Unike filmopptak frå jakt på Vidda

(ka skjer?)  Laurdag 5. mai vert dette unike filmopptaket vist på Bygdaheimen i regi av Eldrekulturkomitéen. Filmen er nett funnen og er aldri før   vist nokon plass. Dette vert den einaste offentlege framsyninga, og ein vil tru at dette er svært interessant for jaktkarar som har levd ei stund og andre jakt-/viddeinteresserte. Me trur opptaka er frå kring 1958, men dette kan truleg seniorjegrar hjelpa til med å finna ut av når ein ser opptaka. Ein får sjå jegrar, hestar, traktortransport, rein, jakt og ulike stemningar frå Vidda. Me møter ei rekkje jegrar som nok er til å kjenna igjen for folk som har levd ei stund. Opptaka synest å vera frå traktene kring Sandhaug. Jaktopptaket er på kring 15 minutt.

Vidare er det opptak frå ein påske på slutten av 1950-talet. Her ser ein opptak utanfor Rauhelleren forutan truleg Hedlo og Solheimsstulen. Me får sjå weaselkøyring, folk som kosar seg i hytteveggen og truleg folk nokon vil kjenna att. Dette opptaket er på kring 5 minutt.

Desse heilt sjeldne Vidda-opptaka vert viste på Eldrekulturkomitéens filmettermiddag laurdag 5. mai. Les meir om arrangementet på Facebook-sida til Eidfjord Eldrekulturkomité. Det kan vera ein god tanke å tipsa eldre jaktfolk om framsyninga.

Program laurdag 5. mai på Bygdaheimen:

Klokka 16.00-17.00    (For bebuarane)

Klokka 17.00-18.00    (For folk utanfrå)

Det vert vist tre opptak:

  1. Opptak frå juni 1959, der tre karar legg ut på ei ferd frå Hardangervidda og austover i ein liten raud plastbåt. Me fylgjer reisa frå Nordmannslågen mot Uvdal og heilt til Larvik. (20 minutt)
  2. Frå Vidda ca. 1958. Jakt og jegrar ved Sandhaug. (15 minutt)
  3. Frå ein påske, truleg 1958. Weaselkøyring, turistar ved Rauhelleren, Hedlo og Solheimstulen. (5 minutt)

Fri inngang. Vel møtt!

To rustne eidfjordvenar kjem på vitjing 21. april

(ka skjer?)  To Rustne Trubadurer heiter bergensgruppa som har vorte gode vener av Eidfjord. Og no kjem dei igjen – til stor glede for mange. Karl Henrik Svensson og Helge Laastad har vore musikare i ein del år – kan henda det er opphavet til bruken av ordet “rustne”.  Men navnet høver særleg dårleg, for dei sympatiske musikarane er alt anna enn rustne på scena. Karane spel, som mange vil veta, blues- og rootsorientert musikl og på eit vis vert ein teke med på ei musikalsk ferd gjennom sørstatane når ein får oppleva To Rustne Trubadurer live.

http://www.facebook.com/pages/To-Rustne-Trubadurer/114959785199336

Eidfjord Fjell og Fjord Hotel, laurdag  21. april, ca klokka 21?

Kven er dette?

Bjoreidalshytta 1913

(kven er dette?)  Me trur ein på biletet kan sjå mellom andre hytteverten Sylfest Sæbø til venstre og kona hans, Johanna, som nummer to frå høgre. Dessutan er kan henda Hans Tveit og Brita Fet (heilt til høgre) på biletet i fylgje éin kilde. Ka meinar du? Kven kan hjelpa?

Halne Fjellstova feirer 80-års jubileum i år

(tilbakeblikk)  Det var Lars Liseth (1901–86) som bygde Halne Fjellstova i 1932, og dermed feirar me eit ganske stort jubileum no i 2012. Han hadde gifta seg i 1929 med Birgit Sekse frå Børve og hadde teke over Liset-garden i 1930 etter foreldra, Endre og Dordei. Lars var også turistsjåfør på 1920-talet, og ein gong han passerte Halnefjorden, var det ein passasjer som meinte at nettopp dette området måtte vera det finaste på heile Vidda. So leide Lars området og satte same året opp ein liten bygning, som seinare vart anneks til hovudbygningen. Turisthytta Halne vart opna i 1933.  Lars gav frå seg drifta til sønen, Endre, i 1954. Fram til 1968 (eller 1980) dreiv han og kona, Solveig, hytta ved Halnefjorden. So tok Endres syster, Liv, og mannen, Anders Vaksdal, over ansvaret for fjellstova.

