Eldrekulturekomitéens årsrapport for 2012

Per Kvammen har vore med i dei fleste samlingane i regi av Eldrekulturkomiteen i 2012

(ka skjer?)  Eit nytt år er gått, og her kan du lesa komitéens årsrapport og sjå kva som har gått føre seg i 2012.

Årsrapport for Eldrekulturkomiteen (EEKK) 2012

Eldrekulturkomitéen arbeider for å skapa kulturell underhaldning for dei eldste i bygda, spesielt på Bygdaheimen.

I 2012 har EEKK arrangert kring 17 arrangement på Bygdaheimen fram til jol, og i tillegg vert det 8 romjulsarrangement. I tillegg kjem feiringa av Eldredagen sundag 7. oktober.

  • 31.1.          Filmframsyning, Ulvik-historie
  • 9.2.            Filmframsyning,Ulvik-/Eidfjord-historie
  • 16.2.          Filmframsyning, Ulvik-/Eidfjord-historie
  • 1.3.            Biletframsyning, Eidfjord gjennom fire årstider
  • 12.3.          Seniordansen
  • 14.3.          Film: Fjolls til fjells
  • 26.3.          Ole Bull-tema, musikk
  • 5.5.            Filmframsyning om jakt m.m. i 1959
  • 17.5.          Filmframsyning, NRK-film frå 1967 om Kjeåsen
  • 10.6.          Filmframsyning om Solgården
  • 13.7.          Filmframsyning, Sputnik i Thailand
  • 19.8.          Fransk gutekor
  • 8.9.            Gruppe frå Hardangerkoret
  • 13.9.          Nederlandsk kor, Grootkoor
  • 7.10.          Eldredagen på Samfunnshuset
  • 13.10.        Vinjes Ferdaminne
  • ?                 Kulturskulen v/ Lynna m/elevar
  • ?                 Vetlaskredo/Harmoni

Ole Bull- og Vinjes Ferdaminne-arrangementet har vore arrangert i samarbeid med Kulturkontoret.

Eldredagen har dei siste åra vore feira på Bygdaheimen. I år ville ein freista å laga til eit annleis arrangement på Samfunnhuset. Dette vart grundig planlagt, og ein fekk til eit fint program med hakkasteik-middag og eit stort underhaldningsprogram, der ordførar Anved Johan Tveit, Detelina Deneva, Johannes Sekse, Lilliann Høyvang Andreassen, Ågot Bjotveit og Einar Liseth tok del. Dei skal alle ha stor takk. Det skal også Kulturskulen m/Bjørne Møen i spissen for all hans uunverlege hjelp. Kring 60 personar fekk ein veldig fin dag i Samfunnshuset.

EEKK spør ulike eidfjordingar og andre, som gjestar Eidfjord, om å underhalda på Bygdaheimen. Nokre opptrer i “vår” regi, medan andre vel å ha/ta direkte kontakt med Bygdaheimen når det gjeld å opptre. Dette er heilt problemfritt. Det viktige for både EEKK og andre er å bidra til å skapa aktivitet og underhaldning for våre eldste; ikkje kven som arrangerer. Også Bygdaheimen sjølv har eigne arrangement, mellom anna jolabordet.

Me takkar difor alle som har teke seg tid og underhalde på Bygdaheimen anten det er i vår eller andre sin regi.

Eldrekulturkomitéen spør alltid alle aktørar om å opptre gratis, og me har ikkje hatt utgifter i 2012. Eldrekulturkomitéen har ingen sjølvstendig økonomi og ikkje noko rekneskap. I eit samarbeid med Bygdaheimen/kommunen har likevel komitéen tilgang til “Fotobokkontoen”, der det finst pengar som kan nyttast når det trengst. Pengane på kontoen kjem frå sal av Lars Hoels fotobok “Eidfjord i svart og hvitt”, som Lions selde for nokre år sidan, frå overskot på Jon Eikemo-arrangementet i 2011 og frå eit lite overskot frå Eldredagen 2012.

Eldrekulturkomitéen vart starta i 2007 av Lars Hoel i samband med hans fotobok/inntektene av denne osv. All inntekt av denne boka i perioden 2007/2009 gjekk uavkorta til eldrekulturtiltak; fyrst i regi av Lions Eidfjord fram til 2009, deretter i regi av Eldrekulturkomitéen. Fleire eidfjordingar har teke del i EEKK gjennom åra, medan Gunnvor Hopen Veka og Lars Hoel har vore med heilt frå starten og fram til i dag.

Romjulsunderhaldninga på Bygdaheimen

Kven kunne tenkja seg å bidra med litt underhaldning i jula?

Jenny Johnsen deltok i fjor, og var den fyrste som meldte seg på år også. Her saman med hunden sin, Mika

(ka skjer?)  Eldrekulturkomitéen vil for fjerde år på rad arrangera romjulsunderhaldning på Bygdaheimen. Me startar opp 1. juldag og avsluttar 1. nyttårsdag. Me ynskjer kontakt med nokon som vil ofra ein halvtime éin av melsdagane. Underhaldninga lyt starta klokka 16.00. Du kan sjølv velja ein dag det passar deg. Song, musikk, teater, opplesing, biletkåseri og mykje anna ville høva godt. Noko som alle kan gjera – om ein har lyst -, er å visa bilete frå ein fjelltur, ein ferietur eller om eit tema ein har interesse av. Ta kontakt med Eldrekulturkomitéeen v/ Gunnvor Hopen Veka eller Lars Hoel om du har tips til oss. Takk for at du vil hjelpa. Det vert diverre ikkje gitt betaling for underhaldninga.

Vêrmeldinga: AUSTAVINDen vert hard i november ….

Her har me Austavind-gjengen på øvelsen 16. oktober. Elisabet Joleik var ikkje til stades

(ka skjer?)  Revygjengen i Teaterlaget førebur seg på AUSTAVINDen i haust, dvs. laurdag 3. november.  Har du tenkt å ta turen på premieren? Då er det lurt å vera rask med å kjøpa seg billett på Destinasjon Eidfjord.  Her er det ope fra 08.30 til 15.30 frå mandag til fredag. Austavind er en skikkeleg lokalrevy, der ein får svært mykje att for pengane (150 kroner kostar billetten). For gjennom nærmare tre timar, inkludert pause, får me oppleva heile 20 innslag; sketsjar og anna. For fyrste gong kan du her sjå nokre av titlane på innslaga. Spananande vert det. 

  • Eg minnest Eidfjord i gamal tid (song)
  • Kommunen I «I resepsjonen»
  • Kommunen 2 » Ordførarens møte»
  • Kommunen 3 «Kva dato er ledig?»
  • Dei lyt no få ergra seg (song)
  • Tulle og tøyse.-nytt
  • Kulturelt næringsengasjement
  • Kurskveld i folkedans på Seniordansen
  • Ut og ta eit smørbrød i Eidfjord
  • Skal det vera ein filmrolle?
  • Har dei spurd deg?

Har du tenkt deg på revyen? Då er det flott om du kjøper billettane i morgon eller så snart som mogeleg. Det vil vera ein stor hjelp for arrangøren, Eidfjord Teaterlag.

