Ho bar sin hatt som ho sjølv ville

Målaktivisten og nynorskforleggjaren ‘Annetta Garathun

Eg har diverre aldri møtt Annetta Garathun, for ho døydde lenge før eg vart fødd. Truleg har difor både eg og andre gått glipp av mykje, for systera til oldemor i Eidfjord var nok ei spesiell dame og ein personlegdom som sette preg på samtida si – ja, både i kvardagslivet og i det offentlege.

Det var målsaka og kjærleiken til nynorsk litteratur som skulle koma til å stå i sentrum i det lange og spanande livet hennar, men Eidfjord og Hardanger hadde òg ein stor plass i hjarta til Annetta; eit hjarta som inneheldt mykje varme og kjærleik og som slo til ho vart nær 94 år. Men lat meg fyrst fortelja litt om dei fyrste åra hennar.

Annetta Garathun vart fødd i 1856 på den vesle garden Skorge i Grytten i Romsdal, men eg tek meg likevel den retten å kalla henne eidfjording, for det var i stor grad heimbygda til foreldra, Eidfjord, ho kjende seg nær.  Mora og faren, Marta og Ola og Garathun, hadde flytta frå Øvre Eidfjord til Romsdal kring 1849, og dei var nok inspirerte av at mange hardingar på denne tida hadde vore på Nord-Vestlandet på sumarfiske, og dermed gjorde garatunane romsdalingar av seg – for ei stund. Kring 1859/-60 kjøpte familien ein større gard på Vågstranda på sørsida av Romsdalsfjorden og budde på Kjølset-garden fram til 1875.

Marta og Ola  fekk seks jenter, og i Eidfjord vart dei stundom kalla »dei vakre Garathun-systrene» (Kjølset-systrene). Berre den eldste av dei, Marit, vart fødd i Eidfjord medan dei fem yngste, Anna, Olina, Annetta, Maria og Helena, kom til verda i den nye tida i Romsdal. To av dei busette seg seinare i Eidfjord, der Anna gifte seg med Ola Lægreid og Maria med Ola Garen, og desse har mange etterkomarar. Marit flytte til Kristiania, Olina vart gift til Bakke-garden i Uvdal medan yngstejenta, Helena, døydde berre fem år gamal.

Då foreldra i 1875 vende heim til Hardanger, var den sjølvstendige Annetta Garathun 19 år og drog difor til Danmark for å gå på den vidgjetne Askov Højskole.  Nettopp denne tida på folkehøgskulen sette nok sterkt preg på den unge, forvitne dama, for her fekk ho læra mykje, treffa interessante menneske og her la ho nok grunnlaget for yrkeskarrieren sin.

Etter tida i Danmark var ho frå 1877 på Torp-skulen på Elverum, som var ein form for friskule utanfor det vanlege skulemønsteret. Venteleg var det her ho fekk lærarutdanninga si, og sidan underviste ho ved skulen òg. Knut L. Måge skreiv i 1972 i tidsskriftet «Hardanger» at det truleg var her i det radikale skulemiljøet «ho fekk bokormen i seg».

Annetta Garathun forlét Elverum i 1883,  var deretter ei tid i Eidfjord, og eitt år var ho lærar i Stangvik på Nordmøre. Truleg busette ho seg i Kristiania på slutten av 1880-talet og arbeidde kring 1891 ei tid som lærar, før ho tok til å arbeida i forlaget til Søren Mittet, ein mann ho nok kjende frå tida i Veøy i Romsdal. Annetta hadde fått interesse for boksal og forlagsverksemd, og no fekk ho læretida si.

Annetta Garathun og Magnus Hydle frå Ulvik

I 1894 gjekk ho i kompaniskap med Magnus Hydle, som ho kjende frå Ulvik, i nynorskforlaget Hydle & Co, men allereie året etter stod Annetta åleine med forlaget. Ho etablerte då firmaet under nytt namn, A. Garathuns Forlagsbokhandel, i Grubbegata 2, i bygget der ein frå 1903 også finn Stortorgets Gjæstgiveri, og dreiv sjølv forlaget fram til 1899. Mellom anna hadde ho då ekspedisjonen av «Syn og Segn» for Det Norske Samlaget.  Alt tilseier at lokalet i Grubbegata tente som både bokhandel og forlagsverksemd, og staden skal ha vore ein samlingsplass for mange hardingar i hovudstaden. Her skal ho ha hatt hjelp av mellom andre stortingsstenografen Jon Måkestad frå Nå og Guro Meland, meinte Knut L. Måge.

Annetta Garathun ivra for målsaka, og det var difor nynorskbøker ho ville gje ut. På denne tida var ho  forleggjaren til Per Sivle, som òg hadde gått på Askov Højskole, og gav ut fleire av bøkene hans. Den aller fyrste skal ha vore «Nye Vossa-Stubbar» (1894), og seinare kom «Bersøglis- og andre Viser» (1895). I åra frå 1894 til 1896 gav Annetta ut heile åtte landsmålsbøker. Blant desse var også Kari Liti (1895) av Brita Bjørgum, som skal ha vore den fyrste lengre forteljinga som ei kvinne skreiv på landsmål. Desse bøkene kom ut kring 1894/-95,  medan «Vaar viseskat – Nordens humoristiske viser og digte i udvalg» og «Praktisk formularbog – en haandbog for hver mand» vart utgjevne i 1896.

I 1899 gjekk ho saman med musikaren og stortingsstenografen Michael Flagstad frå Kongsberg i eit nytt forlag, Flagstad & Garathun, som dei truleg dreiv – meir eller mindre – fram til 1902. Annetta vart nær ven med Flagstad-familien, og dottera deira var den kjende operasongarinna Kirsten Flagstad.  Ein lyt nemna at nettopp 1899 var eit svært vanskeleg år økonomisk i hovudstaden, for då skjedde det såkalla Kristiania-krakket, som skapte uvanleg vanskelege økonomiske tilhøve, men Annetta Garathun var neppe den som gav opp så lett.

Då forlaget i 1902 vart selt til L. E. Tvedte og seinare til C. Sarheim, dreiv Annetta i mange år arbeidet der, truleg til kring 1912. Deretter arbeidde ho i alle fall frå 1913 som annonsesjef i vekemagasinet Vor Tid, før ho avslutta den aktive yrkeskarrieren i bladet URD, som var eit av dei fyrste kulturbaserte og delvis politiske blada for kvinner.

Annetta skulle få eit langt liv i hovudstaden, som på den tida hadde namnet Kristiania, og ho budde mellom anna i Munchs gate 9 (kring 1890), i Ullevålsveien 61 (kring 1900), i Calmeyers gate 9 (1894) og i Sorgenfrigata 37 (kring 1910), før ho dei siste åra i livet budde i Jarveien 16 i Bærum saman med systerdottera. Men trass i mange år i hovudstaden, var det plassen ho heldt som heimbygda, Eidfjord, som lokka kvar einaste ferie. Når sumaren kom, reiste ho «heim»; over fjellet til hardangerbygda, og vitja slektningar og vener i Eidfjord, og ho kjende nok at det var her ho hadde røtene sine. For sjølv om ho vaks opp i Grytten og Veøy, hadde ho i romsdalstida i alle år jamleg vore med familien heim til Hardanger, og dermed fekk ho allereie i barneåra  verta kjend med både den  vakre bygda og slekta i Eidfjord.

Annetta Garathun vart ikkje gift, og kanskje er det treffande når Ågot Miriam Alnes Orvik i ein artikkel om henne skriv: «kanskje var ho for sterk og sjølvstendig til det både i ord og gjerning». Sjølv om Annetta ikkje vart gift eller fekk barn, vitnar alt om at ho hadde ein stor omgangskrins av slekt og vener, som ho heldt nær kontakt med. Eg har fått høyra ein del om Annetta frå den kjære faster mi, Maria (Majen) Øveraas (1919–2017),  for Majen var dotterdotter til Annettas syster, Maria Garen, og faster og Annetta hadde mykje kontakt. Majen, som vaks opp i Drammen, fortalde om ei festleg og interessant dame som var eit oppkome av humor, historier og kunnskap. Når Annetta Garathun kom på vitjing frå hovudstaden, hadde ho interesse for store og små i slekta, og det fylgde mykje moro med henne, fortalde faster. Annetta kunne så mykje, hadde vore ein del ute og reist, og var i det heile ei kunnskapsrik kvinne.

Då den aktive yrkeskarrieren var avslutta, flytte Annetta til systerdottera si, Mette Lereim, på Jar i Bærum. Då faster skulle ta utdanning i Oslo i 1938, budde ho hjå slektningane på Jar, ja, ho fekk jamvel bu på same rom som Annetta, og dei to fekk då serleg god kontakt. På denne tida var Annetta 82 år, men kom svært godt overeins med den då 18 år gamle faster mi. Mellom anna fortalde Majen at Annetta då batt inn bøker heime på rommet i Jarvegen 16, så forleggjaren var verksam opp i høg alder.

Faster har også fortalt at Annetta gjerne starta dagen med ein liten genever-knert, og klokka ni på sundagane kom hushalderska inn på rommet deira med eit brett kaffi og vørterkake med geitost. Så brukte ho å fortelja om minna frå oppveksten på Kjølset-garden i Romsdal og «heimbygda» i Hardanger. Då sa ho ofte på det sjarmerande viset sitt; «Ja Kjølset-jentene var no vakre, då, veit du, ja unntaka meg, då. Men, eg har no klart meg godt, då.»

Annettas vitjing i Eidfjord var nok ei oppleving – og kanskje gagnleg for bygdefolket òg –, for det var ei særeigen og stram dame som kom til vestlandsbygda med hatt og slips, og som nok gjorde stort inntrykk på dei fastbuande med dei særmerkte bykleda og framferda si.  Enno finst det folk som minnest at ho kom til bygda, så Annetta Garathun var ei kvinne som vart lagt merke til. Ja, lat det ikkje vera tvil om at «ho bar sin hatt som ho ville.», som Knut L. Måge omtala Annetta  i det nemnde «Hardanger» frå 1972. Han skreiv også: «Annetta Garathun var ei dyktig kvinne. Ho hadde mange interesser, mykje kunnskapar og dertil styringsevne. Sjølvstendig var ho i meiningar og hadde svært gjerne hug på ein debatt.»

