(ka skjer?) Så vert det ny framsyning av gamle filmopptak frå Eidfjord. Kulturkomitéen arrangerte fyrste del i februar i fjor, men no slår ein til med eit utvida program.
Det vert ein lang ettermiddag, men tida flyr i godt lag, som ein veit, og ikkje minst med slikt spanande program. Me har delt inn programmet i to bolkar. I fyrste avdeling kjem film og bilete som ikkje vart vist forrige gong – i februar 2013. I annen avdeling synar me opptak som også vart vist forrige gong.
Det var nemleg mange som ikkje hadde høve til å koma på Gamalfilmfestivalen i 2013, då dette var ein laurdag i vinterferien. Difor gjev me no desse moglegheiten til å sjå det ein mista forrige gong.
For mange vil nok opptaket frå jakta i 1959 vera særleg spanande. Dette er eit opptak som vart oppdaga i 2013. Det har ligge nedstøva sidan opptaket vart gjort for 54 år sidan. Ein får sjå jegrar, hestar, traktortransport, rein, jakt og ulike stemningar frå Vidda. Me møter ei rekkje jegrar som nok er til å kjenna att for folk som har levd ei stund. Opptaka synest å vera frå traktene kring Sandhaug. Jaktopptaket er på kring 15 minutt.
Det kan vera ein god tanke å tipsa eldre jaktfolk om framsyninga.
Inngong kr. 50. Sal av kaffi og kaker. Ver hjarteleg velkomen i god tid før starten klokka 14.