(ka skjer?) Det var for akkurat 100 år sidan i år at dei to gode venane og brørne, Nils L. Høel (1875-1958) og Lars L. Høel (1877-1935) satte opp bua inne ved Tinnhølen. Sidan arva sonane deira, Leif N. Høel (gardbrukaren på Høel) og Leif L. Høel (1922-97) (pressefotografen Drammens-Leif), kvar sin halvpart. Nils og Lars vaks opp saman på garden Høel og vart sers gode venar. Dei gjeta mellom anna 300 sauar i fjellet saman då dei berre var 8-10 år gamle, slikt skapar samhald. Det er skrive ein flott fortelling i DNT-årboka 1929 om oppleving-ane deira som smågutar. Seinare skreiv dei brev til kvarandre meist kvar einaste veke. Då Lars døyde tidleg, i 1935, var Nils i kyrkja. Torfinn Skaar har fortald at det var einaste gong han hadde sett tårane kome hos den staute fjellmannen, Nils. Han var gardbrukar og dreiv Sandhaug Turisthytte i utallige år. Lars budde i Drammen og var eiendomsmeklar. I sumar er det altså 100 år sidan dei to saman bygde bua som no stend som eit minne over dei to.
Den gamle Tinnhølbua 100 år i år
Publisert av Admin.
Gjertrudvennene er en forening under opparbeiding. Det skjer i Norge at en avdød ikke har verken pårørende eller venner ved livets ende, og da blir det kommunal gravferd.. Det er en meget trist situasjon når kapellet står tomt under seremonien. Vi - Gjertrudvennene - vil forsøke å være til stede i slike begravelser/bisettelser. Vi vil være medmennesker og venner. Vi trenger støttespillere over hele landet. Se vår nettside for nærmere informasjon. Vis flere innlegg