I boka om norske forleggjarar gjennom 100 år er Annetta nemnd fleire gonger. Det står mellom anna  « … opptrådte for første gang en ugift kvinne som forlegger. Annetta Garathun fra Hardanger våget å utgi skjønnlitteratur på landsmål med Kristiania som base.» Det går òg fram at mange forlag braut saman etter det nemnte Kristiania-krakket, mellom andre også forlagsbokhandelen til Annetta Garathun, men om dette er heilt riktig, veit eg ikkje. Noko må i alle høve ha vore att av verdi sidan ho kunne selja føretaket i 1902.

Serleg blant målfolk og andre spesielt interesserte har Annetta Garathun i dag eit namn – og burde kanskje hatt eit mykje større namn  – som ein av dei fyrste som arbeidde ihuga for målsaka, nynorsklitteraturen og kvinnesaka. Så lyt me også hugsa på at ho kom seg fram i ei tid då kvinner enno ikkje hadde allmenn stemmerett (det fekk dei fullt ut fyrst i 1913), og få kvinner tok del i det offentlege livet. Ifylgje boka til Ottar Grepstad, Viljen til språk, var Annetta Garathun Noregs fyrste kvinnelege forleggjar av nynorsk litteratur, kvinnesaksforkjempar, lærar og «målkvinne». Det vert i våre dagar støtt snakka om at både den eine og den andre er ei «sterk kvinne», men i høvet Annetta Garathun, trur eg verkeleg det er dei rette orda.

Eli Bjørhusdal skreiv i 2006 ein svært interessant artikkel på sprogradet.no, «Kvinner i det sentrale målmiljøet før 1906», og ho gjev Annetta Garathun ei sentral rolle. Mellom anna går det fram at 137 målfolk i 1906 var samla i Turnhallen i Oslo for å skipa Norigs Maallag. Berre seks av dei var kvinner, og éi av dei var Annetta Garathun. Bjørhusdal skreiv: «Mindre kjent er det at denne målkvinneeliten òg drog i gang ein norskdomssalong i 1900, Oslo Gilde, som vart ein viktig møteplass for sentrale delar av den norske venstreeliten kring unionsoppløysinga. Oslo Gilde var langt på veg organisert og styrd av kvinner i og kring målrørsla.»

Annetta Garathun var òg ein del av miljøet kring målavisa Den 17de Mai og tok del i fleire store tiltak, som Bjørhusdal òg skreiv om: «Nokre år før skipinga av Oslo Gilde sette Den 17de Mai-miljøet i gang eit tiltak som skulle vise seg å bli avgjerande i oppbygginga av den organiserte målrørsla. Den norske marknaden (målmarknaden) i 1898 vart den fyrste store mønstringa av norsk folkekultur i hovudstaden. Føremålet var å samle inn pengar til landsmålsfondet Målkassa. Eit år i førevegen vart målfolk over heile landet sett i sving med å samle inn pengar, og då det endeleg braka laus på Tivoli-området i september 1898, fekk hovudstadspublikummet oppleve ridande opptog, felespel, bunadframsyning og amatørteater, kafear med norsk bondekost, dans, tombola og lutspel av alle slag. Nasjonale profilar som Arne Garborg, Fridtjof Nansen og Jørgen Løvland tala, og Hulda Garborg stod for teateroppsetjingane.»

 

I Arbeidsnemnda for «Den norske marknaden» sat altså Annetta Garathun. Namnet hennar er òg nemnt fyrst i rekkja i ein annonse i Dagbladet i august 1898, der det mellom anna står: «Formaalet er at vække interessen for vår nationale kultur».

 

Dei store inntektene frå Målmarknaden skapte stor aktivitet, mange lokale mållag og ungdomslag såg dagsens ljos rundt i landet, og mellom anna vart Bondeungdomslaget (BUL) i Kristiania starta i 1899. Pengane var viktig for å finansiera målreisinga frå starten av 1900-talet og leggja grunnsteinen for nynorsk skriftkultur, fortalte Bjørhusdal. I avisa Den 17de Mai for 8. mai 1920 går det fram at Annetta òg var skrivar for Hardinglaget i Kristiania, og ein må tru ho var med her i ei årrekkje, truleg frå starten i 1914.

Informasjonene som Bjørhusdal gjev, er viktige for å sjå at Annetta Garathun var ein viktig medspelar  når det galdt både målsaka, nynorsklitteraturen og kvinnesaka. Ja, ho sette gode spor etter seg, Annetta Garathun – og ikkje minst – ho bar sin hatt som ho sjølv ville.

15. mai 1950 døydde Annetta, nær 94 år gamal, og laurdag 20. mai kl. 12 tok ein avskil med henne i Det Gamle Krematorium. I annonsen i Aftenposten stod det fylgjande: «Vår kjære gamle tante Annetta Garathun døde stille i dag. Jar 15. mai. På familiens vegne Mette Lereim.»

Etter bisetjinga vart ho gravlagd på Vår Frelses gravlund i Oslo, der gravsteinen hennar er verna.

Informasjon om Nordavind-revyen på Samfunnshuset i Eidfjord:

 

 

 

Fekk du med deg Austavind-revyen i 2013? Me trur han var ei triveleg oppleving for dei som var der, og no, heile fem år etter, er Eidfjord Teaterlag attende med ei ny førestilling. Faktisk er det også Teaterlagets 10-årsjubileum på våren i 2018, så me gratulerer oss sjølve!

Kva ein har funne på denne gongen, lyt nok vera strengt hemmeleg, men me ynskjer dykk hjarteleg velkomne til ein heilaftan med skjemt og hyggje – saman med skodespelarane Trude Brekke, Johanna Maria Nesheim, Mary Herland, Johanna Håbrekke, Nina Herland, Arne G. Bu, Tor Bu og Svein Hop.

Austavind-revyen hadde ein heilt utselt premiere, og difor rår me no til å vera svært raske med å kjøpa billett. Han kostar berre gi-bort-prisen 150 kroner, og du kan sikra billett til deg og dei næraste 40 Facebook-venene hjå Eidfjord Fjell & Fjord Hotel eller på kaféen deira i sentrum frå måndag 5. februar. (Berre ved frammøte på hotellet, ikkje høve til reservasjon per telefon.)

Før du går og kjøper billett til deg og dine, så snakk med dei andre om de vil nytta dykk av tilbodet om å tinga retten lun pai med fetaost og spinat servert med salat og aioli (kr 110). Denne førehandstinginga av lun pai lyt ein då betala forskotsvis på hotellet eller på kaféen i det ein kjøper billett, eller innan dagen før førestillinga.

Me serverer dykk to heilaftans førestillingar. Det vert premiere laurdag 10. mars kl. 17.30 (slutt kring 20.30) og ei tilleggsførestilling måndag 12. mars klokka 18.30 (slutt kring 21.30). Dørene opnar i alle høve klokka 16.30 laurdagen og klokka 17.30 måndagen, og då gjeld det å vera tidleg ute for å sikra seg eit godt bord nærast scena. Kjem ein seint, vert det kanskje eit bord langt bak eller ute ved WC eller der omkring. Og dessutan kan det vera triveleg å eta og hyggja seg litt i god tid før framsyninga startar.

OBS. Dørene på Eidfjord Samfunnshus stengjer presis klokka 17.30 på premieredagen, laurdag, og kl.18.30 måndag.

Me kan også freista deg med at vår salsbu, som Eidfjord Fjell & Fjord tek seg av, er open idet dørene opnar. Her sel me kaffi, te, brus, ymse drikkevarer, snacks, bagettar og kaker i tida før start og i den 15 minutt lange pausen. Gjerne kontant oppgjer. Spørsmål? Ein kan venda seg til oss per e-post: kulturkomiteen@outlook.com

Teaterlaget har ei ganske ny Facebook-side. Vil du fylgja oss? Me gjer merksam på at me også har ei gamal side, som ligg der ute, men ikkje er i bruk.

Førestillinga er ikkje spesielt eigna for born.

Arrangør Eidfjord Teaterlag.

Romjulens underhaldning i 2017 på Bygdaheimen

26.12. Tysdag (2. dag)   Songstund med Linda Vestli

27.12. Onsdag (3. dag)    Gruppe frå Toneskredo

28.12. Torsdag (4. dag)   Seniordansen

29.12. Fredag (5. dag)   Torader og song

Einar Nesheim, Johanna Nesheim og Johanna Håbrekke

31.12. Sundag (Nyttårsaftan) Trekkspelfest

med «Laurdagsgutane»: Egil Johannessen og Reidar Eidnes

 

Kvar dag klokka 16.30

Velkomen til ei koseleg romjul på Bygdaheimen

Jubileum og gamaldansfest

Kjære eidfjordingar og godtfolk i nabobygder

Laurdag 28. oktober vert det:

Stor jubileumsfest med lunsjbuffet og gamaldans! Vert det betre, då?

I høve av at Eidfjord Kulturkomité i haust feirar 10-årsjubileum, har me den store gleda av å invitera deg og dine til ein uformell festføremiddag på Quality Hotel Vøringfoss. Kulturkomitéen er fire privatpersonar, og i desse ti åra har me hatt som oppgåve å arrangera kulturell underhaldning for vaksne og ekstra godt vaksne. Så no lyt me feira!

Me innbyr deg difor til lunsjbuffet og underhaldning frå klokka 12 til 15 den 28. oktober, ja akkurat i denne tida på året då det vert mørkare dagar og ein treng å hyggja seg litt ekstra.

