Vøringfossen Turisthytte eller Fossastovo Det er nok ikkje mange i Eidfjord som kan hugsa at det stod eit hus inne på “Turistvegen”, stien som fører inn til Vøringfossen. Ja det måtte i så fall vera Knut Lægreid. Det var nemleg slik at det i 1872 vart bygd ferdig ein turiststi inn til fossefallet, og Turistvegen …
Månedlig arkiv:juli 2012
Juli – tid for bær
(stemningar)
Stemningar
(stemningar)
Presentasjon av ulike Eidfjord-bøker
Ola Garen – Fjellmannen frå Sysendalen som bygde Fossli Hotel Boka vart utgjeven i 2005 og tek utgangspunkt i Ola Garen (1857-1915). Denne mannen gjorde vågestykket å setja opp eit hotell i øydemarka, altså mange år før det vart bygd veg opp Måbødalen. Boka fortel om Ola Garen og hotellets historie, men her finst også …
Då prinsen var i Eidfjord for 140 år sidan – 22. juli 1872
(tilbakeblikk) Prins Oscar (1829-1907), som seinare vart kong Oscar II, var i Eidfjord denne sumardagen for nøyaktig 140 år sidan. Også statsminister Fredrik Stang var med på turen, som kunne ha vorte hans siste. For det heldt nemleg på å gå heilt gale i Måbødalen då dei skulle inn til Vøringfossen. Turistforeininga var på denne …
Fortsett å lese «Då prinsen var i Eidfjord for 140 år sidan – 22. juli 1872»
Til minne om Arnhild Johansen (1947-2012)
Minneord etter Arnhild Johansen Arnhild Johansen døydde brått fredag 1. juni. Måndag 16. juli ville ho fyllt 65 år. Det er vanskeleg å forstå at ho er borte. Heile Eidfjord vart sjokkert, og sorga er stor. Familie og vener har sjølvsagt mist ein veldig kjær person, men også heile Eidfjord har lidd eit stort tap. …
“Eidfjord – Historiske Glimt I, fiksjon og fakta”
(tilbakeblikk) Dette er ei av eidfjordbøkene som det ofte er sitert frå her på sida. Denne boka kom ut i 2006 og inneheld heile 58 artiklar om ulike historiske tilhøve. Såleis vil ein finna både faktastoff og rein fiksjon i denne boka. Her finn ein stoff frå Hardangervidda, Sysendalen, Måbødalen, Øvre Eidfjord og det gamle …
Fortsett å lese «“Eidfjord – Historiske Glimt I, fiksjon og fakta”»
Lat oss presentera nokre eidfjordbøker
(tilbakeblikk) Her på bloggen skal me presentera nokre eidfjordbøker som er nemnde her på sida. Tilbakeblikk-oppslaga her på sida har ofte sitt opphav frå tidlegare utgitte eidfjordbøker. Difor skal me visa deg nokre av desse bøkene her på EidfjordBloggen. Dei er også lista opp på sida “Om meg”, som du finn øvst i menyen.
Kar hen?
(kar hen?)