(ka skjer?) Eit nytt år er gått, og her kan du lesa komitéens årsrapport og sjå kva som har gått føre seg i 2012.
Årsrapport for Eldrekulturkomiteen (EEKK) 2012
Eldrekulturkomitéen arbeider for å skapa kulturell underhaldning for dei eldste i bygda, spesielt på Bygdaheimen.
I 2012 har EEKK arrangert kring 17 arrangement på Bygdaheimen fram til jol, og i tillegg vert det 8 romjulsarrangement. I tillegg kjem feiringa av Eldredagen sundag 7. oktober.
- 31.1. Filmframsyning, Ulvik-historie
- 9.2. Filmframsyning,Ulvik-/Eidfjord-historie
- 16.2. Filmframsyning, Ulvik-/Eidfjord-historie
- 1.3. Biletframsyning, Eidfjord gjennom fire årstider
- 12.3. Seniordansen
- 14.3. Film: Fjolls til fjells
- 26.3. Ole Bull-tema, musikk
- 5.5. Filmframsyning om jakt m.m. i 1959
- 17.5. Filmframsyning, NRK-film frå 1967 om Kjeåsen
- 10.6. Filmframsyning om Solgården
- 13.7. Filmframsyning, Sputnik i Thailand
- 19.8. Fransk gutekor
- 8.9. Gruppe frå Hardangerkoret
- 13.9. Nederlandsk kor, Grootkoor
- 7.10. Eldredagen på Samfunnshuset
- 13.10. Vinjes Ferdaminne
- ? Kulturskulen v/ Lynna m/elevar
- ? Vetlaskredo/Harmoni
Ole Bull- og Vinjes Ferdaminne-arrangementet har vore arrangert i samarbeid med Kulturkontoret.
Eldredagen har dei siste åra vore feira på Bygdaheimen. I år ville ein freista å laga til eit annleis arrangement på Samfunnhuset. Dette vart grundig planlagt, og ein fekk til eit fint program med hakkasteik-middag og eit stort underhaldningsprogram, der ordførar Anved Johan Tveit, Detelina Deneva, Johannes Sekse, Lilliann Høyvang Andreassen, Ågot Bjotveit og Einar Liseth tok del. Dei skal alle ha stor takk. Det skal også Kulturskulen m/Bjørne Møen i spissen for all hans uunverlege hjelp. Kring 60 personar fekk ein veldig fin dag i Samfunnshuset.
EEKK spør ulike eidfjordingar og andre, som gjestar Eidfjord, om å underhalda på Bygdaheimen. Nokre opptrer i “vår” regi, medan andre vel å ha/ta direkte kontakt med Bygdaheimen når det gjeld å opptre. Dette er heilt problemfritt. Det viktige for både EEKK og andre er å bidra til å skapa aktivitet og underhaldning for våre eldste; ikkje kven som arrangerer. Også Bygdaheimen sjølv har eigne arrangement, mellom anna jolabordet.
Me takkar difor alle som har teke seg tid og underhalde på Bygdaheimen anten det er i vår eller andre sin regi.
Eldrekulturkomitéen spør alltid alle aktørar om å opptre gratis, og me har ikkje hatt utgifter i 2012. Eldrekulturkomitéen har ingen sjølvstendig økonomi og ikkje noko rekneskap. I eit samarbeid med Bygdaheimen/kommunen har likevel komitéen tilgang til “Fotobokkontoen”, der det finst pengar som kan nyttast når det trengst. Pengane på kontoen kjem frå sal av Lars Hoels fotobok “Eidfjord i svart og hvitt”, som Lions selde for nokre år sidan, frå overskot på Jon Eikemo-arrangementet i 2011 og frå eit lite overskot frå Eldredagen 2012.
Eldrekulturkomitéen vart starta i 2007 av Lars Hoel i samband med hans fotobok/inntektene av denne osv. All inntekt av denne boka i perioden 2007/2009 gjekk uavkorta til eldrekulturtiltak; fyrst i regi av Lions Eidfjord fram til 2009, deretter i regi av Eldrekulturkomitéen. Fleire eidfjordingar har teke del i EEKK gjennom åra, medan Gunnvor Hopen Veka og Lars Hoel har vore med heilt frå starten og fram til i dag.