Klokka 12 står lunsjbordet klart i restauranten på hotellet, og ein times tid seinare trekk me inn i Kultursalen Eio, der det vert underhaldning og dans til tonane frå Kvinnherad Folkemusikklag. Denne herlege musikkgjengen tek turen til oss for å dra opp stemninga her inst i fjorden, så her kan ein velja om ein vil lena seg attende med eit glas vin eller mineralvatn og sjå på dansen og lytte til livlege taktar, eller om ein vil svinga seg på dansegolvet. Så dette vert verkeleg ein fin føremiddagsfest for alle som vil koma i godt humør denne oktoberlaurdagen.

Billettsalet har starta. Billetten kostar 250 kroner, og dette meiner me må vera ein flott pris for båe lunsjbord og underhaldning. Men merk deg altså at det er førehandssal av billettar på hotellet, så gå innom og skaff deg ein av dei berre 90 billettane.  Du kan ikkje regna med at det er billettar attende når vi kjem til den store dagen i oktober, så ver rask.

Billettprisen er uansett den sama for «pakka» med lunsj+underhaldning , eller om ein eller annan grunn berre skal ha lunsj eller berre ta del i underhaldninga. (Ta godt vare på billetten din, for den lyt visast båe ved lunsjbordet klokka 12 og i døra til Kultursalen når Kvinnherad-folket spelar opp litt etter klokka 13.) Drikke kjøper ein i tillegg.

Så snakk med vener, naboar og kjende allereie i dag, og løp til billettutsalet. Førehandssal på Quality Hotel Vøringfoss (ved frammøte).

Telefon 53 67 41 00, q.voringfoss@choice.no (viss det gjeld billettsal og mat)

 

Vær hjarteleg velkomne!

Med helsing frå

Arrangøren Eidfjord Kulturkomité: kulturkomiteen@outlook.com viss det gjeld noko anna enn billettsal og mat

Fylg gjerne Kulturkomitéen på Facebook og på Twitter for informasjon.

Eidfjordbloggen: http://eidfjordbloggen.isay.no

Biletføredrag og film om pionerfotografen Knud Knudsen

logo-kkLaurdag 21. januar kl. 12.00 i Kinosalen v/Quality Hotel Vøringfoss

No i Kulturkomitéens tiårsjubileumsår har me gleda av å invitera deg til ein heilt spesiell kulturhistorisk kveld, der me får møta forfattaren og filmskaparen Lisbeth Dreyer. Ho vil fyrst fortelja oss om fotografen Knud Knudsen (1832-1915), og visa bilete på storskjerm, og deretter får me sjå Skule Eriksens film «Album».

Dreyer har nyleg gjeve ut den uvanleg flotte boka om pionerfotografen Knudsen, og mange fekk nok denne under joletreet. Viss ikkje du var av dei heldige, vil det på slutten av kvelden vera mogeleg å sikra seg ei framifrå gåvebok med helsing frå forfattaren. Me nøler ikkje med å bruka ordet praktverk i denne samanhengen.

Mange kjenner nok litt til Knudsen og alle hans uvanleg gode bilete, men no har ein sjansen til å fordjupa seg i historia om Odda-mannen, som vart ein av våre mest kjende fotografar. Knudsen reiste over heile landet, men også i Europa og i vår eiga bygd, Eidfjord, for å ta bilete. Berre å gle seg!

Lisbeth Dreyer er ein norsk forfattar og filmskapar som er cand. mag. frå Universitetet i Bergen med faga nordisk, antropologi og spansk. Ho har arbeidd både som regissør, produsent og lydansvarleg i ei rekkje filmprosjekt og har laga både kortfilmar, novellefilmar og dokumentarfilmar. Ho arbeider i og er medeigar i selskapet Ibis Film AS.

Hardanger Folkeblad skreiv: «Lisbeth Dreyer og Skule Eriksen har dypdykket, studert, lett – og funnet – og satt i sammenheng. De har foretatt en reise tilbake i tid og tar oss med på Knud Knudsens mangfoldige ferd. De har lagt et imponerende og interessant puslespill fra en tid da fjord og hav var veien.»


	

Kunstutstellinga “Glade Amatørar” i februar på Galleri N. Bergslien

Kunstutstellinga “Glade Amatørar” i februar på Galleri N. Bergslien

Kulturkomitéen arrangerte i februar ei biletutstelling med to av bygdas lokale kunstnarar, Ragnhild Kleivkaas og Elsa Garatun. Offisiell opning av “Glade Amatørar” var torsdag 26. februar 2015 kl. 18.00, og utstellinga var open fram til sundag 1. mars.

Elsa Garatun

vaks opp i Øvre Eidfjord. Som vaksen har ho budd i Ulvik, Oslo, Bergen, Hemsedal, Årebrot i Sunnfjord, Florø, Jølster, Gol og Voss før ho vende attende til heimbygda i 2008.

Så lenge ho kan minnast, har Garatun vore oppteken av teikning og måling, men det var fyrst i vaksen alder at ho verkeleg tok arbeidet på alvor.

I 1993 mottok eidfjordingen Hemsedal kommunes kulturstipend, og frå 1996 til 1998 gjekk ho på Kunstskolen i Bergen. Garatun har også delteke på diverse kurs i akvarell, akryl, grafikk og teikning

Dei media og materialar som Garatun nyttar seg av, er særs ulike; frå små akvarellar og blyant-/tusjteikningar til større måleri i akryl eller olje. Motiva har som regel utgangspunkt i menneske, dyr eller natur.

I mai 1998 var ho med på Kunstskolen i Bergen si framsyning av workshop-prosjekt. Seinare har Elsa Garatun halde separatutstellinger i Austmarka på Finnskogen i 2006 og på Galleri Hardangerkunst i Grimo i september 2011 med utstellinga Fjell og fjøre – og litt til. Her synte ho fram eit allsidig utval av måleri, teikningar og akvarellar.

Ho deltok også på Distriktsutstellinga i Sogn og Fjordane i 2000 i regi av Sogn og Fjordane Kunstnarsenter. Her vart måleriet “Koppen min” plukka ut av ein fagjury til å vera eitt av dei 28 verka som skulle få delta. Utstellinga var elles på turné til 16 stader i fylket, mellom anna til Florø i november.

Garatun har også vore med på mange andre fellesutstellingar, handverksmesser og andre arrangement, til dømes på Gol, i Jondal, i Kinsarvik og Lærdal. Sjølv har ho i liten grad teke initiativ for å få synt fram arbeida sine.

Elsa Garatun har ein naturalistisk stil og nyttar gjerne sterke fargar. Ho er glad i fjell og gråstein og lèt seg ofte inspirera av inntrykka frå naturen – og den er ikkje langt vekke, der ho bur i Øvre Eidfjord.

 

Ragnhild Kleivkås

vaks opp på ytre Levang i det som no heiter Leirfjord kommune (tidl. Nesna) på Helgeland i Nord-Noreg.

I 1965 gifta Ragnhild seg med Sjur Olai Kleivkås og busette seg i 1972 i Eidfjord. Ved sida av arbeidet med bileta har Ragnhild ein del år arbeidd i barnehage i heimbygda.

Ragnhild fortel at ho, så lenge ho kan minnast, har likt å sitja med blyanten og teikna og å sjå på ulike bilete. I starten var det vel helst hennar eigne born og born i barnehagen som fekk glede av teikneinteressa hennar. Fotoapparatet hadde også tidleg ein viktig plass i kunstnarlivet til Ragnhild. I eit intervju med Hardanger Folkeblad i 1996 fortalde ho at Eidfjord byr på mange spanande motiv for den som likar å sjå verda kring seg gjennom linsa. Det å fanga ljoset har Ragnhild Kleivkås vore særleg oppteken av, og då er det stemningane tidlege morgonar og seine kveldar ho gjerne jaktar på.

Ho har gjennom åra gått mange kurs. Som ung tok ho fleire brevkurs, og etter kvart deltok ho på kurs med kjende og dugande lærarar.

Ragnhild har for ein stor del nytta akvarell, tusj og pastell, men i dei seinare år også ein del olje. Ofte blandar ho dei ulike teknikkane.

– Bilete skal vera glade, ha ei stemning eller ei historie, tykkjer Ragnhild. Som regel har ho ingen ferdig plan for korleis eit bilete skal verta når ho startar opp. Dermed jobbar ho helst etter innfallsmetoden.

Ragnhild har vore representert på fleire salsutstellingar dei siste 15 åra. Fyrste gong var våren 1996 i Ullensvang Privatbank/Fokus Bank i Øvre Eidfjord. På hausten same år vart teikningar og måleri også utstelte i Ullensvang Privatbank sine lokale på Lofthus. Også i 1999 og 2000 hadde Kleivkås utstellinger her.

I oktober 1998 stelte Ragnhild ut saman Anne Karin Lothe hjå Kjetil Dagestad i Kunst og Ramme i Odda. Same år kunne ein sjå målarstykka hennar som jolautstelling på Vik Pensjonat i Eidfjord

Vestlandskappleiken vart arrangert i Granvin i oktober 2000, stelte ho ut saman med Monica Kjærsten Tveit og Torbjørg Nordsletten på Granvin bibliotek.

I juni 2002 vart Midt-Nordisk kunstfestival arrangert på Inderøy i Nord-Trøndelag. Her deltok Ragnhild på ei fellesutstelling. I august 2004 heldt eidfjordingen separatutstelling på Utfløttarfestivalen i heimbygda, Levang på Helgeland. I 2010 stelte ho ut under Matkulturfestivalen i Øvre Eidfjord.

Dessutan har ho illustrert i diverse blad og jamvel i eit par bøker. Mange i Eidfjord har hatt glede av at kunstnaren har laga plakatar og illustrasjonar til ulike arrangement. Gjennom alle år har ho elles hatt oppdrag frå private og foreingar i høve som brudlaup, barnedåpar, bursdagar og anna. Ho – og truleg særs mange born – har også gjennom mange år hatt stor glede av å kunna nytta teikningar i arbeidet og kommunikasjonen med dei små i barnehagen. På dette viset har Eidfjord kommune – på ulike vis – i mange år hatt stor nytte av dei kunstnarlege ferdigheitene til Ragnhild Kleivkås.