Eldredagen vart vellukka

Ordførar Anved Johan Tveit heldt opningstalen på Eldredagen 7. oktober

(ka skjer?)  Strålande Eldredag-feiring i Eidfjord Av ulike årsaker vart Eldredagen feira fyrst sundag 7. oktober i Eidfjord i år. Og dagen kom seint, men godt, for det vart eit flott arrangement i Samfunnshuset på Lægreid. I opningstalen sin fortalde ordførar Anved Johan Tveit at ein kom i gang med Eldredagen internasjonalt i 1992. Han takka også arrangøren Eidfjord Eldrekulturkomité for deira arbeid med arrangementet. Gjestene kosa seg fyrst med hakkasteik. Ein dugnadsgjeng og Eidfjord Fjell & Fjord Hotel stod for serveringa, og ein vil tru at maten vart riktig godt motteken. Kaffi og kaker høyrde sjølvsagt med, og stemninga var god utover ettermiddagen. Høgdepunktet var nok underhaldningsdelen, der publikum fekk oppleva eit svært variert program. Den ikkje ukjende journalisten Johannes Sekse var dagens konfransier og heldt også eit fornøyeleg kåseri. Einar Liseth heldt tale for dagen, og kom mellom anna inn på det slitet dei eldre, og ikkje minst kvinnene, tidlegare hadde på gardane i Hardanger. Han heidra den eldre garde og gjorde også eit poeng av at ein ikkje er komen gratis til noko, men at det har vore ein kamp for å nå måla sine og skapa eit godt velferdssamfunn. Vidare las Lilliann Høyvang Andreassen vakre dikt som rørde mange, og 17 år unge Ågot Bjotveit gjorde stor lukke med toradaren sin. Ho vart spesielt takka for vera slik ei positiv jente, som fleire gonger har spelt for dei eldre i bygda og spreidd mykje glede. Ein fekk sjå eit flott ljosbileteprogram, «Eidfjord gjennom 4 årstider», som Frede Olaussen hadde sett saman, og kvelden vart avrunda med Detelina Denevas fantastiske pianospel. Når me også nemner at det sjølvsagt var utlodding og at fine vinstar vart tekne med heim, så kan ein rekna med at det vart ein svært triveleg dag i Eidfjord.

No kjem AUSTAVINDen

“Ramp i kast no herjar fram, virvlar opp kvart minste gram,
kostar inn i kvar ei krå, sparer ingen – kom og sjå!”

(ka skjer?)  Desse visdomsorda er å sjå på revyplakaten for Austavind.  For austavinden er rampete. Han kastar seg ned, tørr og kald, virvlar opp, herjar med oss og sparer ingen. «Eidføren» kjenner austavinden, og veit at det berre er å vente seg …  Desse orda er nok dekkjande både for austavinden me kjenner så godt i Eidfjord, og ikkje minst for den komande revyen som Eidfjord teaterlag set opp i november.

Førebuingane har gått føre seg sidan i våres, og me kan ikkje tru anna enn at den som tør å koma, har mykje moro i vente. Det vert verkeleg ein heilaften på Samfunnshuset når teppet gjeng opp på premieren laurdag 3. november. Førestellinga varar nemleg nær på 3 timar inkludert pause , så her vert det mykje for pengane.

Då teaterlaget arrangerte sin fyrste førestelling “Le med oss”, fekk me oppleva ein noko annerledes nyhendessending. Me kan røpa at det i Aqustavind  vert fleire nyheter – på vårt eige vis – i innslaget “Tulle- og tøysenytt”. Vidare skal det nemnast at samtlige 20 innslag er spesialskreve av lagets medlemmar, og nær sagt alle grip fatt i lokale tilhøve. Er du stadig viss på at du tør å koma?

Dørene opnas klokka 17.30 laurdag og 18.30 på tysdag, og så vert det høve til å kjøpa seg kaffe, te, mineralvatn og dei herlegaste kaker i 20 minutter. Salet stengjer klokka 17.50 laurdag og 18.50 tysdag. Vær difor ute i sers god tid. Det vert også høve til å kjølpa seg godsakar i pausen. Det er elevar frå avgangsklassa på Lægreid som stend for salet.

Om få dagar startar billettsalet. Billettar får du då kjøpt hos Destinasjon Eidfjord fram til fredag 2. november. Dei er ope fra 08.30 til 15.30 mondag til fredag. Det er begrensa antall billettar pga bordoppsetet i salen. Det er difor sannsyneleg at premieren raskt vil verta utseldt. Vær difor rask med å ta turen til Destinasjon Eidfjord.  Det er ikkje høve til å reservera billettar per telefon. Skulle det mot formodning vera billetter igjen arrangementsdagen, vert dei solgt frå klokka 17.15 laurdag og frå klokka 18.15 tysdag. Billettar koster 150 kroner. Barn under 12 år betaler 50 kroner. Ein gjer merksamd på at det ikkje er ein tilrettelagt barneførestelling. Billetene er unummererte.

Det er Eidfjord teaterlag som står bak førestellinga. Laget vart nystifta i 2009 og har satt opp fire stykkje tidlegare. Me ynskje alle teaterintersserte velkomne som medlem i laget.

Premiere laurdag 3. november klokka 18.. (Obs. Frammøte 17.30)

Førestellinga spelas også tysdag 6. november klokka 19. (Frammøte 18-.30)

 

Storfest på Samfunnshuset 7. oktober for å heidra våre eldste

Finn du vegen til Samfunnshuset 7. oktober?

Den store Eldredagen-feiringa sundag 7. oktober

Snart arrangerer Eldrekulturkomitéen den store feiringa av Eldredagen på Samfunnshuset på Lægreid. Det heile startar klokka 15 og sluttar 17.45.  Me reknar med at dette skal verta ein flott dag for våre eldste, men sjølvsagt er det hyggeleg om heile familiar kjem. Kan henda er denne dagen eit fint høve til å invitera med seg sine næraste i den eldre garde? Men me vil også minna bygdefolket på at det kunne vera ein god ting om ein inviterte med eldre folk som bur avsides, eller som kan henda ikkje har barn eller andre å gå saman med.

Informasjon om arrangementet:

Arrangementet er i to bolkar; ein middagsdel og ein underhaldningsdel. Frå 15 til 16 (bolk 1) vert det hakkasteikmiddag for dei som har kjøpt seg billett på førehand (ikkje i døra). Frå 16.00 til 16.30 vert det kaffi og kake, og så klokka 16.30 startar sjølve programmet (bolk 2). Det er ikkje høve til å kjøpa seg middag klokka 15 om ein kjem utan middagsbillett.

Om billettane:

Middagsbilletten (bolk 1) kostar kring 200 kroner og inkluderer middag, kaffi, te, kakestykke og underhaldning. Også billettar til bolk 2 (kring 100 kroner) klokka 16, kan ein kjøpa på førehand.  Kaffibilletten inkluderer kaffi, te, kakestykke og underhaldning. Men frå klokka 16 vert det høve til å koma inn for alle – så langt det er plass – også om ein ikkje har kjøpt billett på førehand. Me ventar mykje folk, så me vil absolutt tilrå at ein uansett sikrar seg billett på førehand.

