(ka skjer?) PensjonistKafeen på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel er eit nytt tiltak frå Kulturkomiteen. Ein onsdag per månad vert det treff frå klokka 12.00 til kring 14.00. Her vert det lunchbuffet + kaffe/te som ein får for kr. 100. Treffet er ikkje eit nytt pensjonistlag, men eit forsøk på å laga til ein uformell treffstad.
Foto: LH. Husfruen, Borghild, ynskjer her velkomen til PensjonistKafeen.
Her får du lista over treffdatoane fram til sumaren: 29.januar, 26. februar, 26.mars, 30. april, 28. mai og 25. juni.