Årsrapport 2014 for Kulturkomitéen

Årsrapport for Kulturkomiéen – 2014

Kulturkomitéen (KK) (Eldrekulturkomitéen) vart starta i 2007 av Gunnvor Hopen Veka og Lars Hoel. Intensjonen i arbeidet har vore å bidra til kulturell og sosial aktivitet for vaksne og eldre i bygda. Spesielt viktig er arbeidet med å bidra til små og store arrangement på Bygdaheimen. Vårt mål er at våre eldste skal få oppleva flest mogeleg av dei aktivitetane og arrangementa som me andre tek som sjølvsagt.

Eitt av tiltaka som KK organiserer, er Herreklubben (HK); ein uhøgtideleg treffstad for seniorar. Me samlast éin gong kvar månad. Alle som deltek, får eige invitasjonsbrev i posten før kvart einaste møte. Ein har treff i “Herrestovo” i Servicebustadene, men også andre plassar og på dagsturar.  På treffa samlast ein rundt kaffien og praten, medan det ofte vert eit underhaldningsinnslag den siste halvtimen.

HK vart starta av Lars Hoel i januar 2012. Klubben vert no leia av Hans Hellevang og Lars Hoel i fellesskap. I desember møtest karane til det 36. treffet sidan starten. Opp mot 13-14 karar samlast.

I 2014 har KK hatt kring 15 arrangement for våre eldste. Dette inkluderer programinnslag med til dømes Arne Mørch frå Hønefoss, Tor Henning Olsen frå Mjøndalen og Den Gode Melodi frå Nesodden (to gonger). Det har elles vore vist bilete og film.

I vinter arrangerte KK “Gamalfilmfestival” for andre gong i kinosalen, med Frede Olaussen som teknisk ansvarleg. Gamle filmsnuttar og bilete. Full sal.

I vår prøvde me i samarbeid med Eidfjord Hotel å arrangera ein månedleg treffdag for pensjonistar; PensjonistKaféen. Det vart lagt opp til seks kafédagar. Dette var tildels vellukka i starten, men KK har valt å ikkje fylgja opp dette i framtida.

27. september vart det arrangert gamaldansfest på grendahuset på Bu med betasuppe/rjomegraut/kaffi/eplekake/dans. Reidar Eidnes og Egil Johannessen spelte opp til dans. Tanken var å laga til ein laurdagsfest for dei som ikkje hadde opplevd det på nokre år. 

Jola 2013 arrangerte me romjulsunderhaldning på Bygdaheimen for fjerde jola på rad. Kvar dag klokka 16, åtte dagar i strekk, med start 1. joldag.  Alle underhaldarane stilte opp gratis og utan noka form for godtgjering. Stor takk til dei alle! Budsjett: 0.

I 2014 har det vore arbeidt med søknaden om å få arrangera kunstutstelling i Galleri N. Bergslien med dei to lokale kunstnarane Elsa Garatun og Ragnhild Kleivkås. Det har vore ein lang prosess for oss, men me er takksame for at eit samstemmig kommunestyre vedtok å opna for at også såkalla amatørar no kan få sleppa til vinterstid.

Difor vert det utstelling frå 26. februar til 1. mars 2015. Utstellinga “Glade amatørar” har offisiell opning torsdag 26. februar.

Styret i KK er Gunnvor Hopen Veka, Hans Hellevang og leiar Lars Hoel. I sjølve komitéen er også Ingebjørg Olsen og Johanna Håbrekke med.

KK er ei sjølvstendig gruppe som ikkje er registrert som eit lag. KK har difor ikkje eigen økonomi/konto. 

Ved sal av Lars Hoels fotobok om Eidfjord i 2007 kom det inn ein del penger via Lions, og seinare har også eit par andre arrangement gjeve overskot. Desse pengane står no på den såkalla fotobok-kontoen som er registrert hjå kommunen. Denne kontoen vert disponert av KK i samråd med Bygdaheimen. 

Denne ordninga har gjeve KK høve til å engasjera profesjonelle, omreisande bygdaheimsunderhaldarar. Dette er folk som lever av å underhalda på bygdaheimar og liknande, som me  lyt betala honorar. Når det gjeld alle andre; amatørar frå Eidfjord og tilfeldige profesjonelle artistar, så vil me alltid spørja om – og rekna med  – at dei opptrer gratis for våre eldste.

Kulturkomitéen har eiga Facebook-side (Kulturkomitéen), som me vonar du vil oppsøkja. Ein nyttar også bloggen “eidfjordbloggen” (www.eidfjordbloggen.isay.no) til å informera.

Medlemane i KK får ikkje løn eller anna utgiftsgodtgjering.

KK opplever at det er liten respons kring arbeidet vårt frå høgare hald, men me held fram for å bidra til å gje våre eldste ein god kvardag.

Årsrapporten vert send ut til Bygdaheimen, kommuneadmistrasjonen, politikarar og andre. I 2012 fekk me ikkje nokon tilbakemeldingar då årsrapporten vart send ut. I 2013 var me glade for at to politkarar responderte.

Eidfjord, november 2014

Lars Hoel

Leiar i Kulturkomitéen

Gamaldansfesten på Bu grendahus laurdag 27. september

(ka skjer?)  No er det berre å gle seg, for siste laurdag i september  vert det god, gamaldags fest for godt vaksne eidfjordingar. Me har valt å ha bygdafesten i herlege, nostalgiske omgjevnader på Bu grendahus. Her vert det mat og mykje triveleg sosial omgang, og ikkje minst kjem den legendariske suksessgruppa “Laurdagsgutane” med dei vidgjetne trubadurane Egil Johannessen og Reidar Eidnes, for å skapa rette stemninga. Kan det verta betre, då?

Billetten koster skarve 250 kroner. Når du kjøper billetten, lyt du vita om du ynskjer a) rjomegraut med spekjemat og saft eller b) betasuppe m/saft. Fritt val. I tillegg får du kaffi og eplekake utpå kvelden. Det ein ynskjer å drikka elles, lyt ein ha med seg. Det er ikkje noko sal på grendahuset.

Billettane er å få kjøpt frå 15. august. Det er ikkje mogeleg å telefonreservera billettar. Ein lyt kjøpa seg billett ved kontant betaling ved frammøte hjå ein av fylgjande KulturKomité-medleme: Hans Hellevang på Bu (frå 1.9.), Ingebjørg Olsen i Sentrumstunet, Lars Hoel på Hereid eller Johanna Håbrekke i Øvrehagen.  Er det vanskeleg for deg å reisa for å kjøpa deg billett, er det heilt sikkert ein du kjenner som kan ordna det for deg.

Spørsmål?   kulturkomiteen@outlool.com

Kulturkomitéens brev til politikarane om gallerirommet

(ka skjer?)  Kulturkomitéen har 18. mars 2014 sendt dette brevet til kommunens politikarar. Ein vender seg til partigruppene for å høyra korleis desse ser på bruken av gallerirommet på Galleri N. Bergslien.

 

Til partigruppene/politikarane i Eidfjord

Vedkomande bruken av gallerirommet på Galleri N. Bergslien

Galleri N. Bergslien vart opna hausten 2001. Det mindre gallerirommet har vore brukt til skiftande utstillingar, til konsertar og møte. Utstillingane har til no i stor grad vore med profesjonelle kunstnarar.

Kultursjefen skriv i eit brev av 28. februar 2014 til Kulturkomitéen at det ikkje er vanleg at galleri skal ha retningsliner for bruken. Vidare heiter det i brevet at det i Eidfjord har vore vanleg med utstillingar med profesjonelle kunstnarar, og at “dei fleste galleri legg seg på ein profesjonell linje, der kunstnarane må ha høgskuleutdanning og/eller renommé som kunstnar gjennom opptak av nasjonale organisasjonar”. I praksis fører jo dette til at lokale kunstnarar faktisk ikkje får synt fram verka sine i det kommunale gallerirommet i bygda.

Basert på dette har Kulturkomitéen 28. februar fått avslag på søknaden sin om å nytta rommet i fire dagar utanom høgsesongen til ei utstilling med dei to dyktige, lokale kunstnarane, Elsa Garatun og Ragnhild Kleivkås.

Kulturkomitéen meiner dette er eit urimeleg avslag og tykkjer difor det er god grunn til at ein diskuterer retningslinene for bruk av gallerirommet. Komitéen tykkjer det burde vera rom for å vera noko smidig, slik at både høgskuleutdanna utanbygds-/utanlandskunstnarar og våre eigne lokale, dyktige kunstnarar kunne få sleppa til i eit kommunalt rom. Om ikkje anna kunne ein kanskje opna for dyktige, lokale kunstnarar i lågsesongen.

Kulturkomitéen vil oppmoda partigruppa til no i mars å diskutera kva ein meiner bygdefolket, som ein representerer, er mest tent med, korleis bruken av rommet bør vera i framtida, om rommet berre skal vera for finkultur og om det ikkje er bra og nausynt med nokre retningsliner.

Komitéen ber gjennom dette brevet ikkje om ei konkret handsaming av vår spesifikke søknad, men meiner det kunne vera nyttig for kommunen med ein generell diskusjon rundt temaet – på vegne av alle lokale kunstnarar innanfor fleire kunstarter.

Kulturkomitéen er eit privat tiltak, som sidan 2007 har arbeidd med å skapa kulturell og sosial aktivitet i bygda.

Kulturkomitéens søknad og avslaget frå kommunen finn ein på Innsyn på kommunenettsida 20.1.14.

 

Eidfjord, 18. mars 2014

Venleg helsing

Kulturkomitéen i Eidfjord

v/ Lars Hoel

Kommunens avslag på Kulturkomiteens utstellingssøknad

Kulturkomitéen v/ Lars Hoel

 

Dykkar ref. Arkivsakid-doknr: 14/58-2 Saksh: Lisbeth Bygstad Celik Arkivkode Dato:

Journalpostid: 14/924 Telefon: 53673543 K1-614, K2-C00 28.02.2014

 

Søknad om lån av N.B. Galleri 2014

Me visar til søknad frå Kulturkomiteen om lån av Galleri N.B til utstilling av maleri av Ragnhild Kleivkås og Elsa Garatun hausten 2014.