Kjelde: Endre Liseth og “Med hilsen fra Eidfjord” (2002)

160 år sidan George M. W. Atkinson laga sine Eidfjord-skisser

 

(tilbakeblikk)  Det var i 1852 irske Atkinson (1806-84) kom til Vik med ein yacht, og her laga han skisser til fleire eidfjordteikningar.  Nokre er attgjevne i boka “Ættegarden i Sysendalen”. Kan henda har du også teke deg tid til å sjå nærare på dei som heng på veggen på Gamleskulen. Éi av dei fire skissene, “Saeter near the Vöring Foss”, som viser Høel gard, kan ein sjå her på sida. I tillegg laga han éin tekning av fossen, éin frå Måbødalen og éin frå Vik. Vel heime i England gav han året etter ut eit utruleg fint plansjeverk, “Sketches in Norway taken during a Yachting Cruise the Summer of 1852”, som innheldt 22 plansjer. Det å sjå plansjeverket i originalversjon på Nasjonalgalleriet, er eit imponerande syn.

Kjelde: “Ættegarden i Sysendalen” (2000)

Bjoreidalshytta er 100 år – Gratulerer!

 
Bjoreidalshytta 1913

(Tilbakeblikk)  I år er det stort jubileum for Bjoreidalshytta, for det var i 1912 ho vart bygd av Sylfest Sæbø. Faren, Lars, hadde sett opp Sæbø Hotel (Eidfjord Gjestgiveri), og Sylfest var eldst av heile tolv born. Han gifte seg med Johanna L. Høel, og saman fekk dei sonen Lars (1920­–65).

Sylfest var førar på Vidda for Turistforeningen, og i 1905 blei han også styrar på det gamle Sandhaug. Men det var få gjester den fyrste tida, for det var lange dagsmarsjar til dei næraste hyttene. For å gjera noko med dette problemet, bygde Sylfest då sitt eige vesle fjellhotell, Bjoreidalshytta.

Sylfest døydde på fjellhotellet sitt i 1918 og var då berre 46 år gamal. Så gifte Johanna seg med Hans Myklatun, som då vart ny styrar. Son til Johanna, Lars Sæbø, tok over i 1928. Han og kona, Inga, dreiv hytta i mange år. I seinare år var det sonen Sylfest, som saman med kona, Marit, dreiv turisthytta nokre år.  Les meir om Bjoreidalshytta i “Eidfjord – Historiske glimt”.

Kjelde: “Eidfjord – Historiske glimt, fiksjon og fakta” (2006)

No kjem Ole

Kven vart fødd på Svaneapoteket i Bergen?

Kven ville byggja ein koloni for norske immigrantar i USA i 1853?

Kven har vorte kalla Noregs største superstjerne gjennom alle tider?

(ka skjer?)  Ja, kanskje har du gissa at dette må vera sjølvaste Ole Bull. Og kan henda såg du filmen om livet hans for nokre år sidan, der me fekk eit innblikk i kunstnarens dramatiske liv og utrulege suksess som fiolinist. Fiolinspelet hans var virituost og gneistrande, og mannen hadde stor sjarm, noko som gjorde han til ein av si tids store stjerner. Bull hadde også stor interesse for hardingfelespel og samarbeidde mellom anna med Myllarguten. Immigrantprosjektet Oleana vart derimot ein fiasko. I mange år turnerte han i Europa og USA, før han kom heim til Noreg, der han døydde i heimen sin på Lysøen i Os i 1880.

No kan du få høyra historia om livet hans om du tek turen til Bygdaheimen måndag 26. mars. To musikarar og ein forteljar vil gje deg eit spanande innsyn i  Ole Bulls verd.

