(ka skjer?) Eit nytt år er gått, og her kan du lesa komitéens årsrapport og sjå kva som har gått føre seg i 2012. Årsrapport for Eldrekulturkomiteen (EEKK) 2012 Eldrekulturkomitéen arbeider for å skapa kulturell underhaldning for dei eldste i bygda, spesielt på Bygdaheimen. I 2012 har EEKK arrangert kring 17 arrangement på Bygdaheimen fram …
Forfatterarkiv:Admin.
Ved Halnefjorden
Vidda i novembersol
Romjulsunderhaldninga på Bygdaheimen
Kven kunne tenkja seg å bidra med litt underhaldning i jula? (ka skjer?) Eldrekulturkomitéen vil for fjerde år på rad arrangera romjulsunderhaldning på Bygdaheimen. Me startar opp 1. juldag og avsluttar 1. nyttårsdag. Me ynskjer kontakt med nokon som vil ofra ein halvtime éin av melsdagane. Underhaldninga lyt starta klokka 16.00. Du kan sjølv velja …
Vêrmeldinga: AUSTAVINDen vert hard i november ….
(ka skjer?) Revygjengen i Teaterlaget førebur seg på AUSTAVINDen i haust, dvs. laurdag 3. november. Har du tenkt å ta turen på premieren? Då er det lurt å vera rask med å kjøpa seg billett på Destinasjon Eidfjord. Her er det ope fra 08.30 til 15.30 frå mandag til fredag. Austavind er en skikkeleg lokalrevy, …
Fortsett å lese «Vêrmeldinga: AUSTAVINDen vert hard i november ….»
Eldredagen vart vellukka
(ka skjer?) Strålande Eldredag-feiring i Eidfjord Av ulike årsaker vart Eldredagen feira fyrst sundag 7. oktober i Eidfjord i år. Og dagen kom seint, men godt, for det vart eit flott arrangement i Samfunnshuset på Lægreid. I opningstalen sin fortalde ordførar Anved Johan Tveit at ein kom i gang med Eldredagen internasjonalt i 1992. Han …
No kjem AUSTAVINDen
“Ramp i kast no herjar fram, virvlar opp kvart minste gram, kostar inn i kvar ei krå, sparer ingen – kom og sjå!” (ka skjer?) Desse visdomsorda er å sjå på revyplakaten for Austavind. For austavinden er rampete. Han kastar seg ned, tørr og kald, virvlar opp, herjar med oss og sparer ingen. «Eidføren» kjenner …
Storfest på Samfunnshuset 7. oktober for å heidra våre eldste
Den store Eldredagen-feiringa sundag 7. oktober Snart arrangerer Eldrekulturkomitéen den store feiringa av Eldredagen på Samfunnshuset på Lægreid. Det heile startar klokka 15 og sluttar 17.45. Me reknar med at dette skal verta ein flott dag for våre eldste, men sjølvsagt er det hyggeleg om heile familiar kjem. Kan henda er denne dagen eit fint …
Fortsett å lese «Storfest på Samfunnshuset 7. oktober for å heidra våre eldste»
Sjømannen frå Lægreid fyller 102 år tysdag 28. august
(ka skjer?) Heile 102 år vert Knut tysdag 28. august. Dermed er han sjølvsagt Eidfjords eldste innbyggjar. Oftast er det jo damene som stikk av med desse rekordane, men på våre kantar er det ein humoristisk og triveleg mann som stadig har glimt i auga; Knut Lægreid. “Still going strong”, svarar Knut når eg spør …
Fortsett å lese «Sjømannen frå Lægreid fyller 102 år tysdag 28. august»
Historielaget i Eidfjord
(ka skjer?) Historielaget er ein trufast slitar innan kulturlivet i Eidfjord. Laget vart stifta etter initiativ av Lars Hoel hausten 2000 og har altså halde det gåande på solid vis i nærare tolv år. Flaggskipet til historielaget er Bergasylja-heftet, som vert utgjeve kvart år i november. Leiar i dag er Ragnhild Myklatun, og med seg …
Kar hen?
Herborg fekk vitjing av 40 franskmenn på 92-årsdagen sin
Eineståande koroppleving på Bygdaheimen då 92-års bursdagsbarnet, Herborg, fekk 40 franske gutar på vtjing (ka skjer?) Laurdag 18. august heldt eit fransk gutekor konsert i Eidfjord kyrkje. Men sanneleg tok dei seg ikkje tid til også å vitja Bygdaheimen rett før konserten i kyrkja. Og dermed fekk bebuarane ein feiande flott minikonsert med gutane frå …
Fortsett å lese «Herborg fekk vitjing av 40 franskmenn på 92-årsdagen sin»
Store planar i Teaterlaget – No kjem revyen!