Billettsal:

Du får billettar på kommunehuset frå ca. 17. september. Som eit spesielt tilbod til dei eldste kan dei få billettar heim til seg. Ein lyt då kontakta ein av medlemene i Eldrekulturkomitéen eller Marete Sæbø i Eldrerådet. (Ikkje ring før 22.9.)

Hans Hellevang,  976 68 667

Kari Tveit Hovland,  973 86 874

Gunnvor Hopen Veka,  970 91 764

Marete Sæbø,  913 74 317

Lars Hoel, 410 82 845

Underhaldning:

Bolk 2 inneheld eit underhaldningsprogram, der det vert både spøk og alvor. Ordføraren vår, Anved Johan Tveit, vil opna Eldredagen, det vert song og musikk, kåseri og tale for dagen. Sjølvsagt skal me òg ha utlodning med flotte gevinstar. Me trur dette vil verta ei fin stund som du ikkje bør gå glipp av.

Velkomen

Sjømannen frå Lægreid fyller 102 år tysdag 28. august

(ka skjer?)  Heile 102 år vert Knut tysdag 28. august. Dermed er han sjølvsagt Eidfjords eldste innbyggjar. Oftast er det jo damene som stikk av med desse rekordane, men på våre kantar er det ein humoristisk og triveleg mann som stadig har glimt i auga; Knut Lægreid. “Still going strong”, svarar Knut når eg spør korleis det går. For engelsken hugsar han enno, og under praten med guten som vart fødd på Lægreid, spratt det ut fleire engelske ord og setningar. Ja, minnet er godt, og mannen er krystallklar. Trur eg vil vera som han når eg vert 102, tenkjer eg.

Eg har ikkje kjent Knut så lenge, men kvar gong han ser meg, slår han fast: “Jaso, er da hereids-maur? Korleis går det på Hereid?” Så får me tru at han meiner at folk frå Hereid var og er spesielt arbeidsame – som maur, men kven veit … Nokre år var Knut sjømann, og han pratar meir enn gjerne om tida til sjøs. Det var faren som hadde fått han med, for han var tømmermann på eit skip i Det Bergenske Dampskibsselskap. 17-18 år gamal mønstra Knut på båten, så gamle karen var han ikkje då han drog frå Eidfjord.  På dette viset fekk Knut sjå ein del av verda, og det var nok ei oppleving på denne tida. Ikkje minst var det interessant å koma heim til Eidfjord og fortelja frå sjømannslivet og framande land.

Skipet som Knut jobba på, frakta korn mellom Canada og Europa. Då det nærma seg krigen, vart det problem med tyskarane. Det kom til dramatiske episodar, og Knut Lægreid hugsar spesielt godt då dei kom inn i den engelske kanal og tyskarane skaut etter båten. Dei hadde kvitt flagg heist i masta, men det hjelpte visst ikkje så mykje. Som sjømann fekk han vitja mange byar i framande land, og Cardiff og Montreal hugsar han spesielt godt, ikkje minst den norske sjømannskyrkja i Montreal. Ein gong gjekk turen heilt opp til Alaska der han fekk møta eskimoar.

Men etter kvart gjekk han i land i Vik, bygde seg hus og fekk seg familie. Knut var eitt av dei sju borna til Torbjørn  og Ingebjørg på bruk 11 på Lægreid. I 1955 gifta han seg med Synnøva Skaare (1920-?) frå Kvammen, og dei fekk borna Thorbjørn og  Ingunn Margrete.

Tysdag fyller altså Knut 102 år. Han har sanneleg mykje spanande å sjå tilbake på, og me gratulerer han på det hjartelegaste.

Foto: LH

Historielaget i Eidfjord

(ka skjer?)  Historielaget er ein trufast slitar innan kulturlivet i Eidfjord. Laget vart stifta etter initiativ av Lars Hoel hausten 2000 og har altså halde det gåande på solid vis i nærare tolv år. Flaggskipet til historielaget er Bergasylja-heftet, som vert utgjeve kvart år i november. Leiar i dag er Ragnhild Myklatun, og med seg har ho ein trufast gjeng medarbeidarar. Med fare for å gløyma nokon, tek me ikkje sjansen på å nemna namn. Men sanneleg er det mange som fortener ein stor takk for årelangt arbeid med Bergasylja og anna i laget.

Herborg fekk vitjing av 40 franskmenn på 92-årsdagen sin

Eineståande koroppleving  på Bygdaheimen då 92-års bursdagsbarnet, Herborg, fekk 40 franske gutar på vtjing

(ka skjer?)  Laurdag 18. august heldt eit fransk gutekor konsert i Eidfjord kyrkje. Men sanneleg tok dei seg ikkje tid til også å vitja Bygdaheimen rett før konserten i kyrkja. Og dermed fekk bebuarane ein feiande flott minikonsert med gutane frå Frankrike. Kan henda var det ikkje så lett å forstå dei engelske og franske tekstane, men det vart ei strålande og mektig musikalsk oppleving denne laurdags ettermiddagen. Og noko heilt ekstra var det for bursdagsbarnet, Herborg, som fekk vitjinga av de 40 franske gutane nettopp på sin store dag, 92-årsdagen.

Store planar i Teaterlaget – No kjem revyen!

(ka skjer?)  Teaterlaget, under leiing av Line Dyrstad, arbeider no med to store undehaldningsprosjekt. Fyrst ute er revyen, som kan henda får premiere i november. Ei revygruppe der Mary Herland, Svein Hop og Lars Hoel er med, har jobba i heile sumar med tekstar, og sundag 5. august samla dei fleire lagsmedlemer til eit hytteseminar i fjellheimen. Her var det innleiande leseprøver og mykje moro. Så då er det er vel berre å gle seg til haustens førestelling i Samfunnshuset. Då er tida inne til å melda seg, for no er det ikkje mange dagane før revyøvingane tek til. Tysdag 21. august klokka 19.00 går nemleg teatergjengen i gang med å øva på tekstane som i november skal verta til revy. Einkvar amatør er hjarteleg velkomen med, fortel leiaren, Line Dyrstad. Ein treng ikkje ha erfaring. Det viktigaste er at ein har lyst, seier ho.

Foto: LH, Revyplanlegging i fjellheimen

Vøringfossen Turisthytte – Kar hen?

Vøringfossen Turisthytte eller Fossastovo

Det er nok ikkje mange i Eidfjord som kan hugsa at det stod eit hus inne på “Turistvegen”, stien som fører inn til Vøringfossen. Ja det måtte i så fall vera Knut Lægreid. Det var nemleg slik at det i 1872 vart bygd ferdig ein turiststi inn til fossefallet, og Turistvegen var då ferdig akkurat til vitjinga til prins Oscar og statsminister Fredrik Stang.