Galleri N.B har vore i drift sidan 2002 og har som hovudoppgåva er å formidla, og ta vare på samlinga etter Nils Bergslien. I tillegg er det laga rom for skiftande utstillingar i galleriet. Det har vore vanleg med 3-5 skiftande utstillingar av profesjonelle kunstarar, og 2-3 konsertar i løpet av høgsesongen. I lågsesongen er galleriet stengt. Det har gjennom dei åra som Galleriet N.B har vore i drift, vore praktisert at dette skal vera eit Galleri med høg profesjonalitet.

Når kulturkontoret fekk søknaden om å stille ut frå ikkje-profesjonelle kunstarar vart det teke kontakt med andre Galleri og kunstnarar om rettleiing, og om regelverk knytt til kven som kan ha utstilling. ( Galleri Puls som er drevet av HardangerPuls, Kabuso i Øystese og kunster Linda Øgaard)

Tilbakemeldinga me fekk er at ein bør vera særs forsiktig med å leiga ut eit galleri til ikkje – profosjonelle kunstarar. Grunnlaget for denne utala er at ein kan få problem med å få profesjonelle kunstnarar til å ha utstillingar i Galleriet. Det vart påpeika at dette gjaldt sjølv om utleiga gjeld lågsesong.

Gjennom dei 12 åra som har gått har Galleri N.B opparbeidd seg et renommé som eit attraktivt arena der kunstnarar ønskjer å ha utstilling. Ved å leiga det ut til ikkje profesjonelle kunstarar kan ein missa dette renommeet.

Det er på dette grunnlaget at me seier nei til å leiga ut galleriet til ikkje – profejsonelle kunstarar i Galleri N.B.

Når det gjeld regelverk for drift av galleri, og kven som kan ha utstilling, er det ikkje vanleg for eit Galleri å ha dette. Det er fordi at dei fleste Galleri legg seg på ein profesjonell linje der dei som skal ha utstilling må ha høgskuleutdanning og/eller ha ein renommé som kunstnar gjennom opptak av nasjonale organisasjonar.

I møte med leiar i kulturkomtieèn Lars Hoel vart det påpeika at det er mogleg å leiga andre lokalitetar til å visa målera til Elsa Garatun og Ragnhild Kleivkås. Me nemnde m.a Lægreid gamle skule som eit alternativt. Kulturkontoret vil vera hjelpsam med tilrettelegging og annonsering av ei slik utstilling.

 

Med venleg helsing

Eidfjord kommune

Lisbeth Bygstad Celik

kultursjef

 

 

 

Kopi til arkiv og kopibok

Søknaden til Eidfjord kommune om kunstutstelling

Eidfjord kommune v/ kultursjef Lisbeth Bygstad Celik

Søknad om lån av gallerirommet på Galleri N. Bergslien hausten 2014

Eidfjord Kulturkomité vart starta i 2007 og arbeidar for å skapa kulturell- og sosial aktivitet og underhaldning i bygda.

Komitéen er no i gong med å planleggja ei utstelling med to av kommunens biletekunstnare; Ragnhild Kleivkås og Elsa Garatun. Arrangementet er planlagt til hausten 2014. Me er stolte av å ha desse to dyktige kunstnarane i Eidfjord og tykkjer det er på sin plass at dei no får presentert bileteverka sine på høveleg vis. Difor søkjer me no kommunen om løyve til å nytte lokalet i Galleri N. Bergslien.

Ragnhild Kleivkås har gjenge diverse kurs med m.a. Jørgen Dukan (akryl), Dag Olav Lunde (olje), Aud Rye (akvarell), Elsa Eikaas (akryl), Jackie Simmonds (pastell) og Knut Steen (etsing). Ofte blandar ho dei ulike teknikkane. Ho har formidla sine bilete på fleire salsutstillingar både i Hardanger og i Nord-Norge.

Elsa Garatun har deltatt på kurs i akvarell, akryl, grafikk, oljemaling og teikning med m.a. Karl Erik Harr, Patrick Huse, Jørgen Dukan, Thor Erdal og Erlend Grøstad. Garatun har m.a. helde separatutsetelling på Grimo og i Austamarka og delteke på felles- og distriktsutstellinger.

Me har ikkje fastset endelege datoar for utstellinga, men tenkjer oss ein utstellingsperiode på kring fire dagar, inkludert ei helg. Det ville vera ynskjeleg å finna ei tid i september eller oktober, ev. november. Truleg har kulturkontoret eigne planar for bruk av lokalet eit stykkje utover hausten, og difor ynskjer me å gå i dialog med kommunen om å fastsetja eksakt tid. Me vonar at me saman kan finne datoar som høver i forhald til både kommunens og våre planar. Sjølvsagt er det ynskjeleg å finna fram til datoar så raskt som mogeleg, slik at Kulturkomiteen kan starta planleggjinga.

Kulturkomiteen er: Gunnvor Hopen Veka, Hans Hellevang, Ingebjørg Olsen, Johanna Håbrekke og Lars Hoel.

 

Med helsing

Kulturkomiteen v/ Lars Hoel

Eidfjord, 17. januar 2014

 

larssinpost@hotmail.com, T. 410 82 845

Invitasjon til PensjonistKafeen

“PensjonistKaféen”

ONSDAG 29. JANUAR OG 26. FEBRUAR KLOKKA 12.00

Du er herved invitert av Kulturkomiteen i Eidfjord og Eidfjord Fjell & Fjord Hotel til “PensjonistKafeèn” – ein uformell treffstad med moglegheit for sosialt samkvem, lunsj og kaffe.

Ein samlast klokka 12:00 i spisesalen og forsyner seg så mykje ein berre vil frå lunchbuffeten. Kring klokka 13:00 finn ein seg kaffe eller te og tek med seg inn i stovekroken. Mat og kaffe/te betalar du 100 kroner for. I tillegg kan du kjøpa deg kake om du ynskjer det. Her lyt praten gå av seg sjølv og det du kan bidra med. Ein reknar med avslutning kring klokka 14:00 eller seinare.

Her får du lista over treffdatoane fram til sumaren: 29.januar, 26. februar, 26.mars, 30. april, 28. mai og 25. juni.

Dette brevet treng me hjelp til å spre! Me oppfordrar alle til minst å dele dette med ein venn. Eidfjord Fjell & Fjord Hotel har kopiar.

Me trur det kan vera kjekt å koma saman med andre vaksne frå dei andre Hardanger-bygdene, så det hadde vore triveleg om seniorar frå andre plassar ville ta turen til Eidfjord. Fint om ein kan spre invitasjonen til andre pensjonistar i bygda.

Helsing frå

Eidfjord Fjell & Fjord Hotel v/ Borghild Vik

Kulturkomiteen v/ Gunnvor Hopen Veka, Hans Hellevang, Ingebjørg Olsen, Johanna Håbrekke og Lars Hoel

PensjonistKafeen

IMG_1166(ka skjer?)  PensjonistKafeen på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel er eit nytt tiltak frå Kulturkomiteen. Ein onsdag per månad vert det treff frå klokka 12.00 til kring 14.00. Her vert det lunchbuffet + kaffe/te som ein får for kr. 100. Treffet er ikkje eit nytt pensjonistlag, men eit forsøk på å laga til ein uformell treffstad.

 

Foto: LH. Husfruen, Borghild, ynskjer her velkomen til PensjonistKafeen.

Her får du lista over treffdatoane fram til sumaren: 29.januar, 26. februar, 26.mars, 30. april, 28. mai og 25. juni.

Gamalfilmfestivalen – Del 2 Laurdag 25. januar kl. 14.00-18.00

(ka skjer?)    Dørene opnast klokka 13.45, sal av kaffe, te, kaker

Avdeling 1 – film/bilete som ikkje vart vist i februar 2013

14.05         Åpning

14.10         Vigsling av den nye kyrkja (15 min.) (1980)

14.27         Kråtekaker og bakstepiker (30 min.) (1967)

14.59         Brudlaup i Tråa i 1961

15.15         Kortpause (5 min.)

15.20         Eidfjordanleggene (35 min.) (1980)

15.55         Ljosbileteprogram-II (21 min.) (1950-80)

16.16         Pause (10 min)

 

Avdeling 2 – vist også på Festivalen i februar 2013

16.26         Jakta (15 min.) (1959)

16.42         Fjordparadiset (3 min.) (1955)

16.46         Turisten Allan Handly filmar i Eidfjord (7 min) (1936)

16.54         Ljosbileteprogram-I (18 min.) (1950-1980)

17.12         Småbruk på en berghelle (35 min.) (1967)

17.47         Slutt

Programmet på Gamalfilmfestivalen – 2

 

Sandhaug rundt 1950, jakt, traktor, Brita, leif andre

 

 

 

 

 

 

 

Velkomen

Velkomen til ein hyggjeleg laurdag 25. januar 2014. Kulturkomiteen ynskjar deg velkomen til ein  spanande og lang dag i Kinosalen. Men tida kjem til å fyka så fort som berre det. For her kjem det trivelege folk, det vert kaffi og kake, og ikkje minst ein masse herlege tilbakeblikk på det gamle, gode Eidfjord.

Dørene opnast klokka 13.30, og klokka 13.55 lyt alle vera på plass i salen. Det vert sal av kaffi, te og kaker frå kl. 13.30 og i pausene. Gamalfilmfestivalen er nok eit arrangement som egnar seg dårleg for små barn, men for vaksne vil det vera særs interessant, og inngongsbilletten koster berre 50 kr. Billigare og betre vert det ikkje!

Programmet varer i nærmare fire timer, men me har to pauser der du kan strekkja på beina, ta deg ein kaffikopp og liknande syslar. Det er sjølvsagt høve til å berre delta i delar av programmet – om du til dømes må rekkja noko anna.