(ka skjer?) Teaterlaget, under leiing av Line Dyrstad, arbeider no med to store undehaldningsprosjekt. Fyrst ute er revyen, som kan henda får premiere i november. Ei revygruppe der Mary Herland, Svein Hop og Lars Hoel er med, har jobba i heile sumar med tekstar, og sundag 5. august samla dei fleire lagsmedlemer til eit hytteseminar …
Fortsett å lese «Store planar i Teaterlaget – No kjem revyen!»
Vøringfossen Turisthytte – Kar hen?
Vøringfossen Turisthytte eller Fossastovo Det er nok ikkje mange i Eidfjord som kan hugsa at det stod eit hus inne på “Turistvegen”, stien som fører inn til Vøringfossen. Ja det måtte i så fall vera Knut Lægreid. Det var nemleg slik at det i 1872 vart bygd ferdig ein turiststi inn til fossefallet, og Turistvegen …
Juli – tid for bær
(stemningar)
Stemningar
(stemningar)
Presentasjon av ulike Eidfjord-bøker
Ola Garen – Fjellmannen frå Sysendalen som bygde Fossli Hotel Boka vart utgjeven i 2005 og tek utgangspunkt i Ola Garen (1857-1915). Denne mannen gjorde vågestykket å setja opp eit hotell i øydemarka, altså mange år før det vart bygd veg opp Måbødalen. Boka fortel om Ola Garen og hotellets historie, men her finst også …
Då prinsen var i Eidfjord for 140 år sidan – 22. juli 1872
(tilbakeblikk) Prins Oscar (1829-1907), som seinare vart kong Oscar II, var i Eidfjord denne sumardagen for nøyaktig 140 år sidan. Også statsminister Fredrik Stang var med på turen, som kunne ha vorte hans siste. For det heldt nemleg på å gå heilt gale i Måbødalen då dei skulle inn til Vøringfossen. Turistforeininga var på denne …
Fortsett å lese «Då prinsen var i Eidfjord for 140 år sidan – 22. juli 1872»
Til minne om Arnhild Johansen (1947-2012)
Minneord etter Arnhild Johansen Arnhild Johansen døydde brått fredag 1. juni. Måndag 16. juli ville ho fyllt 65 år. Det er vanskeleg å forstå at ho er borte. Heile Eidfjord vart sjokkert, og sorga er stor. Familie og vener har sjølvsagt mist ein veldig kjær person, men også heile Eidfjord har lidd eit stort tap. …
“Eidfjord – Historiske Glimt I, fiksjon og fakta”
(tilbakeblikk) Dette er ei av eidfjordbøkene som det ofte er sitert frå her på sida. Denne boka kom ut i 2006 og inneheld heile 58 artiklar om ulike historiske tilhøve. Såleis vil ein finna både faktastoff og rein fiksjon i denne boka. Her finn ein stoff frå Hardangervidda, Sysendalen, Måbødalen, Øvre Eidfjord og det gamle …
Fortsett å lese «“Eidfjord – Historiske Glimt I, fiksjon og fakta”»
Lat oss presentera nokre eidfjordbøker
(tilbakeblikk) Her på bloggen skal me presentera nokre eidfjordbøker som er nemnde her på sida. Tilbakeblikk-oppslaga her på sida har ofte sitt opphav frå tidlegare utgitte eidfjordbøker. Difor skal me visa deg nokre av desse bøkene her på EidfjordBloggen. Dei er også lista opp på sida “Om meg”, som du finn øvst i menyen.
Kar hen?
(kar hen?)
Dei to nakne på Maurset og professor Christopher Hansteen
(tilbakeblikk) 6. juli 1821 kom professor Hansteen frå Maurset og ned til Vøringsfoss. Han hadde lagt ut på ei reis frå Christiania 20. juni, og på Maurset overnatta han. Det var her han opna døra klokka fire om morgonen og skvatt til då han såg to nakne menneske i senga. Det var Per J. Maurset …
Fortsett å lese «Dei to nakne på Maurset og professor Christopher Hansteen»
Sumaren kjem sigande i fjellet
(stemningar) Også i fjellet kjem sumaren sigande. Her på 700 meters høgde er hestehoven komen.