Fyrst var det sett opp eit enkelt plankeskur, men seinare sette Eilev L. Garatun (f. Sæ) opp ei stove som skal ha hatt namnet “Vøringfossen Turisthytte”. Her hadde ein til og med skjenkeløyve, og i andre høgda kunne ein leiga seg ei seng for natta. Ein kjelde nemnde difor stova som verdens minste hotell.

Ein kan sjå at det er søkt om skjenkeløyve mellom anna i 1885. Då heitte det at Garatun søkte om sal av øl frå sitt hotell ved Vøringfossen.  Truleg var serveringsstaden i drift kring 40 år.

Huset skal ha blitt teke ned i 1917 og vart frakta til Øvre Eidfjord. Det seiest at det då vart sett opp att til forretning eller bustadshus for Hans T. Varberg.

I våre dagar kan ein enno sjå kjellarrestane av verdens minste hotell.

Les meir om Fossastovo i “Eidfjord – Historiske glimt, fiksjon og fakta” (s. 21)

Biletet er teke av Wilse i 1912.

Presentasjon av ulike Eidfjord-bøker

Ola Garen – Fjellmannen frå Sysendalen som bygde Fossli Hotel

Boka vart utgjeven i 2005 og tek utgangspunkt i Ola Garen (1857-1915). Denne mannen gjorde vågestykket å setja opp eit hotell i øydemarka, altså mange år før det vart bygd veg opp Måbødalen. Boka fortel om Ola Garen og hotellets historie, men her finst også svært mykje informasjon om Sysendalen og Vidda. Såleis høver denne boka spesielt godt for alle med hytte eller tilknyting til Sysendalen. Boka inneheld kring 500 bilete og er på 222 sider i A4-format. Nokre få eksemplarar er enno i sal på Texaco-stasjonen, Eidfjord Fjell og Fjord Hotel, Vik pensjonat og på Turistkontoret.

Då prinsen var i Eidfjord for 140 år sidan – 22. juli 1872

(tilbakeblikk)  Prins Oscar (1829-1907), som seinare vart kong Oscar II, var i Eidfjord denne sumardagen for nøyaktig 140 år sidan. Også statsminister Fredrik Stang var med på turen, som kunne ha vorte hans siste. For det heldt nemleg på å gå heilt gale i Måbødalen då dei skulle inn til Vøringfossen.

Turistforeininga var på denne tida heilt nystarta. Ein hadde opplevt at fleire og fleire turistar kom til Eidfjord for å sjå fossen. Og dermed kom trongen for ein brukande sti inn til fossen. Dermed vart det arbeidd med å få stien, Turistvegen, ferdig til dei vidgjetne framandkarane skulle koma. Og arbeidet med Turistvegen vart ferdig i tide, og prinsen og statsministeren kunne rida inn med fylgjet sitt. Så skjedde uhellet. Hesten til Fredrik Stang glei på ein stein, og hest og mann fall ned ein skrent. Til alt hell gjekk det ganske bra, for statsminister Stangs fall stoppa i ein stor stein. Dermed fekk prinsen og statsministeren sjå fossefallet nedanfrå. Det vart nok eit minne for dei, men eg vil tru turen òg lenge vart hugsa på grunn av det dramatiske fallet.

Les meir om den dramatiske ferda i “Eidfjord – Historiske Glimt I” (s. 159) (2006)

Teikning: Jon Hjelmevoll, Ulvik. Prisen og hans følgje rid inn Turistvegen.

Til minne om Arnhild Johansen (1947-2012)

Minneord etter Arnhild Johansen

Arnhild Johansen døydde brått fredag 1. juni. Måndag 16. juli ville ho fyllt 65 år. Det er vanskeleg å forstå at ho er borte. Heile Eidfjord vart sjokkert, og sorga er stor. Familie og vener har sjølvsagt mist ein veldig kjær person, men også heile Eidfjord har lidd eit stort tap.

Sjølv var eg ikkje mellom Arnhilds næraste venar. Men eg fekk gleda av å kjenna henne og samarbeida med henne i Eidfjord Eldrekulturkomité. I fleire år var ho med i arbeidet for å skapa kulturell underhaldning og aktivitet for dei eldste i bygda. Ho hadde eit stort hjarta for seniorane og gjorde ein flott innsats for å gje dei gode dagar og kulturelle impulsar, slik som også far hennar, Peder Johansen, hadde gjort.

Seinast på sjølvaste 17. mai kom ho strålande og flott i bunad feiande inn på Bygdaheimen og tok til med å lempa på bord og stolar for å gjera klart til filmframsyninga for bebuarane. Deretter gjekk ho inn til dei eldre, hadde eit venleg og godt ord til alle, prata naturleg og fint til dei. Ja, slik var Arnhild Johansen. Ho hadde respekt for dei eldste og har vore med og gjort eit viktig eldrekulturarbeid gjennom fleire år.

I Eldrekulturkomitéen hadde ho stundom sterke meiningar om kva som var rett, og me var ikkje alltid einige. No i dagane etter gravferda i Eidfjord kyrkje har eg tenkt mykje på kor flott det er med slike menneske som har sine meiningar, som vågar å stå for noko, som verkeleg har integritet. Og nettopp slik var Arnhild. Ho stod for noko, og difor fekk eg også svært stor respekt for henne.

Eitt ord tykkjer eg er serleg dekkjande når eg skal skildra Arnhild Johansen; engasjement. Eit stort ord som dekkjer så mykje. For ho var ei hjartevarm mor og eit elska familiemedlem som ville gjera det beste for alle. Ho var aktiv i politikk, kyrkjearbeid, barnehagearbeid, eldrearbeid og mykje anna. I seinare år jobba ho med ungdomar som hadde særskilde behov og la mykje energi og engasjement i dette arbeidet. Og overalt der ho kom, engasjerte ho seg og var til stades fullt og heilt. Ho var ynskt i mange samanhengar og hadde ikkje lett for å seia nei når ho vart spurd om å ta del i eit eller anna arbeid i lokalsamfunnet. For Arnhild engasjerte seg i menneske, i store og små spørsmål og i bygdelivet i Eidfjord.

No er Arnhild teken vekk frå oss, og det er det nesten umogeleg å erkjenna. For ho var full av liv og hadde planar og ynske for framtida. Difor vert ho djupt sakna for all tid i Eidfjord. Mine tankar går aller mest til dei to borna hennar og familien elles som har mist det kjæraste dei hadde. Men sanneleg har også ei heil bygd mist ei strålande, flott, aktiv og engasjert dame.

Signe minnet.

Lars Hoel

Eidfjord Eldrekulturkomité

 

“Eidfjord – Historiske Glimt I, fiksjon og fakta”

 (tilbakeblikk)  Dette er ei av eidfjordbøkene som det ofte er sitert frå her på sida. Denne boka kom ut i 2006 og inneheld heile 58 artiklar om ulike historiske tilhøve. Såleis vil ein finna både faktastoff og rein fiksjon i denne boka. Her finn ein stoff frå Hardangervidda, Sysendalen, Måbødalen, Øvre Eidfjord og det gamle Vik. Eidfjord-boka er lettlesen, høver for folk i alle aldrar og også for folk som ikkje er så altfor interesserte i kulturhistoria vår. Boka er rikt illustrert og er på 170 sider. Ho er no til sals på Texaco-stasjonen, Eidfjord Fjell og Fjord Hotel, Vik pensjonat og på Turistkontoret.