Og så er altså programmet lagt opp slik at det er to hovedbolkar:  Frå klokka 14 får ein sjå film/bilete som ikkje vart vist på Gamalflmfestivalen i 2013.  Etter pausa klokka 16.15 synar me – på oppmoding – film/bilete som ein også kunne sjå i fjor. Så sjølvsagt kan du, om du var tilstades i fjor, velgja å berre fylgja bolk  1. Men materialet me presenterer etter pausa er jo særs interessant, så kan henda ynskjer du allikevel å sjå desse unike opptaka på nytt.

Ein gjer merksam på at det, av ulike grunnar, ikkje vert høve til å få kopi av filmane i ettertid, om ein skulle ynskja det.

Kulturkomiteen ser fram til å sjå deg laurdag 25. januar. Me har fått hjelp av Frede Olaussen med det tekniske og takkar han så mykje.

Det er Hans Hellevang som har tatt storjobben med skanning av alle dei kring 350 bileta me skal syna. Han og Lars Hoel har satt saman framsyninga, og sistnevnte har plukka ut musikken som fylgjar dei to lysbileteframsynigene.

Dagens programleiar vert Gunnvor Hopen Veka. Johanna Håbrekke og Ingebjørg Olsen tek hand om kake-/kaffisalet.

 

Filmane:

Bolk 1 – Filmar som ikkje vart vist på den fyrste Gamalfilmfestivalen

Vigsling av den nye kyrkja

Filmen er teke opp av Kolbjørn Aske. Ein viktig dag i eidfjordhistoria. Filmen er teknisk temmeleg dårleg, men temaet er så interessant – og me ser så mange eidfjordingar – at me har valgt å syna filmen.

 

Kråtekaker og bakstepiker

Filmen er frå 60-talet og gjekk på NRK i si tid. Profesjonelt laga og eit koseleg tema; kråtakakebaking. Teke opp på ein gard på Børve. Med kjendisane Ingerid Espelid, Gunnvor Hopen Veka samt Børve-damer.

 

Brudlaupet i Tråa i 1961

20. mai gifta Per & Sigrun Lægreid seg. Det vart laga ein film frå dette tradisjonsrike brudlaupet, og me har vore så heldige og fått låna filmen. Stor takk til Per og Sigrun. Her florerar det av kjende eidfjordfolk, brudlaupstradisjonar, bunader – og vëret er strålande. Verkeleg verdt å sjå.

 

Eidfjordanleggene

Filmen er profesjonelt laga, og me får sjå mange særs interessante klipp frå det gamle bygdesamfunnet. Det er Per Øivind Heradstveit som kommenterer. Ein film ein gjerne kan sjå fleire gongar. Laga i 1980.

 

Ljosbileteprogram nummer 2

180 farge- og svart/hvitt-bilete frå Eidfjord i tida frå 1950 til 1980. Satt saman til eit bileteprogram som fylgjas av vakker musikk. Bilete frå fjord, bygd, dal og vidde.

 

Bolk 2 – Filmar som også vart vist i februar 2013)

Jakta 1959

Unike opptak. Filmen var fyrst oppdaga for eit år sida etter å ha liggje nedstøva i 53 år. Fjellstemninger frå Vidda, jakt ved Sandhaug, massevis av jegare å kjenne igjen. Filma med 16 mm.  Denne lyt gamle jegare sjå.

 

Fjordparadiset

Utdrag frå ein reklamefilm laga om Ulvik. Me skal sjå tre minuttar frå Eidfjord. Frå 1950-talet.

 

Turisten Allan Handly filmar i Eidfjord

Opptak frå 1936. Ein turist bur i Ulvik, men tar seg ein tur inn til Eidfjord og opp Måbødalen. Unike opptak.

 

Ljosbileteprogram nummer 1

16o fargebilete frå Eidfjord i tida frå 1950 til 1980. Satt saman til ei framsyning og ledsaga av flott musikk.

 

Småbruk på en berghylle

Gjekk på NRK i 1967. Svært kunstnerisk og godt laga om livet på Kjeåsen lenge før bilvegen kom.  Ein treff på Margrethe Åsen, Helge Åsen, Bjørg Wiik og hennes unge syskjen m.a.

Gamalfilmfestivalen laurdag 25. januar i Kinosalen klokka 14

(ka skjer?)  Så vert det ny framsyning av gamle filmopptak frå Eidfjord. Kulturkomitéen arrangerte fyrste del i februar i fjor, men no slår ein til med eit utvida program.

Det vert ein lang ettermiddag, men tida flyr i godt lag, som ein veit, og ikkje minst med slikt spanande program. Me har delt inn programmet i to bolkar. I fyrste avdeling kjem film og bilete som ikkje vart vist forrige gong – i februar 2013. I annen avdeling synar me opptak som også vart vist forrige gong.

Det var nemleg mange som ikkje hadde høve til å koma på Gamalfilmfestivalen i 2013, då dette var ein laurdag i vinterferien. Difor gjev me no desse moglegheiten til å sjå det ein mista forrige gong.

For mange vil nok opptaket frå jakta i 1959 vera særleg spanande. Dette er eit opptak som vart oppdaga i 2013. Det har ligge nedstøva sidan opptaket vart gjort for 54 år sidan. Ein får sjå jegrar, hestar, traktortransport, rein, jakt og ulike stemningar frå Vidda. Me møter ei rekkje jegrar som nok er til å kjenna att for folk som har levd ei stund. Opptaka synest å vera frå traktene kring Sandhaug. Jaktopptaket er på kring 15 minutt.

Det kan vera ein god tanke å tipsa eldre jaktfolk om framsyninga.

Inngong kr. 50.  Sal av kaffi og kaker. Ver hjarteleg velkomen i god tid før starten klokka 14.

Eg minnest Eidfjord i ei gòmòl tid

Johanna, Jon, 27.12.13Eg minnest Eidfjord i ei gòmòl tid  (Tekst:  Lars Hoel)

I januar 2013 gjekk premieren på Austavind-revyen for utseldt hus i Eidfjord. Då song Aud Jorunn Skjerven denne songen – om ei gamal kvinne som tenkjar attende på eit enkelt og strevsamt liv på ein liten gard.

1)

Eg er trøytt og gamal – her eg sit,

ser attende – aoravis med slit.

Eg vatt buande og sleit,

her pao garden so ei geit.

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

2)

Eg vatt fødd i “nitjantjueto”,

aotta syskjen;  ikkje mykje ro.

Da va stritt fy mor og far,

dyrka jordè pao vaor gard.

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

3)

Va’ ’kje store stora jento dao eg gjekk,

opp te stølen, yve myr og bekk.

Mjølka kydna, gjette sau,

tidleg opp, ja, da var sjau!

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

4)

Gjette dyrè sumarsdagjen lang,

va i fjedlè, hadde alt me trong.

Da va gode dagar, da,

slike minne ve eg ha.

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

5)

Heimen va’ ‘kje stor, men han va vaor,

so kom krig med mindre gode kår.

Fiska godt i elv og vatn,

pitla molter i eit spann.

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

6)

Og naor graset skulle bergast inn,

mykje sut fy vêret; regn og vind.

Slik ha aorè mine gaott,

gode minne ha eg faott.

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

7)

Eg vatt gift om vaoren femtitre,

so kom bodnè – nærmast tridlande.

Å! – fy lukkeleg ei ti,

ein fa-mi-li-e pao ni.

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

8)

Ein gong er ein ung og framti’ ser.

tiè fór, eg sit aotlaina her.

Tenkjè pao dan gamla ti’,

da so dao va’ tiè mi.

Minnest Eidfjord i ei gòmòl tid.

 

Ordførarsongen

(tilbakeblikk)  Tor Bu og Margrethe Weum skapte store latterbølger i sketsjen «Eg heiter Anved Johan» i Austavind-revyen i januar 2013. Til alt hell har me ein ordførar som tok tøysinga med ordførarrollen særs sporty. Og her har du teksten på ordførarsongen som Bu framførde desse to januarkveldane på Samfunnshuset.

Tor Bu -  her som sovande ordførar - i Austavind-revyen i januar 2013
Tor Bu – her som sovande ordførar – i Austavind-revyen i januar 2013

 

Eg heiter Anved Johan  (Tekst: Lars Hoel)

1.

Eg heiter Anved Tveiten og er so ven ein kar.

Din ordførar det er eg, og kjede no eg har.

Men attval tek eg vel,

det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.

2.

Eg heiter Anved Johan, er ordføraren din.

Eg tykkjer kjedet verkeleg,  gjer meg so fjong og fin.

Men attval tek eg vel,

det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.

3.

Eg heiter Tveit, og eg er – ein ordførar so flink.

Det finst no ikkje tvil om at eg oftast treffè blink.

Men attval tek eg vel,

det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.

4.

Eg heiter Anved Tveiten – og gjer ein dugleg jobb.

Men AP meiner stundom at eg berre er ein snobb.

Men attval tek eg vel,

det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.

5.

Eg heiter borgarmeister Tveit, og eg er sjefen her.

Er godvener med Høgre no, dei har meg voldsomt kjær.

Men attval tek eg vel,

det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.

6.

Eg heiter Tveit, og eg er – ein mann for folk og land.

I Eidfjord er eg rekna, ja, som ein supermann.

Men attval tek eg vel,

det vil eg folket lova, eg svik det ikkje hell’.

7.

Eg heiter Anved Johan, no sluttar denne song.

No har eg presentert meg, so du tykkjer eg er fjong!

Men attval tek eg vel,

det vil eg folket lova, eg svik det likevel.

 

Tankar kring gravferd og høvisk framferd

Eg var i gravferd i Indre Hardanger her ein dag. Ein som eg kjende godt, var død, og eg ville sjølvsagt vera med han på denne siste dagen. Han hadde levd eit langt og godt liv, men likevel var det vemodig at han no var borte. Ein gong vaks han opp i bygda, hadde spanande ungdomsår med deltaking i fleire foreiningar og etter kvart eit langt yrkesliv, familiehygge og turar i fjellet. Men no var ein kjernekar borte. Gravferdsdagen var det strålande vêr, og me tok eit godt farvel i kyrkja, der presten som alltid gjorde sitt til at det blei ein riktig god avskil. Etterpå vart det eit fint minnesamvær.