Bygdaheimen, måndag 26. mars 2012, klokka 16.00

Ole Bulls meksikanske sal

(tilbakeblikk) (ka skjer?) Det nærmar seg Ole Bull-førestellinga på Bygdaheimen 26. mars. Visste du at den berømde fiolinspelaren har vore her i Eidfjord? Jau då, det har han, men årstalet er usikkert. Det me veit, er at Bull ved eit høve budde på Heggjagarden. Så er det fortalt at han reid inn Turistvegen, stien som vart laga ferdig i 1872, slik at den aukande straumen av turistar enkelt kunne koma seg inn og sjå det vidgjetne fossefallet. På denne turen skal han ha nytta ein hestesal som han hadde hatt med seg frå ei reis til Mexico. Vel nede i Vik igjen, fortel historia, gav han då bort salen til hotelleigaren, Nesheim. Så veit me det.

Kjelde: Olav Kollveits «Bygdesoga II»

Ho Annetta i Kristiania

(tilbakeblikk) Annetta Garathun var ei hyggeleg, flott og særeiga dame. Ho levde fra 1856 til 1950 og vart såleis heile 94 år gamal. Annetta var dotter av Ola O. Garatun og Marta O. Vik , som var frå Eidfjord, men budde i Romsdal frå 1849 til 1875, der Annetta blei fødd.  Ho hadde fem systrer, mellom andre Oline som gifta seg til Bakke gard i Uvdal. Ei anna syster var Anna som vart buande i Tråa på Lægreid med sin ektemann, Ola. Ei tredje syster var Maria som gifta seg med Fossli-byggjaren Ola Garen.  Alle tre systrene fekk mange etterkomarar, men Annetta sjølv var barnlaus.  Då dei vendte heim til Eidfjord, sette Annetta kursen for Kristiania.

Ho var ei særs interssant dame og utvikla stor interesse for målsaka og forlagsverksemd. Dels åleine og dels saman med ulvikingen og stortingsstenografen Magnus Hydle dreiv ho små bokforlag og satsa sterkt på nynorsk litteratur. Den fyrste boka som vart utgjeven, skal ha vore “Nye Vossastubba” av Per Sivle. Seinare kom fleire Sivle-bøker og andre utgjevingar.

Annetta skal ha vore særleg sjølvstendig i meiningar og hadde stor hug til ein debatt, gjekk det fram av ein artikkel i «Hardanger» i 1972. Ho levde sitt vaksne liv i Kristiania, men kvar sumar kom ho heim til Eidfjord og vekte nok ei viss merksemd blant eit kritisk bygdefolk med sin ukonvensjonelle stil. Annetta Garathun var særs glad i heimbygda og bygdefolket og er ei dame som vert hugsa.

Les meir om Annetta i bøkene “Eidfjord – Historiske glimt” (2006) (s. 65) og “Ola Garen. Fjellmannen fra Sysendalen som bygde Fossli Hotel” (2005) (s. 207).

Vøtrafestivalen

(Ka skjer?) Laurdag og sundag vert det Vøtrafestivalen på Feet i Sysendalen. Fredag er det start klokka 16. Her vert det utstilling og aktivitetar på festivalplassen medan det vert føredrag om Amundsen-ekspedisjonen kl. 18.30.

Laurdag er det start klokka 11, og det vert ei rekkje aktivitetar; barneskirenn klokka 13, veteransnjokøyretøyløp klokka 14, Harmoni-konsert klokka 15, Amundsen-føredrag klokka 16 og Vøtraswing med Rakkadeis klokka 20.

Meir informasjon: www.vøtrafestivalen.no

Kar hen?

(kar hen?) Bloggen vil ha sju element. Historiske blikk som vert kalla Tilbakeblikk, dagsaktuelle kulturarrangement under vignetten Ka skjer?,  nye bilete under tittelen Stemningar, bilete der me ikkje veit kven personane er, vert kalla Kven er dette? og dessutan ein og annan fotoquiz under namnet Kar hen?  Eit anna element er «ikkje so alvorsamt», og det siste vert kalla «mi hjartans meining». Og i dag vert bloggen innleia med å spørja Eidfjord-folket om å gissa kvar helst dagens bilete er teke?

Foto: Lars Hoel

Velkomen

(velkomst) Denne bloggen kunne hatt fleire namn. LaurdagsBloggen kan henda? For ein vil  freista å koma med eit innlegg  kvar veke, og då gjerne på laurdagar.  Namnet skjemmer ingen, og vonleg vert bloggen, som er laga av Lars Hoel, til glede. Vel unnt!