Lat oss presentera nokre eidfjordbøker

(tilbakeblikk)  Her på bloggen skal me presentera nokre eidfjordbøker som er nemnde her på sida. Tilbakeblikk-oppslaga her på sida har ofte sitt opphav frå tidlegare utgitte eidfjordbøker. Difor skal me visa deg nokre av desse bøkene her på EidfjordBloggen. Dei er også lista opp på sida “Om meg”, som du finn øvst i menyen.

Dei to nakne på Maurset og professor Christopher Hansteen

(tilbakeblikk)  6. juli 1821 kom professor Hansteen frå Maurset og ned til Vøringsfoss. Han hadde lagt ut på ei reis frå Christiania 20. juni, og på Maurset overnatta han. Det var her han opna døra klokka fire om morgonen og skvatt til då han såg to nakne menneske i senga. Det var Per J. Maurset og Herborg K. Garen. Etter å ha sove litt, vakna professoren opp til ein strålande dag i Sysendalen. No fekk han snakka med Maurset-folket, og han presenterte seg som “han som laga almanakken” då dei ville vita kven han var. Seinare gjekk han berre under namnet “almanakkmannen”.

Per J. Maurset fylgde Hansteen nedover dalen, og dei såg fleire fine småfossar. Då ville Maurset-karen visa han ein langt større foss, og dermed kom dei til Vøringfossen. Ein reknar difor gjerne at det var professor Hansteen som “oppdaga” Vøringfossen. Men denne dagen skal fossen ha vore særs liten, for det hadde vore tørke i lang tid. Så gjekk christianiamannen ned trappane i Berget, og då han kom ned til Eidfjord, var det eit tørkeramma Eidfjord han fekk sjå. Han vart rodd over Eidfjordvatnet i ein liten båt som lak som ein sil, og seint på natt kom han fram til Heggjagarden. Han måtte banka på ei rekkje gonger før ei sped stemme endeleg svarte: “Hvem banker så sildig?” Det var berre ein ung gut som var heime, men Christopher Hansteen fekk seg ei seng for natta.

Les meir i “Eidfjord – Historiske Glimt” (side 113)

190 år sidan målaren Johannes Flintoe overnatta i Myklatun og åt kveldsmat på Tveit

(tilbakeblikk)  Flintoe kom saman med botanikaren Blytt, geografen Munthe og arkitekten Linstow (som teikna Slottet). På denne ferda teikna Johannes Flintoe dei mange kjende bileta frå Vidda. Dei kom til Øvre Eidfjord, og i Myklatun stimla folk saman for å sjå framandkarane. Seinare skildra han folka han møtte, med fylgjande ord: “En naiv uskyldighet, likefremhet og nysgjerrighet”. I Vik fann dei husrom på Vigegrund (Heggjagarden), før karane neste dag tok turen til Simadal. Her trefte dei ein gamal mann, Jakob Hanssen Tveit (f. 1769), som tok dei med til Skykkjefossen. Christiania-mennene fekk no også høyra segna om Rika-Ragna. Så vart dei trakterte med hardingøl i store skåler, og det vart kveldsmat med lefse, smør, ost og ‘’bergfisk’’ i heimen til Jakob Tveit, som Blytt seinare skildra som vakker og gjestmild. Det går også fram av Blytts nedteikningar at det på denne tida budde 120 menneske i Simadal, og at han er oppglødd for folka i dalen. Han tykkjer også at Simadal  var vel så interessant som Måbødalen.

Du kan lesa meir om reisa i “Eidfjord – Historiske Glimt I” (s. 23) (2006). Her finn du fleire detaljar om vitjinga i Myklatun og på Tveit.

Teikningen av Flintoe som et kveldsmat på Tveit er laga av Jon Hjelmevoll frå Ulvik og finst i den nemnde boka.

Er sumaren over?

(stemningar)  Ein kan undra seg på om sumaren, som gjorde sitt inntog for nokre  veker sidan, allereie er over. Småkaldt, noko vind og regnbyer er vel ikkje kva me hadde ynskt oss no. I fjor forsvann faktisk sumaren før han var komen i gang. Fine dagar på føresumaren, og så kom regnet… Og du kor det regna og draup kvar ein dag. Ja, slik minnest ein det i alle fall. Førebels får me trøysta oss med denne biletlege sumarstemninga.

Eidfjordkarar til Sivlegarden på Stalheim. Vert du med?

Herreklubben på tur til Sivlegarden på Stalheim

(ka skjer?)  Tysdag 19. juni dreg seniorane av garde på sumaravslutningstur til garden ved Stalheim som no vert kalla Sivlegarden. Denne turen er open for alle karar som er rundt dei 70 – eller meir – eller mindre. Har du lyst på ein tur, der du får nærkontakt med Per Sivles dramatiske liv og hans vakre, strålande tekstar, ja, då kan du nok snika deg med på turen uansett alder. Avreise vert 09.30, og ein reknar med å vera tilbake i Eidfjord kring 16.30. På Sivlegarden vert det kulturoppleving og lunch hjå vertinna, Randi Engelsen Eide. Interesserte lyt melda seg på hjå sekretæren , Lars Hoel. T. 410 82 845.

Dansen gjekk på Bygdaheimen

 
Seniordansen på Bygdaheimen 12. mars 2012

Trim, hygge og mykje å læra på Seniordansen

(ka skjer?)  Har du høyrt om Seniordansen?  Dette er altså ei gruppe eidfjordingar av det særs trivelege slaget som treffast kvar måndag klokka 16 til 18 på Samfunnhuset for å dansa og hyggja seg. Akkurat no har laget teke sumarferie, men 10. september startar dei opp att, og då er nettopp du velkomen med. Kan du ikkje dansa, seier du? Ingen fare. Dansane  er ikkje vanskelege, men desto meir moro å halda på med. For dette  er ikkje klassisk dans, men meir ulike ringdansar som gjeng føre seg i eit roleg tempo. Men det er uansett god trim for deltakarane som er frå 50 til 90 år. Så vil du halda deg ung og i vigør, så kan me trygt anbefala å bli med i dansegjengen, som verte leia av Mary Herland og Leif Hereid.

Sjølvsagt er det både lærrikt og triveleg å vera med måndagene på Samfunnhuset, men dansegleda kjem også andre til glede. Det fekk ein sjå 12. mars då dei glade dansrane opptrådte på Bygdaheimen for eit takknemmelig og begeistra publikum. Også i desember 2010 var for øvrig Seniordansen på Bygdaheimen.

Det heile starta i september 2010 då Mary Herland og Leif Hereid reiste på instruktørkurs til Odda, der dei fekk verdifulle impulsar og lærde dei ulike dansane. Så kom dei heim til Eidfjord med mykje kunnskap og motivasjon i kofferten, og 23. september 2010 kunne dei invitera til den første samlinga på Samfunnshuset. Og respons fekk dei med det sama, for heile tolv danseinteresserte møtte opp.

