“Ramp i kast no herjar fram, virvlar opp kvart minste gram,
kostar inn i kvar ei krå, sparer ingen – kom og sjå!”
(ka skjer?) Desse visdomsorda er å sjå på revyplakaten for Austavind. For austavinden er rampete. Han kastar seg ned, tørr og kald, virvlar opp, herjar med oss og sparer ingen. «Eidføren» kjenner austavinden, og veit at det berre er å vente seg … Desse orda er nok dekkjande både for austavinden me kjenner så godt i Eidfjord, og ikkje minst for den komande revyen som Eidfjord teaterlag set opp i november.
Førebuingane har gått føre seg sidan i våres, og me kan ikkje tru anna enn at den som tør å koma, har mykje moro i vente. Det vert verkeleg ein heilaften på Samfunnshuset når teppet gjeng opp på premieren laurdag 3. november. Førestellinga varar nemleg nær på 3 timar inkludert pause , så her vert det mykje for pengane.
Då teaterlaget arrangerte sin fyrste førestelling “Le med oss”, fekk me oppleva ein noko annerledes nyhendessending. Me kan røpa at det i Aqustavind vert fleire nyheter – på vårt eige vis – i innslaget “Tulle- og tøysenytt”. Vidare skal det nemnast at samtlige 20 innslag er spesialskreve av lagets medlemmar, og nær sagt alle grip fatt i lokale tilhøve. Er du stadig viss på at du tør å koma?
Dørene opnas klokka 17.30 laurdag og 18.30 på tysdag, og så vert det høve til å kjøpa seg kaffe, te, mineralvatn og dei herlegaste kaker i 20 minutter. Salet stengjer klokka 17.50 laurdag og 18.50 tysdag. Vær difor ute i sers god tid. Det vert også høve til å kjølpa seg godsakar i pausen. Det er elevar frå avgangsklassa på Lægreid som stend for salet.
Om få dagar startar billettsalet. Billettar får du då kjøpt hos Destinasjon Eidfjord fram til fredag 2. november. Dei er ope fra 08.30 til 15.30 mondag til fredag. Det er begrensa antall billettar pga bordoppsetet i salen. Det er difor sannsyneleg at premieren raskt vil verta utseldt. Vær difor rask med å ta turen til Destinasjon Eidfjord. Det er ikkje høve til å reservera billettar per telefon. Skulle det mot formodning vera billetter igjen arrangementsdagen, vert dei solgt frå klokka 17.15 laurdag og frå klokka 18.15 tysdag. Billettar koster 150 kroner. Barn under 12 år betaler 50 kroner. Ein gjer merksamd på at det ikkje er ein tilrettelagt barneførestelling. Billetene er unummererte.
Det er Eidfjord teaterlag som står bak førestellinga. Laget vart nystifta i 2009 og har satt opp fire stykkje tidlegare. Me ynskje alle teaterintersserte velkomne som medlem i laget.
Premiere laurdag 3. november klokka 18.. (Obs. Frammøte 17.30)
Førestellinga spelas også tysdag 6. november klokka 19. (Frammøte 18-.30)