190 år sidan målaren Johannes Flintoe overnatta i Myklatun og åt kveldsmat på Tveit
(tilbakeblikk) Flintoe kom saman med botanikaren Blytt, geografen Munthe og arkitekten Linstow (som teikna Slottet). På denne ferda teikna Johannes Flintoe dei mange kjende bileta frå Vidda. Dei kom til Øvre Eidfjord, og i Myklatun stimla folk saman for å sjå framandkarane. Seinare skildra han folka han møtte, med fylgjande ord: “En naiv uskyldighet, likefremhet …
Kven er dette?
(kven er dette?)
Er sumaren over?
(stemningar) Ein kan undra seg på om sumaren, som gjorde sitt inntog for nokre veker sidan, allereie er over. Småkaldt, noko vind og regnbyer er vel ikkje kva me hadde ynskt oss no. I fjor forsvann faktisk sumaren før han var komen i gang. Fine dagar på føresumaren, og så kom regnet… Og du kor …
Kar hen finn ein dette skuret?
(kar hen?) Vil du kommentera innlegget/svara? Då markerar du (klikker) på linja rett under overskrifta, der det står noko om kommentarar eller «ingen kommentarer så langt». Du får då opp eit eige felt til å skriva din kommentar. Foto: Lars
Sumaren er her
(stemningar) Foto: Lars
Eidfjordkarar til Sivlegarden på Stalheim. Vert du med?
Herreklubben på tur til Sivlegarden på Stalheim (ka skjer?) Tysdag 19. juni dreg seniorane av garde på sumaravslutningstur til garden ved Stalheim som no vert kalla Sivlegarden. Denne turen er open for alle karar som er rundt dei 70 – eller meir – eller mindre. Har du lyst på ein tur, der du får nærkontakt …
Fortsett å lese «Eidfjordkarar til Sivlegarden på Stalheim. Vert du med?»
Dansen gjekk på Bygdaheimen
Trim, hygge og mykje å læra på Seniordansen (ka skjer?) Har du høyrt om Seniordansen? Dette er altså ei gruppe eidfjordingar av det særs trivelege slaget som treffast kvar måndag klokka 16 til 18 på Samfunnhuset for å dansa og hyggja seg. Akkurat no har laget teke sumarferie, men 10. september startar dei opp …
Kar hen?
(kar hen) Ja, kar hen finn ein denne morosame saken? Foto: Lars
Teaterlaget – ein viktig kulturaktør i Eidfjord
(ka skjer?) Etter mange år utan aktivitet vart laget drege i gang att i 2008, i forkant av spelet, av Kari Vambheim og Lars Hoel. Rika-Ragna-prosjektet var då under oppsegling, og det galdt då å leggja grunnlaget for at ein hadde skodespelarar. Då kom teaterringreven Aud Jorunn Skjerven tilbake i manesjen. Ho hadde mellom anna …
Fortsett å lese «Teaterlaget – ein viktig kulturaktør i Eidfjord»
Kven er dette?
(kven er dette?)
Herreklubben og Fidel Castros Cuba
(ka skjer?) Herreklubben vart etablert i januar 2012 og er ein treffstad for seniorkarar. Nyleg samla herrane seg for fjerde gong i stova i omsorgsbustadene. Heile ni karar kom då saman. Kaffi og kaffimat høyrer sjølvsagt til, medan ein som avslutning plar ha eit kulturinnslag. Til no har underhaldninga mest dreia seg om lokalhistoriske filmopptak, …
Ei frustrerande gravferd
(mi hjartans meining) Frå tid til anna lyt me alle ta del i gravferder. Det er ofte trist og ei sterk oppleving, men det kan også kjennast godt å få lov å vera med på den siste avskilen, viss det er eit menneske som har levt eit langt og godt liv. Er ramma rundt seremonien …
Vil du dela eit innlegg med dei 7647 venane dine?
(ka skjer?) Takk for at du les EidfjordBloggen. Eg gjer merksam på at det per 17. mai er kome på plass “delefunksjon” for kvart innlegg. Det betyr at du kan dela eit innlegg med dei næraste 853 eller kjæraste 46563 venene dine på Facebook eller på andre sosiale media. Sjølvsagt er det stas om du …
Fortsett å lese «Vil du dela eit innlegg med dei 7647 venane dine?»
Manglar Eidfjord eit uteamfi?