Men korleis artar så ein dansedag seg? Jo, alle stiller opp i ein ring med raude og blåe band. Dette er fordi ein er flest damer, og difor lyt nokre damer ha roller som menn. For å markera dette har “mennene” blå band og damene raude. Så vert det instruksjon og ein prøver seg fram. Undervegs vert det mykje moro og latter, og sjølvsagt tek me ofte drikkepauser (ja, vatn altså). Stundom kosar ein seg òg med kaffe og nokå attåt.

Nokre av deltakarane var dessutan hausten 2011 på dansekurs på Storefjell Hotel. Det var danselaget i Kvam som hadde invitert, og på dette stemnet fekk eidfjordingane treffe heile 110 andre danseglade . Her vart det fine dagar med danseøkter, god mat og fine turar.

Det lyt også nemnast at Seniordansen har hatt besøk av gjestedansare frå Granvin, og det var både inspirerande og hyggjeleg.

Nyleg var Leif Hereid og to andre medlemmer til Odda for å lære nokre nye danser, som laget begynte å trene inn då dei møttes til avslutningsdansen no i vår.  Dansane vart nok ikkje helt ferdig innlærte, men resulterte hvert fall i mykje moro. Samstundes fekk seniordansarane utdelt medlemsbladet “Gladringen” og alle vart inviterte til det komande dansekurset  på Storefjell til hausten.

Laget har i dag fjorten medlemmer, men det er plass til fleire uansett kva alder ein har. Spesielt triveleg hadde det vore om nokre menn ville ta seg ein tur opp på Lægreid ein måndag,  slik at ein kan byte ut nokre av dei blåe banda med ekte karar når ein startar opp att i september.

På biletet  frå oppvisninga på Bygdaheimen i mars er fylgjande med: Kjellfrid Myklatun, Sigrid Kvale, Marit Herland, Aslaug Riber, Johanna Maria Nesheim, Karen Lægreid, Leif Hereid, Brita Hereid, Oddrun Sæbø, Brita Tveit og Mary Herland. Tre medlemmer var ikkje til stades: Ragnhild Herstad, Willy Pettersen og Anna Marie Graff.

Foto:  Lars Hoel

Frå opptreden på Bygdaheimen 12. mars 2012

 

Teaterlaget – ein viktig kulturaktør i Eidfjord

(ka skjer?)  Etter mange år utan aktivitet vart laget drege i gang att i 2008, i forkant av spelet, av Kari Vambheim og Lars Hoel. Rika-Ragna-prosjektet var då under oppsegling, og det galdt då å leggja grunnlaget for at ein hadde skodespelarar. Då kom teaterringreven Aud Jorunn Skjerven tilbake i manesjen. Ho hadde mellom anna vore med på revystorsuksessen på 80-talet. Seinare gjorde òg Elisabet Joleik og andre sin entré, og laget har vist seg svært levedyktig. Etter spelet i 2009 har ein kunna presentera heile tre oppsetjingar, alle av det humoristiske slaget. Det starta med revyen “Le med oss” hausten 2009, og deretter kom to farsar; ein i 2010 og ein i 2011.

I desse dagar sonderer laget terrenget for å sjå om det vil vera mogeleg med eit samarbeid med Toneskredo om ein Prøysen-cabaret, som kan få premiere våren 2013. Men førebels er ingenting avgjort. Det som derimot er klårt, er at ein på årsmøtet avgjorde at ein skal skipa til ei form for revy til hausten. Ein sette då ned ei superhurtigarbeidande revygruppe med tre personar som skal freista å få Eidfjord til å le, Mary Herland, Svein Hop og Lars Hoel. Revygjengen, som skal arbeida i heile sumar, er allereie godt i gang med idear og tekstar. Så no er det høve for deg som har lyst, til å vera med på revy. Frå dei aller inste og hemmelege sirklar i revygruppa kjem det no rykte om at mellom anna “Tulle- og tøysenytt” kan henda vender tilbake, og at ein prøver å skriva eigne, lokale sketsjar. Så her skal nok ingen føla seg for trygg …

Teaterlaget er ein uhøgtideleg samlingsplass, og det seiest, frå særs påliteleg hald, at det meir enn noko er humør og mykje moro som pregar øvingar og møte. Lyst til å vera med? Ta kontakt med ein av medlemene.

På årsmøtet på Vik pensjonat no i mai gjekk leiaren, Elisabet Joleik, av, og Line Dyrstad tok over. Lat oss nytta høvet til å takka Elisabet for leiarvervet gjennom fleire år. Ho kan definitivt sola seg i glansen av tre svært suksessfulle førestellingar. I styret sit no av Line Dyrstad, Aud Jorunn Skjerven, Johanna Håbrekke, Elisabet Joleik og Svein Hop.

Du kan lesa meir om revyplanane på facebooksida til Eldrekulturkomitéen. (Eidfjord Eldrekulturkomité)

http://www.facebook.com/#!/pages/Eidfjord-Eldrekulturkomit%C3%A9/294242463929300

Herreklubben og Fidel Castros Cuba

(ka skjer?)  Herreklubben vart etablert i januar 2012 og er ein treffstad for seniorkarar. Nyleg samla herrane seg for fjerde gong i stova i omsorgsbustadene. Heile ni karar kom då saman. Kaffi og kaffimat høyrer sjølvsagt til, medan ein som avslutning plar ha eit kulturinnslag. Til no har underhaldninga mest dreia seg om lokalhistoriske filmopptak, men denne varme aprilføremiddagen vart det heilt andre tonar. Cuba – det vesle landet i det karibiske hav – var dagens tema, og ein snakka kring den politiske situasjonen før det vart vist bilete på storskjerm. Ein fekk sjå både historiske fotografi frå revolusjonsdagane i 1959 og dagsaktuelle bilete frå Havanna og Trinidad.

Også ein Havanna-sigar kunne ein sjå på bordet, men etter det ein såg, var det ingen som fann grunn til å røyka han. Han enda difor sine dagar i boskorga i stova.

Herreklubben treffest ein gong kvar månad – ein tysdag -, og er for svært godt vaksne seniorkarar som tykkjer det er kjekt å koma saman. Kjenner du nokon som treng koma seg litt ut or heimen, så er han hjarteleg velkomen på ein av samlingane. Neste samling er tysdag 29. mai. Sundag 3. juni arrangerer Herreklubben show med legendariske “Nå skal vi skilles Johanne”-Sputnik. Vårsesongen vert avslutta 18. juni med tur til Sivlegarden ved Stalheim, plassen som no har vorte eit senter for diktaren Per Sivle.

