(tilbakeblikk) Tor Bu og Margrethe Weum skapte store latterbølger i sketsjen «Eg heiter Anved Johan» i Austavind-revyen i januar 2013. Til alt hell har me ein ordførar som tok tøysinga med ordførarrollen særs sporty. Og her har du teksten på ordførarsongen som Bu framførde desse to januarkveldane på Samfunnshuset.
Eg heiter Anved Johan (Tekst: Lars Hoel)
1.
Eg heiter Anved Tveiten og er so ven ein kar.
Din ordførar det er eg, og kjede no eg har.
Men attval tek eg vel,
det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.
2.
Eg heiter Anved Johan, er ordføraren din.
Eg tykkjer kjedet verkeleg, gjer meg so fjong og fin.
Men attval tek eg vel,
det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.
3.
Eg heiter Tveit, og eg er – ein ordførar so flink.
Det finst no ikkje tvil om at eg oftast treffè blink.
Men attval tek eg vel,
det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.
4.
Eg heiter Anved Tveiten – og gjer ein dugleg jobb.
Men AP meiner stundom at eg berre er ein snobb.
Men attval tek eg vel,
det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.
5.
Eg heiter borgarmeister Tveit, og eg er sjefen her.
Er godvener med Høgre no, dei har meg voldsomt kjær.
Men attval tek eg vel,
det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.
6.
Eg heiter Tveit, og eg er – ein mann for folk og land.
I Eidfjord er eg rekna, ja, som ein supermann.
Men attval tek eg vel,
det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.
7.
Eg heiter Anved Johan, no sluttar denne song.
No har eg presentert meg, so du tykkjer eg er fjong!
Men attval tek eg vel,
det vil eg folket lova, eg svik det likevel.