(Kven er dette?) Ja kven er folka på dette biletet?. Og årstallet? Har du ein meining om dette, så skriv ein kommentar under biletet. Trykk på «ingen kommentar» eller «kommentar».
Månedlig arkiv:juni 2013
Den gamle og den nye tid
(Kar hen?) Dette biletet frå Dalberg-tunnelen seier vel det meiste om tida som var – og vår eiga tid. Men når vart Dalbergtunnelen laga? Foto: Lars Hoel
Kven er dette?
(Kven er dette?) Ja spørsmålet er om du veit det? Ho var frå Eidfjord og døydde i 1950. Vinnaren får heider og ære, ikkje noko meir.
Billettsalet til Jakob Sande-førestellinga er i gong 1. juli
(ka skjer?) Kulturkomiteen i Eidfjord arrangerer i samarbeid med Eidfjord Fjell & Fjord Hotel og Kulturkontoret i kommunen ein haustleg heilaftans kulturkveld laurdag 19. oktober. Kven dei kring 80 heldige personane er som får plass i salen, medan austavinden herjar utanfor denne haustlege kvelden, er ukjent. Men me kan ikkje tru anna enn at det …
Fortsett å lese «Billettsalet til Jakob Sande-førestellinga er i gong 1. juli»
Ketil Kversøy kjem til Eidfjord med Jakob Sande-førestelling
Stor Jakob Sande-førestelling i Eidfjord (ka skjer?) Laurdag 19. oktober vert ein spesiell dag for mange eidfjordingar. Då vert det nemleg framført ei særs spanande Jakob Sande-førestelling. Sande har eit stort namn blant mange bygdefolk, for diktaren har vore ein del av vestlandskulturen for mange vaksne gjennom mange år. Dikta hans er vidgjetne for så …
Fortsett å lese «Ketil Kversøy kjem til Eidfjord med Jakob Sande-førestelling»