Så skulle ein tru at eg hadde ei heilt igjennom god stund då eg tok farvel med heiderskaren. Men så vel var det no ikkje. Kan henda hadde alle andre ei tvers igjennom god oppleving, men for meg var det noko som øydela. Etter seremonien i kyrkja fylgde me båra ut på kyrkjegarden, noko som kan vera ein særs god og verdig del av gravferda. Det kjennest fint å gå saman heilt stilt og i ettertanke. Men eg gjekk litt bak tre vaksne karar som heile tida småhumra og prata med kvarandre. Det øydela så mykje. Eg ynskjer eg kunne ha sagt frå der og då, men eg gjorde ikkje det. Ein vil i det lengste passa på seg sjølv. Og det er ikkje fyrste gongen heller. Eg vil heller seia at det meir er regelen enn unnataket at nokre få ikkje klarar å halda munn, – sjølv om det er ein dramatisk augneblink.

Kanskje ein neste gong heller skulle halda seg heime? Det er mogeleg at nokon berre går i ei gravferd av rein bygdeplikt, men eg meiner dette ikke tek seg ut. Det er uverdig og respektlaust. Er det verkeleg ikkje mogeleg for ein vaksen å bruka desse få minutta på å tenkja på stunda og på den avlidne? Eg freista å halda tankane kring livet til den avlidne, men det var nesten umogeleg, for heile tida blei eg riven ut av stemninga når eg høyrde karane framfor meg humra og prata. Noko betre hadde det kanskje vore om folk i ein slik situasjon hadde snakka om den døde medan ein gjekk der, men eg tykkjer det høver aller best å gå i stille prosesjon. Eg vonar mange kan tenkja på dette neste gong det er gravferd.

Lat meg også få nemna at eg meiner det er unødvendig å snakka om potethausten eller det kalde vêret nett medan ein sit i kyrkja før seremonien skal starta. Det er nokre få som ynskjer å småprata då òg. Kan me ikkje æra den avlidne så mykje at me kan klara å teia still nett då?

Lat meg også få seia nokre ord om minnesamvær generelt. Her må dei pårørande sjølvsagt setja råma for korleis dei ynskjer samværet, men kan ein ikkje freista å konsentrera samtalen kring den som er død? Er det ikkje mogeleg å ikkje snakka om seg sjølv og om vêr og vind nett denne stunda? Kan henda kunne ein seia noko hyggeleg om hovudpersonen, eller ein kunne freista fortelja ei god historie om den døde. Kan henda er det ikke så lett å prata med framande om ein person som er borte, men vi vaksne bør no klara så pass.

Dette er jo den siste avskjedstunda for den døde, og eg trur det ville vera fint om ein greidde å halda merksemda på den avlidne medan ein kosar seg med karbonadesmørbrød eller ei god suppe. Det vert nok fleire gravferder, og eg lovar at neste gong nokon småpratar rundt meg medan vi går ut til grava, ja, då skal eg seia frå der og då.

Lars

Jolaprogrammet på Bygdaheimen 2013

Underhaldningsprogrammet for Jola 2013

Kvar dag klokka 16.15 i spisesalen

Onsdag 25. desember (1. dag): Songstund med Linda Vestli

Torsdag 26. desember (2. dag): Underhaldning med Jenny og Vibeke Johnsen

Fredag 27. desember (3. dag):

Revysongar og diktlesing med Eidfjord Teaterlag og Jon Kjerland

Laurdag 28. desember (4. dag): Toradarspel med Amailie Kinsarvik Tvilde

Sundag 29. desember (5. dag): Tante Pose – juleklassikar – norsk film

Måndag 30. desember (6. dag): Underhaldning med Nina Herland

Tysdag 31. desember (7. dag)  Klokka 16.00 i Daglegstovo:

Trekkspelfest med Egil Johannessen

Onsdag 1. januar 2014: Ljosbilete frå det gamle Eidfjord v/Lars Hoel

            —-

Velkomen !

Stort jubileumsshow i Eidfjord

Foto: LH (illustrasjon) Me vil tru artisten kjem denne vegen på veg til Eidfjord ...
Foto: LH (illustrasjon)
Me vil tru artisten kjem denne vegen på veg til Eidfjord …

For deg som les EidfjordBloggen, kan ein no røpa – ja du er den fyrste i verda som får veta dette, faktisk – at me i haust får vitjing av ein sers kjend artist med sitt jubileumsshow. Truleg vert datoen fredag 29. november, men enno er ikkje dagen fastsatt. Då veit du vel det meiste om dette …. Berre namnet manglar.

Strålande kulturoppleving i vente i Eidfjord

1380140352654I samarbeid med Kulturkontoret og Eidfjord Fjell & Fjord Hotel arrangerer Kulturkomiteen stor Jakob Sande-kveld laurdag 19. oktober. Ein inviterer til ein real heilaftan med middag klokka 18 og førestelling klokka 19. (390 kr.)

Det er musikaren Espen Kversøy og to andre musikarare som kjem til Eidfjord med førestellinga «Frå Sunnfjord til Rio». Eidfjord-kunstnaren Ragnhild Kleivkaas har laga denne strålande akvarellen på tinging frå Kulturkomiteen. Her kan du sjå hennar tolkning av ferda til Jakob Sande i 1932 – frå heimen i Sunnfjord til Rio de Janeiro i Brasil.

Billettane er i føresal på Eidfjord Hotel.

Den gamle Tinnhølbua 100 år i år

Hølabua/Tinnhølbua 15.8.2013
Hølabua/Tinnhølbua 15.8.2013Den gamle Tinnhølbua

(ka skjer?)  Det var for akkurat 100 år sidan i år at dei to gode venane og brørne, Nils L. Høel (1875-1958) og Lars L. Høel (1877-1935) satte opp bua inne ved Tinnhølen. Sidan arva sonane deira, Leif N. Høel (gardbrukaren på Høel) og Leif L. Høel (1922-97) (pressefotografen Drammens-Leif), kvar sin halvpart. Nils og Lars vaks opp saman på garden Høel og vart sers gode venar. Dei gjeta mellom anna 300 sauar i fjellet saman då dei berre var 8-10 år gamle, slikt skapar samhald. Det er skrive ein flott fortelling i DNT-årboka 1929 om oppleving-ane deira som smågutar. Seinare skreiv dei brev til kvarandre meist kvar einaste veke. Då Lars døyde tidleg, i 1935, var Nils i kyrkja. Torfinn Skaar har fortald at det var einaste gong han hadde sett tårane kome hos den staute fjellmannen, Nils. Han var gardbrukar og dreiv Sandhaug Turisthytte i utallige år. Lars budde i Drammen og var eiendomsmeklar. I sumar er det altså 100 år sidan dei to saman bygde bua som no stend som eit minne over dei to.

Forrykande slåsskamp i fjellet?

Farlege fjellkarar med kniv ...?
Farlege fjellkarar med kniv …?

(ikkje så alvarsamt)  Det ser unektleg dramatisk ut dette biletet der to karar ser ut til å vera i ein gamaldags slåsskamp i ei fjern fortid. Det er to rufsete karar, kan hende fjellfolk inne på Vidda, og kniven er komen opp …… Men nei, biletet lyv. For dette er den kjende pressefotografen frå Uvdal, Johan Brun, og hans kollega, Leif, i Dagbladet. Dei to var sers gode venar og kollegaer gjennom mange tiår.

Johan Brun (f. 1922) gjeng følgeleg i sitt 91. år, men er sers oppegåande. Nyleg var han festivalkunstnar under markeringa av Middelalderuka i Numedal/Uvdal då han opna ein utstilling med eigne foto. Nyleg ga han og Gunnar Glesne ut boka «Smådøl» om livet og historia til sæterdalen. Det finnes også ein fotobok om Bruns flotte bilete, som utkom for nokre år sida.

Dikta i Jacob Sande-førestellinga 19. oktober

(ka skjer?)  Når hauststormen ular og temperaturen nærmar seg 0, ja då sit du lunt og triveleg inne på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel for å få deg ein kulturell heilaften med torettars middag og ein flott opptreden. Ein startar klokka 18 med bakt potet med vilttilbehør og tricolor-dessert. Klokka 19 gjeng Kjetil Kversøy og hans musikare i gang. Førestellinga er basert på Sandes diktsamling «Frå Sunnfjord til Rio», som omhandlar året han var til sjøs med «Villanger» i 1932. Det vert altså ikkje ein kavalkade over dei mest kjende Sande-dikta.

Her finn du oversikten over dikta me får høyra. Kversøy har sjølv satt musikk til fleire av dei. 1. Vesle Daniel, 2. Du er min Los, 3. Ord over grind (Haldis Moren Vesaas), 4. Deikjen, 5 Sundagsmorgon i hamn, 6. Bendik Båssmann, 7. Song under Sudkrossen, 8. Senorita, 9. Oxdragarsong (Evert Taube), 10 Copacabana (Kversøy), 11. Når du vert gamald, 12. Skymningslandet, 13. Då Gud heldt fest i Fjaler

Billettsalet til Jakob Sande-førestellinga er i gong 1. juli

thumbnail[8](ka skjer?)  Kulturkomiteen i Eidfjord arrangerer i samarbeid med Eidfjord Fjell & Fjord Hotel og Kulturkontoret i kommunen ein haustleg heilaftans kulturkveld laurdag 19. oktober. Kven dei kring 80 heldige personane er som får plass i salen, medan austavinden herjar utanfor denne haustlege kvelden, er ukjent. Men me kan ikkje tru anna enn at det vert ei spesielt flott kulturoppleving. For det bryggjer opp til Jakob Sande-feber i bygda no når Ketil Kversøy og hans to musikarar kjem til Eidfjord med førestellinga “Frå Sunnfjord til Rio”.