Foto: Ukjend fotograf. Frå revolusjonsdagane i 1959. Fidel Castro på veg inn i Havanna

Ei frustrerande gravferd

(mi hjartans meining)  Frå tid til anna lyt me alle ta del i gravferder. Det er ofte trist og ei sterk oppleving, men det kan også kjennast godt å få lov å vera med på den siste avskilen, viss det er eit menneske som har levt eit langt og godt liv. Er ramma rundt seremonien verdig og god, så støttar det opp om at gravferda likevel kan opplevast som noko godt. Samværet med andre sambygdingar i kyrkja og ved grava kan då opplevast som meiningsfylt, og kan henda også noko fint.

Men slik var det ikkje i ei gravferd i Eidfjord kyrkje for ei tid sidan. Sjølv om tilhøva i kyrkja som vanleg var korrekte og talen til presten var framifrå, så vart det ei vanskeleg oppleving.

Les meir om denne opplevinga. Sjå menyen øvst på sida. (Mi hjartans meining)

Foto/copyright: Lars

Vil du dela eit innlegg med dei 7647 venane dine?

(ka skjer?)  Takk for at du les EidfjordBloggen. Eg gjer merksam på at det per 17. mai er kome på plass “delefunksjon” for kvart innlegg. Det betyr at du kan dela eit innlegg med dei næraste 853 eller kjæraste 46563 venene dine på Facebook eller på andre sosiale media. Sjølvsagt er det stas om du finn noko her som du kunne ha lyst til å dela med dei du kjenner. Det er fullt mogeleg å gå gjennom blogginnlegga tilbake i tid, eitt for eitt, for å sjå om du finn noko du vil dela med andre.

Som du vil sjå: Det er berre dei siste innlegga som er å sjå på framsida av bloggen – her du no les. Men i høgre spalte finn du ein kalender, der du kan klikka på dei ulike datoane for å få fram innlegg. Du kan også gå inn i Arkiv-delen i høgre spalte for å velja å sjå innlegga frå ein sæskild månad.

Når du leitar fram eit gamalt oppslag, vil du berre få sjå ein oversikt over tekstane utan bilete. Du lyt då dobbeltklikka på tittelen i innlegget for å få opp heile innlegget med både foto og tekst.

Manglar Eidfjord eit uteamfi?

(ka skjer?)   Kulturlivet i Eidfjord blømer. Kommunen, kulturkontoret og ei rekkje foreiningar og privatpersonar sørgjer for at bygda byr på mange flotte kulturopplevingar. No kan du lesa eit brev som er sendt til kommunen og til dei politiske partia, der ein oppmodar om at det vert laga noko heilt nytt i Eidfjord. Sjå menyen øvst på sida, “Eidfjord Amfi?”

På menyen øvst på sida kan du sjå at EidfjordBloggen har fem sider. Ein har sjølve nyhendesida, som du no les på (Heim), og ei side som fortel om oppbygginga av bloggen (Om Bloggen). Dessutan finn du ei side der eg fortel noko om tilhøvet mellom Eidfjord-kulturen og meg sjølv. Den fjerde sida (Eidfjord Amfi?) gjeld eit forslag eg har, om at kommunen greier ut om det vil vera mogeleg å laga til eit uteamfi. Dette brevet vert sendt kommunen i mai 2012. Eg trur eit uteamfi ville verta til stor glede for bygdefolket. Du kan lesa meir om forslaget i brevet, som altså ligg på ei eiga side. Den femte sida heiter “Mi hjartans meining”.

Ny «flodbølgje» frå Simadal – her kjem resultata frå sykkelskyttarmeisterskapet

Har dei starta ei ny flodbølgje i Simadal?
(ka skjer)  I august 1937 var det storflaum i Simadal, og no spørs det om sykkelskyttarane i Eidfjord Cider og Sykleclub har starta ei ny «flodbølgje». For det kan sjå ut som at skarpskyttarane no har truffe blink på meir enn ein måte. Her blandast jo moro og uhøgtideligheit med sykling og skyting. Hygge og sport går hand i hand. Publikumsvenleg, spanande, nyskapande. Dermed kan det vera at president i laget, Irene Vivelid, og hennes medsamansvorne syklistar, verkeleg har lagt eit gullegg. Det er tydeleg at folk på andre plassar har stor sans for denne nye sporten og snart lyt ein kan henda oppretta «Landsorganisasjonen for sykkelskyting», kven veit? Sporten passar for folk i alle aldrar og kan óg vera ein inspirasjon til å få interesse for skyting eller sykling på eit toppnivå. Me oppfordrar folk til å dele dette innlegget med folk dei kjenner på heilt andre plassar i Norge. La budskapet om sykkelskyttarane frå Eidfjord gå over heile landet. Eit gullegg.

Foto: Christian Bouvain

Resultater frå Simadal laurdag 12. mai

Plassering Navn Slutt tid Totalt ant. Strafferunder Liggjande Ståande
1 Bjarne Boge 00:40:03.8 4 0 4
2 Ove Viveli 00:41:59.3 0 0 0
3 Jonny Laupsa Borge 00:42:04.2 5 3 2
4 Rune Viveli 00:42:10.2 5 2 3
5 Tommy Eriksen 00:43:28.1 2 1 1
6 Trond Haddeland 00:43:43.8 1 0 1
7 Frode Eriksen 00:44:10.7 1 0 1
8 Håvard Boge 00:44:32.5 3 0 3
9 Frede Olaussen 00:44:34.2 5 1 4
10 Andreas Boge 00:44:52.0 3 1 2
11 Inge Kristoffersen 00:45:02.3 6 2 4
12 Hanne Maartman 00:45:02.5 3 0 3
13 Jan Erik Ålgård 00:45:25.4 3 0 3
13 Lars Instanes 00:45:25.4 1 1 0
15 Adrian Manhave 00:45:49.2 5 2 3
16 Harald Sandvik 00:46:34.1 4 2 2
17 Josuah Villacarillo 00:46:35.5 7 5 2
18 Geir Kvalvik 00:47:14.2 4 1 3
19 Sjur Magne Halland 00:47:44.7 4 1 3
20 Rune Limstrand 00:52:24.7 2 0 2
21 Rolf Arne Ramsdal 00:54:48.7 1 0 1
22 Vegard Boge 00:57:17.6 2 0 2
23 Sebastian Vinge 00:59:51.6 3 0 3
25 Torgeir Tveit 00:57:41.0 5 1 4
24 Arnt Ove Tveit 01:05:40.6 10 5 5
  Torgeir Lutro DNS      

 

Grendalag og 17. mai-frukost i Øvre Eidfjord

Grendalaget i Øvre Eidfjord

(ka skjer)  Dette var eit flott “nyhende”. Laget kunne presentera seg i EidfjordNytt no i vår, men vart likevel stifta alt i fjor. Eit sus av fortida på eit vis, men samtidig eit fint tiltak som kan verta viktig for utviklinga og samhaldet i Øvre Eidfjord. Dei gode, gamle ungdomslaga har jo i stor grad måtta gi tapt for alt det nye og moderne i  bygdesamfunnet, og med det har ein mista mykje. Driftige eldsjeler heldt lenge Ungdomslaget i Eidfjord levande, men måtte kasta inn handkledet for nokre år sidan. Folk var for opptekne med eigne aktivitetar, og laget måtte leggjast ned. I Sverige har ein svært mange stader framleis sine “hembygdsföreninger”, som  har ein allsidig og spanande aktivitet. Eg misunner svenskane deira “hembygdsföreininger”, der ein har ein eigen hembygdsgard som folkeleg samlingsstad.

