Unike filmopptak frå jakt på Vidda

(ka skjer?)  Laurdag 5. mai vert dette unike filmopptaket vist på Bygdaheimen i regi av Eldrekulturkomitéen. Filmen er nett funnen og er aldri før   vist nokon plass. Dette vert den einaste offentlege framsyninga, og ein vil tru at dette er svært interessant for jaktkarar som har levd ei stund og andre jakt-/viddeinteresserte. Me trur opptaka …

To rustne eidfjordvenar kjem på vitjing 21. april

(ka skjer?)  To Rustne Trubadurer heiter bergensgruppa som har vorte gode vener av Eidfjord. Og no kjem dei igjen – til stor glede for mange. Karl Henrik Svensson og Helge Laastad har vore musikare i ein del år – kan henda det er opphavet til bruken av ordet “rustne”.  Men navnet høver særleg dårleg, for …

Halne Fjellstova feirer 80-års jubileum i år

(tilbakeblikk)  Det var Lars Liseth (1901–86) som bygde Halne Fjellstova i 1932, og dermed feirar me eit ganske stort jubileum no i 2012. Han hadde gifta seg i 1929 med Birgit Sekse frå Børve og hadde teke over Liset-garden i 1930 etter foreldra, Endre og Dordei. Lars var også turistsjåfør på 1920-talet, og ein gong …

160 år sidan George M. W. Atkinson laga sine Eidfjord-skisser

  (tilbakeblikk)  Det var i 1852 irske Atkinson (1806-84) kom til Vik med ein yacht, og her laga han skisser til fleire eidfjordteikningar.  Nokre er attgjevne i boka “Ættegarden i Sysendalen”. Kan henda har du også teke deg tid til å sjå nærare på dei som heng på veggen på Gamleskulen. Éi av dei fire …

Bjoreidalshytta er 100 år – Gratulerer!

  (Tilbakeblikk)  I år er det stort jubileum for Bjoreidalshytta, for det var i 1912 ho vart bygd av Sylfest Sæbø. Faren, Lars, hadde sett opp Sæbø Hotel (Eidfjord Gjestgiveri), og Sylfest var eldst av heile tolv born. Han gifte seg med Johanna L. Høel, og saman fekk dei sonen Lars (1920­–65). Sylfest var førar …

Ole Bulls meksikanske sal

(tilbakeblikk) (ka skjer?) Det nærmar seg Ole Bull-førestellinga på Bygdaheimen 26. mars. Visste du at den berømde fiolinspelaren har vore her i Eidfjord? Jau då, det har han, men årstalet er usikkert. Det me veit, er at Bull ved eit høve budde på Heggjagarden. Så er det fortalt at han reid inn Turistvegen, stien som …

Vøtrafestivalen

(Ka skjer?) Laurdag og sundag vert det Vøtrafestivalen på Feet i Sysendalen. Fredag er det start klokka 16. Her vert det utstilling og aktivitetar på festivalplassen medan det vert føredrag om Amundsen-ekspedisjonen kl. 18.30. Laurdag er det start klokka 11, og det vert ei rekkje aktivitetar; barneskirenn klokka 13, veteransnjokøyretøyløp klokka 14, Harmoni-konsert klokka 15, …

Kar hen?

(kar hen?) Bloggen vil ha sju element. Historiske blikk som vert kalla Tilbakeblikk, dagsaktuelle kulturarrangement under vignetten Ka skjer?,  nye bilete under tittelen Stemningar, bilete der me ikkje veit kven personane er, vert kalla Kven er dette? og dessutan ein og annan fotoquiz under namnet Kar hen?  Eit anna element er «ikkje so alvorsamt», og det siste vert kalla «mi hjartans …

Velkomen

(velkomst) Denne bloggen kunne hatt fleire namn. LaurdagsBloggen kan henda? For ein vil  freista å koma med eit innlegg  kvar veke, og då gjerne på laurdagar.  Namnet skjemmer ingen, og vonleg vert bloggen, som er laga av Lars Hoel, til glede. Vel unnt!