(stemningar) No ynskjer eg deg ein herleg påskeferie. Påsken er her straks, og eg vonar du får oppleva gode påskedagar, anten det er på fjelltur eller heime. Foto: Lars
Månedlig arkiv:mars 2012
Kveld i Eidfjord
(stemningar) Kveld i Eidfjord. Foto: Lars
Bjoreidalshytta er 100 år – Gratulerer!
(Tilbakeblikk) I år er det stort jubileum for Bjoreidalshytta, for det var i 1912 ho vart bygd av Sylfest Sæbø. Faren, Lars, hadde sett opp Sæbø Hotel (Eidfjord Gjestgiveri), og Sylfest var eldst av heile tolv born. Han gifte seg med Johanna L. Høel, og saman fekk dei sonen Lars (1920–65). Sylfest var førar …
No kjem Ole
Kven vart fødd på Svaneapoteket i Bergen? Kven ville byggja ein koloni for norske immigrantar i USA i 1853? Kven har vorte kalla Noregs største superstjerne gjennom alle tider? (ka skjer?) Ja, kanskje har du gissa at dette må vera sjølvaste Ole Bull. Og kan henda såg du filmen om livet hans for nokre år …
Utsyn over Eidfjordvatnet
(stemningar) Foto: Lars Hoel
Det er høve til å kommentera innlegga
Det er fullt mogeleg å kommentera innlegga her på bloggen. Då markerar du på linja rett under overskrifta på eit innlegg, der det står noko om kommentarar. Du får då opp eit eige felt til å skriva din kommentar
Ole Bulls meksikanske sal
(tilbakeblikk) (ka skjer?) Det nærmar seg Ole Bull-førestellinga på Bygdaheimen 26. mars. Visste du at den berømde fiolinspelaren har vore her i Eidfjord? Jau då, det har han, men årstalet er usikkert. Det me veit, er at Bull ved eit høve budde på Heggjagarden. Så er det fortalt at han reid inn Turistvegen, stien som …
Kven er dette?
(kven er dette?) Eit flott bilete, men kven er personane?
Sjøbua – ein spanande arena for kulturlivet i bygda
(ka skjer?) Etter at kommunen overtok Sjøbua, har bygget vorte pussa opp og ser no ut til å verta ein spanande arena for kulturlivet i bygda. Mellom anna har det vore arrangert irsk pubkveld der forutan tradisjonsbaking og anna. Foto: Lars Hoel
Sumarstemning på Stavanes
(stemningar) Madli (1908-97) og Helge Stavanes (1900-80) på Stavanes 12. juni 1963. Foto Leif H.
Ho Annetta i Kristiania
(tilbakeblikk) Annetta Garathun var ei hyggeleg, flott og særeiga dame. Ho levde fra 1856 til 1950 og vart såleis heile 94 år gamal. Annetta var dotter av Ola O. Garatun og Marta O. Vik , som var frå Eidfjord, men budde i Romsdal frå 1849 til 1875, der Annetta blei fødd. Ho hadde fem systrer, …