(ka skjer?) No er det berre å gle seg, for siste laurdag i september vert det god, gamaldags fest for godt vaksne eidfjordingar. Me har valt å ha bygdafesten i herlege, nostalgiske omgjevnader på Bu grendahus. Her vert det mat og mykje triveleg sosial omgang, og ikkje minst kjem den legendariske suksessgruppa “Laurdagsgutane” med dei vidgjetne trubadurane Egil Johannessen og Reidar Eidnes, for å skapa rette stemninga. Kan det verta betre, då?
Billetten koster skarve 250 kroner. Når du kjøper billetten, lyt du vita om du ynskjer a) rjomegraut med spekjemat og saft eller b) betasuppe m/saft. Fritt val. I tillegg får du kaffi og eplekake utpå kvelden. Det ein ynskjer å drikka elles, lyt ein ha med seg. Det er ikkje noko sal på grendahuset.
Billettane er å få kjøpt frå 15. august. Det er ikkje mogeleg å telefonreservera billettar. Ein lyt kjøpa seg billett ved kontant betaling ved frammøte hjå ein av fylgjande KulturKomité-medleme: Hans Hellevang på Bu (frå 1.9.), Ingebjørg Olsen i Sentrumstunet, Lars Hoel på Hereid eller Johanna Håbrekke i Øvrehagen. Er det vanskeleg for deg å reisa for å kjøpa deg billett, er det heilt sikkert ein du kjenner som kan ordna det for deg.
Spørsmål? kulturkomiteen@outlool.com