(ka skjer?) Kulturkomiteen i Eidfjord arrangerer i samarbeid med Eidfjord Fjell & Fjord Hotel og Kulturkontoret i kommunen ein haustleg heilaftans kulturkveld laurdag 19. oktober. Kven dei kring 80 heldige personane er som får plass i salen, medan austavinden herjar utanfor denne haustlege kvelden, er ukjent. Men me kan ikkje tru anna enn at det vert ei spesielt flott kulturoppleving. For det bryggjer opp til Jakob Sande-feber i bygda no når Ketil Kversøy og hans to musikarar kjem til Eidfjord med førestellinga “Frå Sunnfjord til Rio”.
Jakob Sande drog til sjøs med “Villanger” i 1932, og sjømannslivet gjorde eit sterkt inntrykk på sunnfjordingen. På bakgrunn av opplevingane skreiv han mange flotte dikt, som Kversøy no har sett musikk til. Difor vert ikkje dette ein kavalkade over dei aller mest kjende dikta til Sande, men ein får eit strålande høve til å gjera seg meir kjend med diktaren. Mellom anna får ein høyra “Båssmann”, eit dikt komponisten og musikaren Kversøy set serleg høyt.
Det vert ein verkeleg heilaftan på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel denne laurdagen, for publikum varmar opp med torettars middag før dei får servert ramsalte dikt frå Jakob Sandes hand – formidla av Ketil Kversøy og hans musikarar. Billettsalet er i gang.
Jakob Sande vart fødd den 1. desember 1906 på Klokkargarden i Dale, og døydde den 16. mars i 1967 på Ullevål sjukehus. Foreldra var Andreas Sande og Ragna Margrethe f. Barsnes. Han gifte seg i 1942 med Solveig Ytterlid, og dei fekk dottera Siri i 1943. Sande var lærer, men fyrst i 1963 tok han avgjerda om å slutta lærargjerninga og satsa fullt og heilt på diktinga. Han fekk då eit arbeidsstipend på 15 000 kr. I ettertid kan me sjå at dette var for seint. Han var alt mykje plaga av sjukdom, og berre fire år seinare døydde han på Ullevål sjukehus.
Kulturkomiteen (tidlegare Eldrekulturkomiteen) har sidan 2007 arbeidd med å skapa arrangement for dei eldste i bygda, ikkje minst på Bygdaheimen, men frå tid til anna trår ein også til med noko større arrangement for vaksne og for godt vaksne, og denne gongen skjer det altså i samarbeid med Eidfjord Fjell & Fjord Hotel og Kulturkontoret i kommunen.