande koroppleving på Bygdaheimen då 92-års bursdagsbarnet, Herborg, fekk 40 franske gutar på vtjing
(ka skjer?) Laurdag 18. august heldt eit fransk gutekor konsert i Eidfjord kyrkje. Men sanneleg tok dei seg ikkje tid til også å vitja Bygdaheimen rett før konserten i kyrkja. Og dermed fekk bebuarane ein feiande flott minikonsert med gutane frå Frankrike. Kan henda var det ikkje så lett å forstå dei engelske og franske tekstane, men det vart ei strålande og mektig musikalsk oppleving denne laurdags ettermiddagen. Og noko heilt ekstra var det for bursdagsbarnet, Herborg, som fekk vitjinga av de 40 franske gutane nettopp på sin store dag, 92-årsdagen.