(ka skjer?) Kulturlivet i Eidfjord blømer. Kommunen, kulturkontoret og ei rekkje foreiningar og privatpersonar sørgjer for at bygda byr på mange flotte kulturopplevingar. No kan du lesa eit brev som er sendt til kommunen og til dei politiske partia, der ein oppmodar om at det vert laga noko heilt nytt i Eidfjord. Sjå menyen øvst …
Gratulerer med dagen — 17. mai 2012
Ny «flodbølgje» frå Simadal – her kjem resultata frå sykkelskyttarmeisterskapet
Har dei starta ei ny flodbølgje i Simadal? (ka skjer) I august 1937 var det storflaum i Simadal, og no spørs det om sykkelskyttarane i Eidfjord Cider og Sykleclub har starta ei ny «flodbølgje». For det kan sjå ut som at skarpskyttarane no har truffe blink på meir enn ein måte. Her blandast jo moro …
Fortsett å lese «Ny «flodbølgje» frå Simadal – her kjem resultata frå sykkelskyttarmeisterskapet»
Kven er no desse to flotte damene?
(stemningar) (tilbakeblikk) Til venstre «Pers-Lars-Anna», Anna K. Lægreid, (1878-1961) og til høgre Anna O. Lægreid (1875-1959) i Tråa-alléen. Men kven tok dette flotte biletet? Du finn biletet i boka «Eidfjord i svart og hvitt – Historiske Glimt II» (side 51)
Grendalag og 17. mai-frukost i Øvre Eidfjord
Grendalaget i Øvre Eidfjord (ka skjer) Dette var eit flott “nyhende”. Laget kunne presentera seg i EidfjordNytt no i vår, men vart likevel stifta alt i fjor. Eit sus av fortida på eit vis, men samtidig eit fint tiltak som kan verta viktig for utviklinga og samhaldet i Øvre Eidfjord. Dei gode, gamle ungdomslaga har …
Fortsett å lese «Grendalag og 17. mai-frukost i Øvre Eidfjord»
Våren er her, og sumaren er på gong
(Stemningar) Foto: Lars
Kor sutalaust og kjekt er det no eigentleg her?
(Ikkje så alvorsamt) Me skal heva ei kritisk røyst i dag, langa ut ein harmdirrande knyttneve og verkeleg gripa tak i noko alvorsamt. Jau, då. Det gjeld altså Eidfjord fjell & fjord Hotel, som jo har “sutalaust & kjekt” som slagord. Som austlending er eg jo ikkje så godt kjend og ville ta turen ut for …
Fortsett å lese «Kor sutalaust og kjekt er det no eigentleg her?»
No kjem sumaren
(stemningar) Foto: Lars
Eidfjord Cider & Sykle Clubs meisterskap laurdag 12. mai
. Årets sykkelskyttermeisterskap går av stabelen laurdag 12. mai kl. 13.00 (ka skjer?) Eidfjord Cider & Sykle Club står bak dette noko uortodokse meisterskapet, om me kan tillata oss ei slik formulering. Og om du ikkje er heilt kjend med denne cidersykkelsporten, så er du no ikkje helt åleine om det. Men no har president …
Fortsett å lese «Eidfjord Cider & Sykle Clubs meisterskap laurdag 12. mai»
Kar hen er dette?
(kar hen) Kan du gissa kar hen dette biletet er teke? Foto: Leif H.
Det er høve til å kommentera innlegga
(info) Det er fullt mogeleg å kommentera innlegga her på bloggen. Då markerar du (klikker) på linja rett under overskrifta på eit innlegg, der det står noko om kommentarar eller «ingen kommentarer så langt». Du får då opp eit eige felt til å skriva din kommentar.
Ei folkeleg legende kjem til Eidfjord sundag 3. juni
Sputnik med show på Samfunnshuset (ka skjer?) Så er det offisielt. Sjølvaste Sputnik kjem til bygda. Det var etter forslag frå godt vaksne bygdefolk at det heile er kome i stand, akkurat som det var då Jon Eikemo vitja bygda i fjor. Og Herreklubben tok utfordringa på strak arm og inviterte lastebilsjåføren Knut Storbukås …
Fortsett å lese «Ei folkeleg legende kjem til Eidfjord sundag 3. juni»
Raset i Storegjel 2. mai 1903
(tilbakeblikk) Onsdag er det 109 år sidan den fryktlege hendinga i Storegjel. Marita (Marta) Garen (1883–1976) og vennina, Else Huse, streva seg fram oppover den bratte Tymberløypet-stien i Måbødalen. Dei hadde vore på ei tilstelning, og praten gjekk kan henda muntert mellom jentene medan dei baksa seg oppover. So kom raset. Det skal ha vore …