Jakob Sande drog til sjøs med “Villanger” i 1932, og sjømannslivet gjorde eit sterkt inntrykk på sunnfjordingen. På bakgrunn av opplevingane skreiv han mange flotte dikt, som Kversøy no har sett musikk til. Difor vert ikkje dette ein kavalkade over dei aller mest kjende dikta til Sande, men ein får eit strålande høve til å gjera seg meir kjend med diktaren. Mellom anna får ein høyra “Båssmann”, eit dikt komponisten og musikaren Kversøy set serleg høyt.

Det vert ein verkeleg heilaftan på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel denne laurdagen, for publikum varmar opp med torettars middag før dei får servert ramsalte dikt frå Jakob Sandes hand – formidla av Ketil Kversøy og hans musikarar. Billettsalet er i gang.

Jakob Sande vart fødd den 1. desember 1906 på Klokkargarden i Dale, og døydde den 16. mars i 1967 på Ullevål sjukehus. Foreldra var Andreas Sande og Ragna Margrethe f. Barsnes. Han gifte seg i 1942 med Solveig Ytterlid, og dei fekk dottera Siri i 1943. Sande var lærer, men fyrst i 1963 tok han avgjerda om å slutta lærargjerninga og satsa fullt og heilt på diktinga. Han fekk då eit arbeidsstipend på 15 000 kr. I ettertid kan me sjå at dette var for seint. Han var alt mykje plaga av sjukdom, og berre fire år seinare døydde han på Ullevål sjukehus.

Kulturkomiteen (tidlegare Eldrekulturkomiteen) har sidan 2007 arbeidd med å skapa arrangement for dei eldste i bygda, ikkje minst på Bygdaheimen, men frå tid til anna trår ein også til med noko større arrangement for vaksne og for godt vaksne, og denne gongen skjer det altså i samarbeid med Eidfjord Fjell & Fjord Hotel og Kulturkontoret i kommunen.

Ketil Kversøy kjem til Eidfjord med Jakob Sande-førestelling

bilde[1]Stor Jakob Sande-førestelling i Eidfjord

(ka skjer?)  Laurdag 19. oktober vert ein spesiell dag for mange eidfjordingar. Då vert det nemleg framført ei særs spanande Jakob Sande-førestelling. Sande har eit stort namn blant mange bygdefolk, for diktaren har vore ein del av vestlandskulturen for mange vaksne gjennom mange år. Dikta hans er vidgjetne for så mangt; dei kan vera muntre, underfundige og alvorsame.

Jakob Sande vart fødd den 1. desember 1906 på Klokkargarden i Dale i Sunnfjord og døydde den 16. mars i 1967 på Ullevål sjukehus. Foreldra var Andreas Sande og Ragna Margrethe f. Barsnes. Han gifte seg i 1942 med Solveig Ytterlid, og dei fekk dottera Siri i 1943. Sande var lærer, men fyrst i 1963 tok han avgjerda om å slutta i lærargjerninga og i staden satsa heilt på diktinga. Han fekk då eit arbeidsstipend på 15 000 kr. I ettertid kan me sjå at dette var for seint. Han var alt mykje plaga av sjukdom, og berre fire år seinare døydde han.

Det er musikaren Kjetil Kversøy og hans to musikarar som kjem til Eidfjord for å gje oss førestellinga «Frå Sunnfjord til Rio» denne haustlege laurdagskvelden. Kversøy har sett ny musikk til Sandes dikt som tek utgangspunkt i det året diktaren var til sjøs med «Villanger» i 1932. Førestellinga har tidlegare vore vist på Det Norske Teateret i Oslo. Ein gjer merksam på at førestellinga ikkje er ein kavalkade over dei mest kjende dikta til Sande.

Diverre er det avgrensa plass på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel, men me vonar at dei aller mest interesserte Sande-tilhengjarane raskt skaffar seg billettar, for her må ein rekna med pågang også frå folk frå fjorden. Det vert førehandssal av dei kring 80 billettane på hotellet frå ca. 1. september.

Det er Kulturkomiteen (tidlegare Eldrekulturkomiteen) som er arrangør i samarbeid med Eidfjord Fjell & Fjord Hotel og Kulturkontoret, Eidfjord kommune.

Nærmare informasjon om førestellinga og billettsalet kan ein få fylgjande stader:

EidfjordBloggen,: http://www.eidfjordbloggen.isay.no

Facebook: Kulturkomiteen

Twitter: @Kulturkomiteen

Instagram: Kulturkomiteen

Eidfjord Fjell & Fjord Hotel: www.effh.no

 

 

Jakob Sande-kveld laurdag 19. oktober

(ka skjer?)  Jakob Sande (1906-1967) har ei sers høg stjerna i Eidfjord og Hardanger. No har Kulturkomiteen bilde[1](tidlegare Eidfjord Kulturkomite) tatt avgjerda om å skipa til ein kulturkveld med Jakob Sande i hovudrolla. Det er Ketil Kversøy saman med to andre musikare som vil prsentere førestellinga «Frå Sunnfjord til Rio». Enno er ikkje alt avklart, men det ser ut som ting skal gå i orden. Me kjem attende med meir informasjon.

Hoffnarren i Eidfjord

"Hoffnarr" av Frode Mikal Lilli Und
«Hoffnarr» av Frode Mikal Lilli Und

(Ka skjer?)  Ja det kan jo vera mange meinanger om kven ein slik narr kunne vera, men i denne samanheng er det no berre ein einaste  narr, Hoffnarr-skulpturen, laga av Frode Mikal Lilli. Und. Det er kome på plass fleire flotte skulpturar i regi av Kulturkontoret utanfor kommunehuset denne våren. Den som tek seg tid, vil få ei god oppleving ved å studera dei.

Herreklubbens Arne Ramsdal er 80 år ung i dag!

Arne i arbeid med plakatopphenging før Herreklubbens Sputnik-arrangement i juni 2012
Arne i arbeid med plakatopphenging før Herreklubbens Sputnik-arrangement i juni 2012

(ka skjer?)  Herreklubben vart starta for halvanna års tid sidan, og Arne Ramsdal har vært ein entusiastisk deltakar frå oppstarten. Tenk at mannen er 80 år ung. Kven skulle tru det? Arne er sprek og vital, og det er alltid ei glede å treffa på han i bygda, for han er alltid i godt humør med ein god kommentar på lur. Truleg sit han i dag og ynskjer seg til fjells ein fin sumardag, for fjellet er viktig for jubilanten. Men i staden for vert det triveleg feiring med familie og venar på Viltkroa. Gratulerer Arne Ramsdal!

Program for gamalfilm-festivalen (del 1) – laurdag 23. februar 2013

 

Jaktfolk(ka skjer?)  Gå ikkje glipp av filmfestivalen i kinosalen på laurdag!

Me har sers mykje materiale på lager, slik at det er godt høve til å arrangera ein del 2 med gamle filmar og ljosbilete. Sei i frå om du tykkjer det er en god idé.

Gje oss eit tips om du har film eller gamle ljosbilete eller om du veit om andre som har.

Velkomen til hyggeleg laurdag i kinosalen. Sal av kaffe, kaker, loddsalg.

Helsing frå Eldrekulturkomiteen v/ Gunnvor Hopen Veka, Hans Hellevang, Ingebjørg Olsen og Lars Hoel

 

Avdeling 1

14.30   Sal av kaffe, te, kaker, brus

15.00   Opning v/ programleiar Gunnvor

15.05   Innslag 1: Ljosbilete frå 1950-talet, frå fjell og fjord

15.25   Innslag 2: Den raude plastbåten (juni 1959). Frå Nordmannslågen, fjellstemning

15.40   Innslag 3: Jakta (1959). Unike jaktopptak frå Sandhaug-traktane

15.50   Innslag 4: Påsken (1958). Påsketuristar, weaselkjøyring, Rauheller-hytta, Hedlo mm.

16.00   Innslag 5: Flom i Simadal – 1 (opptak frå 1937)

16.10   Innslag 6: Flom i Simadal – 2, (19??)

16.30   Pause, kaffe-/kakesalg

 

Avdeling 2

16.40   Innslag 7: Kjeåsen, film (1967)

17.25   Innslag 8: Allan Handly filmar i Eidfjord (1936), Vik, Måbødalen, Fossli

17.35   Innslag 9: Fjordparadiset, turistreklame (1955), Vidda, Sysendalen, Måbødalen

17.40   Innslag 10:  Vøringfossen (1968)

18.00 Slutt

Eidfjiord Filmfestival laurdag 23. februar

Madli-og-Helge-StavanesGamalafilmkveld i Kultursalen Eio

(ka skjer?)  Det bryggjar no opp til at det vert gamalfilmkveld laurdag 23. februar. I fjor hadde me noko tilsvarande på Bygdaheimen, og me erfarte då at det var stor interesse for desse filmane. Dermed lova me å freista å få til ei ny visning ein plass i sentrum, og denne gongen har me meir å by på. Fylgj med her på EidfjordBloggen for nærare informasjon om klokkeslett og program.  Me arbeidar med programmet. Har du ein film du tykkjer lyt vera med? Ta kontakt med Gunnvor Hopen Veka,, Ingebjørg Olsen, Hans Hellevang eller Lars Hoel snarast.

Eldrekulturkomitéens romjulsprogram på Bygdaheimen – Jula 2012

Tysdag 25. 12. – 1. juledag: Songstund med familien Vestli

Onsdag 26.12. – 2. juledag: Gamle, kjære julesongar m/ sangtrioen

Torsdag 27.12. – 3. juledag: Arr. i regi av Eldreråd/Bygdaheimen Benedicte Maurseth

Fredag 28.12. – 4. juledag: Lysbilete om fjordhesten m/Jenny

Laurdag 29.12. – 5. juledag: Gamal film med Eidfjord-tema m/ Lars

Sundag 30.12. – 6. juledag: Per Sivles dikt og liv m/ Mary og Lars

         Mondag 31.12. – Nyttårsafta: Gamal julefilm “Tante Pose”

Tysdag 1.1. – Fyrste nyttårsdag: Underhaldning med Nina

Med førbehald om endringar i programmet. Dei fleste arrangementa vert i spisesalen kring klokka 16.15

God Jul!