Men no er grendalaget i Øvre Eidfjord ein realitet, og me ynskjer all mogeleg lukke til med arbeidet, ungdomshuset og framtida.

Og på torsdag vert det triveleg 17. mai-frukost i regi av Grendalaget.

Engelske Charles William Rothery teikna Sæbø då han vitja bygda i 1845. Les meir om vitjinga i Øvre Eidfjord i boka”Ættegarden i Sysendalen” (side 19)

Kor sutalaust og kjekt er det no eigentleg her?

(Ikkje så alvorsamt)  Me skal heva ei kritisk røyst i dag, langa ut ein harmdirrande knyttneve og verkeleg gripa tak i noko alvorsamt. Jau, då. Det gjeld altså Eidfjord fjell & fjord Hotel, som jo har “sutalaust & kjekt” som slagord. Som austlending er eg jo ikkje så godt kjend og ville ta turen ut for å finna dette sutalause hotellet (sjå biletet over) Eg venta meg sjølvsagt mykje, men eg skal seia eg vart vonbroten og overraska då eg omsider fann hotellet ute ved Erdal. Eg trudde eigentleg det låg inne i sentrum, men nei då. Her fann eg dei kjekke og sutalause lokalitetane klemt mellom køyrebanen og fjorden. Fyrst og fremst var no hotellet særs lite og stusseleg, men det store blå skiltet tala sitt tydelege språk; Eidfjord fjell og fjord Hotel – sutalaust & kjekt.

Mi ærlege meining er at hotellet var eit tarveleg syn. Kan ein eigentleg kalla slikt eit hotell. I andre høgda var det eit vindauga utan glas, og huset verka svært luftig og lite vedlikehalde. Døra var dessutan noko øydelagt, og ikkje var det folk å sjå på plassen. Nei, noko slikt kan no ikke vertskapet vedkjenna seg. Lenge trudde eg at det måtte vera feil plass eg var komen til, men skiltet heng no der og avfeiar all tvil.

Veit ikke om fleire bygdefolk har stussa over dette, men hermed vil eg få seia frå om at eg personleg ikkje var særleg nøgd med det eg såg av hotellet. Inn kom eg ikkje, for døra var låst.

Sutalaust og kjekt? Vil no ikkje seia det, nei!

Foto: Lars

(Sutalaust og kjekt – tillegg.  Ja, som den observante, tenksame lesar vil ha skjønt, så var teksten ovanfor eit lite forsøk på å vera litt “morosam” og skreve som om hotellet verkelg låg i det gamle skuret ved riksvegen ute ved Erdal. Men slik er det jo ikkje. Eidfjord fjell & fjord Hotel ligg sjølvsagt på Lægreid og er eit frammifrå hyggeleg hotell med den strålande husfrua, Borghild, som alltid venleg og gjestfritt tek i mot. Me kan  vel kort og godt beskrive det heile med tre ord: “sutalaust og kjekt”.)

 

Eidfjord Cider & Sykle Clubs meisterskap laurdag 12. mai

.

Årets sykkelskyttermeisterskap går av stabelen laurdag 12. mai kl. 13.00

(ka skjer?)  Eidfjord Cider & Sykle Club står bak dette noko uortodokse meisterskapet, om me kan tillata oss ei slik formulering. Og om du ikkje er heilt kjend med denne cidersykkelsporten, så er du no ikkje helt åleine om det. Men no har president Irene Vivelid gjort det tydleg kva klubben driv på med og oppmodar i siste EidfjordNytt einkvar som kan krypa og gå, om å ta turen inn til Simadal på laurdag (12. mai). Men kom ikkje tomhendt. Ein lyt nemleg finna fram dei norske flagga – dei skal jo uansett ut or skuffa og strykast om få dagar –, og så lyt ein ta med kaffi, pølser og truleg mykje godt humør.

Me veit jo alle kor spanande det er med skiskyting i fjernsynsboksen vintersdagen, og no har me altså fått vårt eige meisterskap. Men ciderkanna får me no tru at deltakarane lèt stå heime på garden denne dagen då medlemene skal treffa blink og sykla i sine åletronge, fargerike klede.

Me kan berre oppmoda stor og liten, gardbrukar og fiskar, tjukk og tunn, høgreveljarar og SV-arar, vegetarianarar og kebabelskarar – har eg fått med alle no? – til å setja seg på den rustne, gamle DBS-sykkelen og koma seg inn til Simadal laurdag 12. mai kl. 13.00.

Foto: Christian Bouvain

 

Ei folkeleg legende kjem til Eidfjord sundag 3. juni

 

Sputnik med show på Samfunnshuset

(ka skjer?)  Så er det offisielt. Sjølvaste Sputnik kjem til bygda. Det var etter forslag frå godt vaksne bygdefolk at det heile er kome i stand, akkurat som det var då Jon Eikemo vitja bygda i fjor. Og Herreklubben tok utfordringa på strak arm og inviterte lastebilsjåføren Knut Storbukås til Eidfjord.  Visste du forresten at han har vore her tidlegare? Jau, på åttitalet heldt han show på det gamle Vøringfoss Hotell, og det var svært vellukka. Sputnik har halde det gåande i nærare 30 år, og er stadig svært etterspurd. Nokre har freista å hevda at Sputnik ikkje er finkulturell nok, men dei aller fleste er begeistra for hans folkelege songar og stil. For dette er verkeleg musikk til å verta glad av. Her kan ein nyta stemninga, syngja med eller svinga seg til taktane av “Nå skal vi skilles, Johanne”, eller dei andre slagarane.

Samfunnshuset, sundag 3. juni klokka 18.00

Informasjon om førehandssal av billettar kjem seinare. Følg med.

Raset i Storegjel 2. mai 1903

(tilbakeblikk)  Onsdag er det 109 år sidan den fryktlege hendinga i Storegjel. Marita (Marta) Garen (1883–1976) og vennina, Else Huse, streva seg fram oppover den bratte Tymberløypet-stien i Måbødalen. Dei hadde vore på ei tilstelning, og praten gjekk kan henda muntert mellom jentene medan dei baksa seg oppover. So kom raset. Det skal ha vore båe stein og snjo som dekkja ungdomane. Det finst fleire versjonar av kva som hendte, men far hennar Marita, Fossli-byggjaren, Ola Garen, leia gravearbeidet og etter timars slit fann han dottera si under snjo-/steinmassane. Ho var i live, med sterkt medteke. Men Else Huse vart funnen død. Særleg tragisk er det at fleire av Elses syskjen, og også truleg mora, døyde av tæring nettopp i åra frå 1901 til 1903. Les meir om den dramatiske historia og dei ulike versjonane av dramaet i kjelda.

Kjelde: “Eidfjord – Historiske glimt, fiksjon og fakta” (2006) (s.39)

Teikning av Jon Hjelmevoll, Ulvik